Forskarar og studentar med klimaprotest mot politikarane på Blindern
– Målet er å fylla heile Frederikkeplassen med forskarar og studentar. Det sa SUM-student Jonas Kittelsen framfor dei 75 som møtte fram på dagens klimademonstrasjon på Blindern.

KLIMAENGASJEMENT: 75 forskarar og studentar vil vekkja klimaengasjement på universiteta nasjonalt og internasjonalt. Her står initiativtakaren, SUM-studenten Jonas Kittelsen (med rutete jakke) saman med mellom andre professor Tanja Winther (i raud kåpe) frå SUM, forskingssenteret som er med på initiativet.
Akademia skal no tydeleg seia frå om kunnskapen sin og kva løysingar dei har på klimakrisa. Det lova forskarane og studentane som deltok i ein felles klimaprotest på Blindern i dag for å få politikarane til å handla og gjera noko med klimakrisa.
Det var Senter for utvikling og miljø på UiO støtta av Studentparlamentet som stod bak markeringa på Frederikkeplassen. Initiativtakarane, SUM-direktør Sidsel Roalkvam og SUM-student Jonas Kittelsen meiner det er på tide å få politikarane til å visa handlekraft i klimasaka.

– Me vil stå opp for dei vitskaplege åtvaringane
Før punktdemonstrasjonen tok til, gjorde student Jonas Kittelsen det heilt klart overfor Uniforum kva som var målet med aksjonen.
– Akademia er jo vernarane av vitskapleg kunnskap og når gapet mellom det vitskapen seier og det politikarane gjer er så stort, kan me ikkje teia stille. Akademia står også i ei særstilling når det gjeld å visa korleis ei ny samfunnsutvikling kan sjå ut, sa han til Uniforum.
Og det er ikkje heilt tilfeldig at dei har valt å leggja den første punktdemonstrasjonen til Frederikkeplassen på Blindern.
– Grunnen er at mange studentar og akademikarar er urolege, men også svært usikre på korleis dei kan gjera noko med saka. Då vil me gå saman om å laga eit lågterskeltilbod saman med profilerte professorar som Dag O. Hessen, Thomas Hylland Eriksen og Arne Johan Vetlesen. Så fekk eg med meg SUM og Studentparlamentet, Derfor er det ingen tvil om at me vil stå opp for dei vitskaplege åtvaringane som no kjem, understreka Jonas Kittelsen.
– Me burde ha følt med dei og handla med dei
Det var SUM-professor Tanja Winther som leier forskingsprogrammett Include, som heldt den første appellen på Frederikkeplassen. Ho tok utgangspunkt i klimaengasjementet til svenske Greta Thunberg og smitteeffekten det fekk på andre ungdommar i verda.
– Mange godt vaksne uttalte at dei syntest det var fint å sjå klimaengasjementet til ungdommen. Nei, det var ikkje fint å sjå engasjementet, me burde ha følt med dei og handla med dei. Det forsøkjer med å gjera noko med i dag og annankvar onsdag framover, lova Tanja Winther.

Ho tok også sjølvkritikk på vegner av sin eigen generasjon.
– Generasjonen eg tilhøyrer burde gå i oss sjølv og sjå kva me har av vilje til å påverka og gjera motstand mot den kraftlause klimapolitikken. Enkelte lever som dei preikar og har slutta å ta fly og kjøpa mat pakka inn i plast. Andre held fram som før, konstaterte ho.
Tanja Winther meinte også at mange av dei som forskar på energi- og miljøspørsmål var for opptatt av den spesifikke forskinga dei held på med.
– Medisinarane engasjerte seg i koronarestriksjonane, sjølv om det ikkje var innanfor deira spesifikke fagfelt. Me har både ein rett og ei plikt til å gå på barrikadane, var oppfordringa hennar.
– Talande for situasjonen i oljelandet Noreg
Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen var den neste forskaren som skulle halda ein appell. Han såg først ut over forsamlinga på 75 personar, før han utbraut.
– Me burde ha vore mange fleire her. Det er talande for situasjonen i oljelandet Noreg. at det framstår som eit mindretal av dei spesielt interesserte som er med på eit slikt arrangement, sa han.

Arne Johan Vetlesen meinte at Universitetet i Oslo måtte leggja til rette for tverrfaglege program der klima- og miljøspørsmål var hovudtema.
– No og til hausten kjem Thunberg-generasjonen av studentar og dei forventar at på eit universitet i Noreg må den krisa me snakkar om stå øvst på alle pensumlister uavhengig av fakultet. Det er ikkje heilt bokstaveleg meint, men det er for å få fram at universitetet må reflektera si tid, og også endra sine faglege prioriteringar, sa Arne Johan Vetlesen.
– Moralsk og økonomisk galskap
I sin sluttappell kom SUM-student Jonas Kittelsen inn på bodskapen frå FNs generalsekretær Antonio Gutierres då FNs klimapanel gav ut sin tredje delrapport på måndag.
– Der viste han til at klimaaktivistar ofte blir framstilte som dei farleg radikale. Men dei verkeleg farlege radikale er dei landa som held fram auken i produksjon av fossilt brensel. Og investering i fossil energi og infrastruktur er moralsk og økonomisk galskap. Det var eit direkte stikk til Noreg, meinte Jonas Kittelsen.
Planen til Senter for utvikling og miljø og studentane er å ha ein punktdemonstrasjon på Frederikkeplassen på Blindern annankvar onsdag i tida framover. Håpet til arrangørane er å starta ei nasjonal og internasjonal protestbylgje i universitetsmiljøa. Og onsdag etter påske er dei klare med ein ny klimademonstrasjon på Frederikkeplassen på Blindern.

• Les meir om klima i Uniforum:
Derfor passer ikkje hjemmekontor som klimatiltak på UiO
Professor: Nedgangen i klimautslippene må komme før 2025
Klimarapporten: – Et nytt søkelys på gjennomgripende samfunnsendringer
FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer
Enig i at det var dårlig oppmøte. Men hvordan har man jobbet med å informere om denne markeringen? Selv var det en tilfeldighet at jeg fant ut om den. Man burde benyttet flere kanaler, studentorganisasjoner, fagforeninger etc. Håper de gjør det før neste markering.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere