100 demonstrerte for at politikarane skal ta klimatrugsmålet meir alvorleg

– Me står no midt oppe i ein intellektuell revolusjon. Miljøet vårt blir trekt inn både i samfunnsvitskapen og i humanistiske fag. Og det har skjedd veldig fort, sa professor i sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen i ein appell under klimademonstrasjonen på Frederikkeplassen på UiO i dag.

Ein mann går forbi ei menneskeremengde

MÅ SKIFTA UT BESTIKKET:  – Men no er festen over, og det har den vore ei stund. Så no er det ikkje berre på tide å ta oppvasken, men å skifta ut bestikket, slo Thomas Hylland Eriksen fast på ein klimademonstrasjon på Blindern i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

For andre gong arrangerte klimaengasjerte studentar og forskarar på UiO ein demonstrasjon mot det dei meiner er politikarane si manglande handlekraft i arbeidet med å bremsa og stansa klimaendringane. Ein av initiativtakarane. SUM-student Jonas Kittelsen var nøgd då det dukka opp 75 personar på den første markeringa den 6. april. I det nydelege vårveret i dag deltok rundt 100 studentar, forskarar og andre tilsette på UiO.

– Eg er ein sint og opprørsk forskar

Mellom dei var også viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit Mette Halskov Hansen. Ho er akkurat no i ein Equinor-debatt i Uniforum med mellom andre informatikkprofessor Maja van der Velden, og sistnemnde var den andre forskaren som heldt appell under demonstrasjonen. Ho tok utgangspunkt i den omdiskuterte akademia-avtalen UiO har inngått med Equinor.

TEKNOLOGIFIKSING: – Eg kan forsikra dykk om at det ikkje finst noko teknologifiksing som kan stansa klimaendringane eller katastrofen for biomangfaldet, sa Maja van der Velden i sin appell under klimademonstrasjonen på Blindern i dag. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg er ein sint og opprørsk forskar. Først og fremst fordi vitskapen er klar, medan politikarane nektar å handla. Men også fordi Universitetet i Oslo hjelper til med å grønvaska oljeindustrien ved å ta imot pengar til forsking frå eit selskap som snakkar om klimaet, men gjer lite med det. Eg er sint fordi me ikkje vil klara å hindra at det skjer ei oppvarming på over 1,5 grader på jorda, slo ho fast.

Maja van der Felden viste til at vitskapen er klar på kva som vil skje om verdssamfunnet ikkje klarer det målet.

– Finst inga teknologifiksing som kan stansa klimaendringane

– Me ser konsekvensane allereie no, brannar og flaumar, sist no i Sør-Afrika, Australia og i USA. Forskinga mi ser på forholdet mellom teknologien og samfunnet. Eg har lese masse om teknofiksing som til dømes CCS eller karbonlagring, BECCS eller bioenergikarbonlagring, og endå farlegare klimafiksing eller geoengineering som går ut på å intervenera i  det globale klimasystemet. Eg kan forsikra dykk om at det ikkje finst noko teknologifiksing som kan stansa klimaendringane eller katastrofen for biomangfaldet. Slike teknologiar er viktige forskingsområde, men me veit enno ikkje om dei fungerer, og om dei fungerer, vil dei ikkje fungera raskt nok til å halda oss under ei gjennomsnittleg temperaturauke på 1, 5 grader, understreka ho.

– Ein interessant idé med alvorlege konsekvensar

Maja van der Velden trudde heller ikkje målet om å nå eit universelt nullutslepp av klimagassar innan 2050 vil vera mogleg å oppnå.

– Det var ein interessant idé, men den har alvorlege konsekvensar. Den er farleg fordi det gjer det mogleg å halda fram med det same som før, som til dømes opning av nye oljefelt og leiting etter nye både i Noreg og i resten av verda, peika ho på.

– Ein intellektuell revolusjon

Professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen var i sin appell langt meir optimistisk når det gjeld haldninga til klimaendringane i akademia.

– Me står no midt oppe i ein intellektuell revolusjon. Miljøet vårt blir trekt inn både i samfunnsvitskapen og i humanisttiske fag på måtar som aldri har skjedd tidlegare. Og det har skjedd veldig fort, sa Hylland Eriksen.

NY KVERN: – Våre tankar om økonomisk vekst og det gode liv må kjørast gjennom ei ny kvern og koma ut på den andre sida som noko som kanskje ikkje er heilt ugjenkjenneleg, men ganske forskjellig frå den tida me har levd i, sa Thomas Hylland Eriksen til dei rundt 100 frammøtte på Frederikkeplassen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Som døme viste han til ei lærebok i sosialantropologi som han sjølv skreiv for over 25 år sidan.

– Den siste norske utgåva kom i 2010, så eg tenkte at eg måtte laga ei ny utgåve om den skulle vera nyttig framover, elles vil denne boka lida ein stille død. Eg såg gjennom boka og det som stod om natur, og eg forstod at her var det arbeid som måtte gjerast, mykje meir enn berre å leggja på nokre komma og leggja til nokre nye referansar. Derfor måtte eg skriva eit heilt nytt kapittel om klimaantropologi og omskriva alt som eg hadde skrive om natur tidlegare. Så i løpet av ti år var den boka blitt eit rusta ekko frå ei svunnen tid, fortalde han.

– Me må laga ny kunnskap

Hylland Eriksen var einig med SUM-student Jonas Kittelsen som sa at det ikkje lenger var mogleg å sitja inne på kontora utan å gjera noko.

– Me må laga ny kunnskap og få til ei forandring. Me må ha ein total revolusjon, ikkje berre i akademia på Øvre Blindern, men også i verda der ute. Våre tankar om økonomisk vekst og det gode liv må kjørast gjennom ei ny kvern og koma ut på den andre sida som noko som kanskje ikkje er heilt ugjenkjenneleg, men ganske forskjellig frå den tida me har levd i. Me har levd i den fossile tidsalderen, i kolets tidsalder i 200 år, og det har vore moro, og ført til auka levealder  med økonomisk vekst og masse infrastruktur, idear og fantastiske ting og store prestasjonar. Men no er festen over, og det har den vore ei stund. Så no er det ikkje berre på tide å ta oppvasken, men å skifta ut bestikket, slo han fast.

– Må laga eit miljø der pandaen kan trivast

Og så tok han opp eit anna tema som låg han nært på hjartet, som også indirekte hadde med natur og klima å gjera.

– Du reddar ikkje pandaen ved berre å redda pandaen, du må også laga eit miljø der pandaen kan trivast. Du reddar ikkje døyande språk ved å tilby kveldskurs i det språket for dei som mista det for tre generasjonar sidan. Du reddar språket ved å laga ein økologi for ideane der språket har ein naturleg plass og kan brukast på mange forskjellige område. Tapet av biologisk mangfald og kulturelt mangfald kan me sjå gjennom den same linsa, sa Thomas Hylland Eriksen.

FLEIRE ENN SIST: SUM-student Jonas KIttelsen er blant initiativtakarane til klimademonstrasjonane på Frederikkeplassen. No kan han glede seg over at det var fleire personar på den siste demonstrasjonen enn på den første. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Om tre veker blir det ein ny klimademonstrasjon på Frederikkeplassen. Målet til arrangørane om å fylla heile plassen med folk er enno ikkje oppnådd, sjølv om det var rundt 30 personar fleire denne gongen enn under den første demonstrasjonen den 6. april.

 

• Les meir om klima i Uniforum: 

Etterlyser flere samfunnsvitere inn i klimaforskningen - mener det trengs alternativ til FNs klimapanel

Forskarar og studentar med klimaprotest mot politikarane på Blindern

Derfor passer ikkje hjemmekontor som klimatiltak på UiO

Professor: Nedgangen i klimautslippene må komme før 2025

Klimarapporten: – Et nytt søkelys på gjennomgripende samfunnsendringer

FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer

 

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. apr. 2022 16:40 - Sist endra 20. apr. 2022 20:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere