Jussprofessoren frå UiO passar på at landa etterlever Paris-avtalen

– Det aller viktigaste er at landa gjennomfører det dei allereie har blitt einige om. Det seier jussprofessor og klimaekspert Christina Voigt frå UiO før klimatoppmøtet startar i  Egypt 6. november.

Portrett av ei kvinne på ein talarstol

UEINIGE I TIL KVA MÅL: – No er dei allereie i gang med forhandlingane om eit nytt globalt finansieringsmål, og det er meininga at dette 100 milliardar-målet skal aukast, men landa er ueinige i til kva mål.

Foto: Det juridiske fakultetet, UiO

Sundag 6. november startar klimatoppmøtet (COP27) i Sharm el-Sheik i Egypt. Det blir første gong verdas leiarar kjem saman for å drøfta kva tiltak dei skal setja i verk mot klimaendringane sidan klimamøtet i Glasgow for eitt år sidan.  Både statsminister Jonas Gahr Støre, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Anne-Beathe Tvinnereim vil vera på plass under deler av møtet. Klimatoppmøtet skal halda på i elleve dagar.

Med dagens nivå på klimautsleppa ligg verda an til å nå ein gjennomsnittleg temperaturauke på 2,5 grader fram til 2050, eit stykke bak  det  mest ambisiøse målet på 1,5 grader, men også det lettare oppnåelege nivået på å halda auken til vel under  2 grader.

Dette skjer på klimatoppmøtet i Sharm el Sheikh i Egypt:

Møtet blir kalla COP 27 fordi det blir arrangert det 27. året på rad. Det startar sundag 6. november og held på fram til 17. november.

197 land deltar.

Frå Noreg stiller både statsminister Jonas Gahr Støre, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Møtet startar med ei samling av regjeringssjefar.

Fattige land har varsla at dei vil gå vidare på kravet om ei ny ordning for  kompensasjon for  naturkatastrofar.

Ein rapport frå FN viser at me går mot ei oppvarming på 2,5 grader og at utsleppa vil vera 10,6 prosent enn dei var i 2010. 

Kun 39 av 194 land har stilt sterkare krav til seg sjølve når det gjeld klimalovnadene. Noregs statsminister Jonas Gahr Støre lova torsdag 3. november at Noreg skal  ha redusert utslepp av klimagassar med 55 prosent, opp frå 50 prosent i 2030.

Dersom klimamåla i Paris-avtalen skal nåast, må investeringane i rein energi doblast til 4000 milliardar dollar i 2030, melder verdas energibyrå (IEA).

-Tidskriftet Lancets  Countdown-rapport peikar på at klimaendringar trugar helsa til stadig fleire menneske.

-Dersom verda skal nå målet på 1,5 grader global oppvarming, vil det ikkje vera rom for ny fossil energi. Det melder International Institute for  Sustainable Development (IISD).

(Kjelder: FNE24, NRK, regjeringa )

Jussprofessor Christina Voigt på Universitetet i Oslo har lenge vore ein del av Noregs delegasjon. Ho deltok blant anna under klimamøta i København og Paris. Denne gongen deltar ho i Egypt fordi ho er leiar for ein komité som har som oppgåve å sjå korleis landa etterlever sine forpliktingar under Paris-avtalen. Derfor er ho heilt klart på kva som blir det mest essensielt å få fram på møtet.

– Det aller viktigaste er at landa gjennomfører det dei allereie har blitt einige om. Det egyptiske vertskapet prioriterer også å få dei naudsynte tiltaka og finansieringa på  plass på bakken i landa, og ikkje berre på det internasjonale overordna nivået, seier ho til Uniforum. 

Under møtet i Paris i 2015 blei landa mellom anna einige om at dei industrialiserte landa skulle bla opp 100 milliardar dollar som skulle brukast til å finansiera klimatiltak i land i den tredje verda. 

– Skal bli einige om arbeidsprogram for utsleppsreduksjon

Christina Voigt kjem også inn på det ho trur blir den viktigaste oppgåva for Noreg å få til  semje om på møtet.Ho kjem inn på dei fire topp-prioriterte område ikkje berre for Noreg, men for heile verda. 

– Det første er å få til eit godt arbeidsprogram for utsleppsreduksjon, og ein skal bli einige om korleis dette arbeidsprogrammet skal sjå ut.  Det er svært viktig, for det er desse forhandlingane som skal heva opp ambisjonane om korleis ein skal bli einige om å gjennomføra det som dei er blitt einige om, fortel ho.

Christina Voigt peikar på at så langt har landa enno ikkje blitt einige om korleis eit felles arbeidsprogram skal sjå ut og kor lang tid det skal vara.

– Det er eit viktig element frå Egypt i år, konstaterer ho. 

Christina Voigt peikar også ut tre andre viktige tema. 

– Det andre er eit globalt mål for tilpassing, noko som er særleg viktig for afrikanske statar. Det er eit mål som statane må bli einige om.  Det tredje er eit nytt globalt finansieringsmål. Me veit at 100 milliardar dollar-målet enno ikkje er nådd. Det kan ein jo prøva å få til, nemner ho. 

– Nytt globalt finansieringsmål

Christina Voigt peikar på at landa no ynskjer å sikta endå høgare.

– No er dei allereie i gang med forhandlingane om eit nytt globalt finansieringsmål, og det er meininga at dette 100 milliardar-målet skal aukast, men landa er ueinige i til kva mål.  Det fjerde punktet er tap på skade, og skade som fylgje av klimaendringane, ein agenda som blir særleg driven av små øystatar som er dei  mest sårbare. Der ser ein på institusjonell struktur for å ta dette opp, men også på finansiering rundt tap og skade, fortel Christina Voigt.

– På kva måte har du som forskar vore inne i desse klimaforhandlingane?

– Eg skal til Egypt, men ikkje som forskar. Eg har ein formell posisjon i forhandlingane der eg er leiar for det som blir kalla for Paris-avtalen sin etterlevingskomité. Det skal bli vedtatt eit regelsett for korleis denne komiteen skal fungera. Det fylgjer eg svært tett.

Drøfta jussen som reiskap for å påverka samfunnsendringar

I byrjinga av oktober leia jussprofessor Christina Voigt ein svær konferanse om internasjonal miljørett på Det juridiske  fakultetet på UiO. Konferansen blei organisert saman med Verdskommisjonen for miljørett (opprettaunder verdas eldste miljøvernorganisasjon – IUCN), som ho leier. Programmet og video fra konferansen finst her.

– Hovudtemaet var korleis jussen kunne påverka gjennomgripande samfunnsendringar som må på plass for å kunna ta tak i dei store miljøutfordingane, klimaendringane, tap av biologisk mangfald og global forureining.

 Christina Voigt meiner det viktigaste var å bringa ulike samfunnsaktørar med juridisk bakgrunn saman for å drøfta desse utfordringane og løysingane.

– Kva er rettens rolle i å koma i gang med desse samfunnsendringane. Jussen er jo eit svært sentralt styringsinstrument i samfunnet. Det blei fire dagar med intense diskusjonar rundt desse tema.  Me har sett på desse problema frå ulike vinklar. Det som kom ut av det var kanskje ei betre forståing av kor viktig dette er, fortel Christina Voigt.

– I dag er det mykje fokus på vitskap og politikk, og også det er viktig. No har me sett ei bylgje av domstolar som har blitt involverte i klimaspørsmål, og då kjem rettsleggjering av rettsvesenet og kor mykje det har å seia inn som heilt sentrale spørsmål utan at det er blitt diskutert i stor grad. Og det var det som var hovudformålet med den konferansen, fortel Christina Voigt. 

– Utslepp kan vurderast som eit menneskerettsbrot

I Nederland har brasilianske miljøaktivistar fått medhald i å setja i gang ei rettssak mot Hydro for miljøøydeleggingar i Amazonas i samband med produksjon av aluminium.  Er det eit døme på kva me kan venta oss?

– Nettopp. Det er mange ulike dommar både i Noreg og mange andre stader i verda. Det handlar ikkje berre om involvering av domstolar,  men også om lovgjeving. Kva lovar  har me for å  ta vare på naturvern og klima og korleis blir dei gjennomført og sette i verk i det nasjonale rettssystemet. Men også om når og under kva omstende dei kjem opp for domstolen, og kva er domstolen sin refleksjon og avgjerder i desse sakene.

– Kan det bli eit problem for Noreg som oljeproduserande land i framtida, viss det viser seg at dei kan skulda på utslepp frå  olje og gass som drivarar av klimaendringane i andre land?

– Ja, det gjenstår å sjå. Det er eit stort spørsmål å sjå i kva grad Norges bidrag til klimaendringane, både dei nasjonale og dei eksporterte utsleppa kan vurderast som eit menneskerettsbrot, når det gjeld retten til liv. No ligg to slike saker i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Dei er enno ikkje avgjorde, men er framleis under behandling.  Me veit ikkje kva domarane vil seia om dette, men det kan potensielt har mykje å seia for den norske olje- og gass-sektoren, varslar ho.

• Les meir om klima i Uniforum: 

100 demonstrerte for at politikarane skal ta klimatrugsmålet meir alvorleg

Etterlyser flere samfunnsvitere inn i klimaforskningen - mener det trengs alternativ til FNs klimapanel

Forskarar og studentar med klimaprotest mot politikarane på Blindern

Derfor passer ikkje hjemmekontor som klimatiltak på UiO

Professor: Nedgangen i klimautslippene må komme før 2025

Klimarapporten: – Et nytt søkelys på gjennomgripende samfunnsendringer

FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer

 

Emneord: Klima, Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere