– Me må vera med på å skapa fleire forskingsintensive universitet i Afrika

 – Samarbeidet skal gå føre seg mellom tre universitet frå  tre europeiske land og tre universitet frå tre afrikanske land, fortel rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka ved UiO etter eit møte i Sør-Afrika.

To menn med briller sit i eit auditorum

SAMARBEID: Afrikanske og europeiske universitet skal samarbeida for å skapa fleire forskingsintensive universitet i Afrika. UiO-rektor Svein Stølen er styreleiar for The Guild og i Cape Town møtte han Barnabas Nawangwe som er styreleiar for den afrikanske universitetsalliansen ARUA og rektor ved Makerere University i Uganda. 

Foto: ARUA

I 2020 publiserte den europeiske universitetsalliansen The Guild og African Research University Alliance)   (ARUA) eit felles konseptnotat «Confronting our Common Challenges» som presenterte ei ny tilnærming for å styrkja Afrikas kapasitet innanfor forsking, innovasjon og høgare utdanning. Arbeidet munna ut av eit to år langt samarbeid med å utvikla eit kunnskapsgrunnlag, som med idear frå dette samarbeidet skulle sikra langsiktig og berekraftig samarbeid.

Dette er ARUA:

The African Research Universities Alliance (ARUA) blei danna I Dakar I mars 2015

-16 av dei leiande afrikanske universiteta blei medlemar

-målet er å auka kvaliteten på forskinga utført i Afrika av afrikanske forskarar

- alliansen skal utvikla lokal, framifrå forsking gjennom samarbeid for å finna løysingar på utviklingsproblema i Afrika.

- ARUA skal også bli eit panafrikansk nettverk for å bringa framifrå forsking og akademisk arbeid fram gjennom heile regionen ved å utvikla sterke og varierte forskingsuniversitet.

- styreleiar er Barnabas Nuwangwe, rektor ved Makere University i Uganda

- generalsekretær er Ernest Aryeetey

Aktuelt: ARUA og The Guild arbeider for å etablera samarbeid mellom tre ulike europeiske og tre ulike afrikanske universitet i kvar gruppe.

ARUAs hovudkvarter:,Accra, Ghana,

(Kjelder: ARUA, The Guild, Svein Stølen og Åse Gornitzka)

Dette er The Guild:

The Guild of European Research Intensive Universities

Danna i 2016 med 9 medlemsuniversitet, i dag har alliansen 21 medlemar

Dei første ni medlemane: Universiteta i Oslo, Bologna, Glasgow, Göttingen, Groningen, Krakow (Jagiellonian), Tübingen, Uppsala og Warwick.

I dag er også desse universiteta blitt med: Universiteta i Wien, Ljubljana, Tartu, Aarhus, Bern, Ghent, King’ s College, UCLouvain,  Babeș-Bolyai University, Université de Paris, Radboud University og Pompeu Fabra University.

Tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen var den første styreleiaren

Styreleiar i dag: Svein Stølen, Universitetet i Oslo

Generalsekretær: Jan Palmowski. Kjem frå University of Warwick, England, der han er historieprofessor og tidlegare prorektor. Studerte ved University of York og University of Oxford.

The Guilds hovudkvarter: Brussel, Belgia

(Kjelder: The Guild, University of Warwick og Uniforum) 

 

 

Nokre dagar før klimamøtet starta i Sharm el-Sheikh i Egypt, var universitetsleiarar frå Afrika og Europa samla i Cape Town i Sør-Afrika.  Der  deltok  rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka ved Universitetet i Oslo frå  Noreg. Saman med dei andre universitetsleiarane diskuterte dei korleis det akademiske samarbeidet mellom universitet i Afrika og Europa skal organiserast og gjennomførast og ikkje minst korleis dette kan koplast til den nye og ambisiøse  felles innovasjonsplanen til Den afrikanske unionen (AU) og EU (AU-EU innovation agenda) som legg stor vekt på forsking.

– Ei naturleg oppgåve for The Guild

UiO-rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka peikar overfor Uniforum på at The Guild sitt arbeid med dette  blei tatt under eit møte på Universitetet i Oslo.

– Det skjedde på eit møte i nord-sør-utvalet i The Guild  i Kollegieværelset i Urbygningen i sentrum i 2018. Og me hadde  med oss både organisasjonen og den naudsynte kontakten med dei forskingsintensive universiteta i Europa. Så tenkte me at nord-sør-dimensjonen også ville vera ei naturleg oppgåve for The Guild. Då fekk me sett ned ei arbeidsgruppe som også hadde representasjon frå Afrika, fortel Åse Gornitzka.

Svein Stølen er opptatt av at utfordringane dei såg, blei omforma til ein tydeleg politikk. Han trekkjer fram arbeidet til pedagogikkprofessor Peter Maassen.

– Peter Maassen presenterte  kunnskapsgrunnlaget i februar 2020, medan ei erklæring som gjekk ut på at me skulle stå saman om dei mange utfordringane som er felles mellom Afrika og Europa blei presentert nokre månader seinare, seier rektor Svein Stølen, før han gir ordet tilbake til Åse Gornitzka

–The Guild i og ARUA  er på mange måtar parallelle universitetsalliansar og samarbeidet mellom dei to alliansane  er eit godt utgangspunkt for å involvera oss i dei forskingspolitiske sprøsmåla som  må reisast, konstaterer ho.

– Mangel på karrierevegar

Sidan The Guild og ARUA allereie hadde eit samarbeid, blei det lettare å kunna presentera modellar for samarbeid i EU-systemet.

HØGARE PÅ AGENDAEN: – Me trur at me har bidratt til at høgare utdanning i  Afrika er sett høgare på agendaen både for EU og Den afrikanske unionen, seier prorektor Åse Gornitzka. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Det har gjort oss meir effektive når me har snakka med dei politiske aktørane i EU og i Den afrikanske unionen, seier prorektoren.

Så trekkjer ho fram eit faktum som er blitt eit stort problem for landa i Afrika.

– Me ser at det ved dei fleste universiteta er mangel på karrerevegar, særleg for forskarar i den yngre delen av karrieren. Infrastrukturen er ofte heller ikkje godt nok utvikla.  Derfor må me vera med på å skapa fleire forskingsintensive universitet på det afrikanske kontinentet, slår ho fast og peikar på at det er vårt nabokontinent.

– Og ser me på demografien, så er det heilt tydeleg kva kontinent som vil få den yngre generasjonen, legg ho til.

– Litt utdatert

Etter hennar meining har forskingsprosjekt i samarbeid med Afrika vore viktige og gode, men ho meiner dei må vidare og sikra at universitetssamarbeidet er betre forankra lokalt  og kan gi eit meir langsiktig og føreseieleg bidrag.

– Det verdsbiletet som har lege til grunn for samarbeidet med afrikanske institusjonar, er blitt litt utdatert.  Diskusjonane i arbeidsgruppa tok litt tid, seier ho.

– Men etter masse idémassasje over mange møte kom me fram til ein modell for å samarbeida betre.  Me har vore i dialog med  dei ulike generaldirektorata i EU som driv med forsking, utdanning og internasjonalt. Me trur at me har bidratt til at høgare utdanning i  Afrika er sett høgare på agendaen både for EU og Den afrikanske unionen. Me er veldig glade for  den felles innovasjonsagendaen mellom AU og EU (AU-EU innovation agenda), fortel ho.

Kort tid etter kunne dei spikra nokre plankar fast i forskingssamarbeidet mellom europeiske og afrikanske universitet.

– Då kom det nokre verkemiddel og moglege finansieringskjelder for den typen samarbeid. Aller mest utviklar me no eit sett med institusjonar som forpliktar seg til å gå inn på eit langsiktig og multilateralt samarbeid, altså ikkje berre eitt universitet og eitt anna, men at me får eit samarbeid mellom ein klynge med institusjonar rundt spesifikke tema, seier ho.

Vil etablera klynger for framifrå forsking

UiO-rektoren er svært nøgd med dette.

 – Nokre av dei instrumenta som no er føreslåtte, er i nokon grad henta frå innspela våre, til dømes å etablera klynger for framifrå forsking. Tanken er at samarbeidet skal gå føre seg mellom tre universitet frå  tre ulike europeiske land og tre universitet frå tre ulike afrikanske land. Så skal det samarbeidast langsiktig. 70 prosent av afrikanarar som tar doktorgrad i Vesten vender i dag ikkje tilbake fordi det ikkje er karrieremoglegheiter eller infrastruktur i heimlandet, understrekar han.

Svein Stølen er no styreleiar for The Guild og i Sør-Afrika møtte han og prorektor Åse Gornitzka også leiaren for ARUA, Barnabas Nuwangwe, Makerere University, Uganda.

 

30 UNIVERSITET: Då universitetsleiarar frå Afrika og Europa nyleg møtte kvarandre i Cape Town i Sør-Afrika, var 30 universitet representerte. (Foto: ARUA)

– Dette er langsiktig arbeid. Møtet i Sør-Afrika er det aller første fysiske møtet mellom rektorarar frå ARUA og The Guild og til saman var 30 universitet representerte. Men dette handlar om  meir enn ARUA og The Guild, dette er generelle verkemiddel for samarbeid mellom  EU og Afrika, slår han fast.

 

– Skaper grunnlag for å laga meir berekraftige forskingsuniversitet

Åse Gornitzka trur det  gode oppmøtet i Sør-Afrika var veldig viktig.

– For det viser den reelle interessa. Det er ikkje berre snakk om å søkja ekstern finansiering, men at det er noko som det blir satsa på og at det blir lagt tid og ressursar inn i samarbeidet. Dette er ein måte å få institusjonar til å samarbeida med kvarandre på langsiktig utan å vera avhengige av ein eller to personar. Sjølv om nokon byter arbeidsplass, vil ikkje prosjektet forsvinna ut av universitetet sidan det er forankra institusjonelt. Det skapar grunnlag for å laga meir berekraftige forskingsuniversitet, seier ho.

Svein Stølen vender tilbake til hovuddiskusjonane i Sør-Afrika, og han har notert seg at universitetsleiarane i Afrika var opptatt av  fire hovudtema for AU-EU-samarbeidet.

– Det er grøn omstilling, det er offentleg helse, vitskapleg kapasitet og innovasjon og teknologi, listar han opp.

Stølen viser til at dei også var opptatt av korleis desse tema kunne bli lokalt forankra og integrerte. Både språk og kunnskapen og involveringa frå urfolk var store tema. Så dette tykkjer han var verdibaserte diskusjonar.

– Viktigast av alt var kanskje diskusjonane rundt kva dei likeverdige partnarskapa me ynskjer oss, har å seia i praksis, understrekar han.

– Elefanten i rommet

– Universiteta i Sør-Afrika er på nivå med mange av dei europeiske universiteta. Kva gjer de for at dei europeiske universiteta berre plukkar seg ut dei sørafrikanske universiteta som samarbeidspartnarar?

– Det var elefanten i rommet, men det var absolutt ein elefant som det blei snakka om, hugsar Gornitzka.

– Likeverd er også eit spørsmål mellom institusjonar i sør. Og samtidig ser mange mot sør-afrikanske universitet, kanskje fleire enn det er plass til. Dei spelar ei viktig rolle som nav i den delen av Afrika som ikkje er franskspråkleg. Dei spelar også ei viktig rolle i kunnskapssystemet, ikkje berre i Sør-Afrika, men på heile kontinentet. Det å ha med seg sør-afrikanske institusjonar inn i dette her er kjempeviktig fordi då trekkjer me også med oss dei andre institusjonane som kanskje har ein lengre veg å gå for å bli robuste og forskingsintensive institusjonar. Så det skal ikkje gå an å driva med kirsebærplukking av institusjonar. Samtidig er dette eit langdistansesamarbeid, understrekar ho.

– AU og EU skal møtast i Nairobi

Begge synest samarbeidet no har kome eit steg vidare etter møtet i Sør-Afrika.

– Ja, absolutt, seier dei. Og Stølen held fram.

 – No tenkjer eg at det er klare tankar om korleis me skal gå vidare, seier han.

– Så er det ein del instrument i EU allereie. AU og EU skal ha eit møte i Nairobi den komande veka. Då skal ein diskutera korleis ein set økonomiske insentiv inn på dette og kva dei går ut på. Me må jobba vidare på det politiske og diskutera det vidare med Norad og med andre norske universitet. Når det gjeld det praktiske, er det nokre av våre fagmiljø som koplar seg til fagmiljøa ved desse universiteta, fortel han.

Ventar utforming av meir konkret samarbeid i mars

Spørsmålet om kva universitet som skal samarbeida med kvarandre har dei enno ikkje eit klart svar på.

– Noko av det må nok bli konkurransebasert. Elles går det an å gå inn på mindre prosjekt. Men det er nokre av universiteta i ARUA som har senter for framifrå forsking, og det vil vera mogleg å begynna med eit samarbeid med dei, trur Stølen.

Både rektor og prorektor trur dei skal ha kome langt med utforminga av eit konkret samarbeid allereie i mars.

– Når me har jobba så hardt med å få interessa og desse verkemidla på plass, så må me også respondera på det og ta i bruk moglegheitene. Det er heller ikkje så ofte 17 afrikanske universitetsleiarar møter kvarandre, peikar Åse Gornitzka på.

– At det skal bli likeverd i dette samarbeidet, kan me berre visa gjennom handling. Dette er det beste me kan gjera for å sikra ei berekraftig utvikling, slår Svein Stølen fast.

• Les meir om The Guild og ARUA i Uniforum:  

Europeisk universitetsleiar uroleg for brot på  akademisk fridom

Svein Stølen med i styret for universitetsnettverket The Guild

Stenseth: – Forskingssatsinga i Afrika må også ha med biologisk mangfald

Ber Norad og EU om å hjelpa forskarar i Afrika med å betala for  vitskapleg publisering

– Bygg opp forskinga i Afrika! 

Kristin Braa: UiO kan læra av det globale sør

UiO må hjelpe til, om vi vil at folk fra fattige land skal studere her

DEBATT: Det er påkrevd med et retningsskifte i kunnskapspolitikken mellom EU og Afrika

Helseinformasjonssystem utviklet på UiO redder liv i Tanzania

UiOs største prosjekt når 30 prosent av jordens befolkning

Tawana Kupe frå doktorstudent ved UiO til rektor ved University of Pretoria

UiO-rektor Ole Petter Ottersen leier ny universitetsallianse

UiO einaste norske medlem i europeisk universitetsallianse

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Afrika, EU, Internasjonalisering, Nord-Sør-samarbeid Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2022 16:15 - Sist endra 21. nov. 2022 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere