Markerte "Skamstøtta" med lovord til alle som kjempar for menneskerettane

Rundt 100 personar møtte fram i ettermiddag for å markera at “Skamstøtta” no er plassert i Universitetshagen bak dei gamle universitetsbygningane i Oslo sentrum.

Ein skulptur i Universitetshagen

MINNER OM TIANANMEN: "Skamstøtta" er på plass i Universitetshagen. Den blei laga av den danske kunstnaren Jens Galschiøt til minne om massakren på Tiananmen-plassen i Beijing

Foto: Martin Toft

Det er Amnesty Noreg og Hongkong­-komiteen i Noreg som har tatt initiativet til at ein versjon av “Skamstøtta “ til minne om massakren på Den himmelske freds plass i 1989, no er reist i Universitetshagen på Universitetet i Oslo. Også kunstnaren sjølv Jens Galschiøt  er med på initiativet og deltok på markeringa. Dei frammøtte blei helsa velkomne av John Peder Egenæs som er generalsekretær for Amnesty Noreg:

– Denne “Skamstøtta” er ei av fire som er spreidde rundt i verda. Den mest berømte av dei blei plassert på Hongkong-universitetet i 1997 for å minnast massakren på Tiananmen-plassen i 1989. Dessverre bestemte styresmaktene i Hongkong i desember i fjor at universitetet måtte ta den vekk av tryggingsårsaker, fortalde Egenæs.  

Eit symbol for demonstrantane og folket i Hongkong

Han peika på at sjølv om “Skamstøtta” blei laga til minne om Tiananmen-massakren, er det også eit symbol på demonstrantane og det modige folket i Hongkong som for få år sidan gjekk ut i gatene.

 – Medan me står her i dag, vil me bruka den som minne på alle offera for dei kinesiske styresmaktene sine mange brutale brot på menneskerettane,  – i Tibet, i Xinjiang og i heile landet og utanfor, sa John Peder Egenæs.  

Han trekte fram at støtta også skal minna oss om at misbruk ikkje berre var noko som føregjekk tidlegare, men i høgste noko som går føre seg akkurat no.

– Dei kinesiske styresmaktene gjer alt dei kan for å fjerna alle minne om fortidas overgrep. Dei prøver også ved hjelp av neddugga speglar å skjula overgrepa mot menneskeslekta som skjer i dag. “Skamstøtta” står her for at me skal minnast offera for overgrepa til dei kinesiske styresmaktene, men også for at me skal stå opp for menneskerettane for alle i Kina, sa Egenæs.

HYLLA MENNESKEMARKERTE KUNSTVERK:  UiO-rektor Svein Stølen og  Amnestys generalsekretær John Peder Egenæs (bak Stølen) trekte i trådane saman med den danske kunstnaren Jens Galschiøt  (t.v.)då det blei bestemt å setja opp "Skamstøtta" i Universitetshagen. (Foto: Martin Toft) 

– Blei ståande på kinesisk jord

Også kunstnaren bak skulpturen Jens Galschiøt heldt ein appell under markeringa.

– Me sette opp “Skamstøtta” i Hongkong like før kronkolonien blei overlevert frå Storbritannia til Kina i 1997. Det var for at me skulle minnast det som skjedde i Tiananmen. Dermed blei også denne skulpturen som skulle minnast Tiananmen-massakren, ståande på kinesisk jord. Sidan den gongen har kinesiske styresmakter hata meg, og eg har ikkje fått lov til å koma til Kina. Men studentane har tatt vare på støttene, sa kunstnaren.  

Jens Galschiøt fortalde også om korleis han og studentane kunne gå inn på universitetet og setja opp “Skamstøtta” der fordi den siste britiske guvernøren Chris Patten gav politiet ordre om å fjerna seg frå universitetet.

– For politiet likte heller ikkje at det skulle reisast ei støtte til minne om Tiananmen-massakren, fortalde han.

Reiser ei ny “Skamstøtte”

Den gongen hadde både Jens Galschiøt og studentane eit håp.

– Me trudde Kina etter kvart ville utvikla seg og bli meir lik Hongkong. I staden er det det motsette som har skjedd, slo han fast.

 Og om to veker skal han og støttespelarane reisa ei ny “Skamstøtte”.

 – Då skjer det i Praha, avslørte han. 

– Dei kinesiske styresmaktene må haldast ansvarlege

Ein av studentane som har måtta rømma frå Hongkong etter demonstrasjonane, er Glacier Kwong. No bur ho i eksil i Hamburg der ho held på med å ta ein doktorgrad i jus. Også Glacier Kwong heldt ein appell ved sida av “Skamstøtta” i Universitetshagen. 

STUDENT I EKSIL:  Den tidlegare Hongkong-studenten Glacier Kwong bur no i eksil i Tyskland. Ho heldt ein appell då ein versjon av "Skamstøtta" blei avduka i Universitetshagen på Universitetet i Oslo. (Foto: Martin Toft)

– I Hongkong er det eit forbod mot å omtala ei  historisk hending som Tiananmen-massakren som skjedde 4. juni 1989. No er det på tide at kvar og ein av oss held dei kinesiske styresmaktene ansvarlege for dette og det dei har gjort i mange andre samfunn rundt i heile verda. Dei prøver å veva seg inn i både akademia, i dei økonomiske systema våre og i media. Så når du kjøper noko, må du forsikra deg om at dei ikkje er blitt laga i fangeleirar i Xinjiang-provinsen, var oppfordringa hennar.

– Ikkje lenger Kinas samvit

Jessica Chiu er leiar for Hongkong-komiteen i Noreg. Sjølv deltok ho i demonstrasjonane i Hongkong, før ho kom til Noreg.

HONGKONG-AKTIVIST: Jessica Chiu var tidlegare student i Hongkong. No leier ho Hongkong-komiteen i Noreg. (Foto: Martin Toft)

– Mellom 2008 og 2011 var eg student ved Honkong-universitet, og då vandra eg forbi “Skamstøtta” kvar veke. På veg til hybelen min passerte eg mange andre skulpturar og måleri som er symbol på ytringsfridomen vår. Folk i Hongkong har følt seg som Kinas samvit. I 2021 fjerna styresmaktene i Hongkong både veggmåleria på bruene i byen og “Skamstøtta” på Hongkong-universitetet. På grunn av skamlause leiarar, var ikkje Hongkong lenger Kinas samvit, trekte ho fram.

Saman med Glacier Kwong las Jessica Chu opp namna på alle studentane og andre som var blitt arresterte på grunn av demonstrasjonane i Hongkong.

Ynskjer ikkje frihandelsavtale med Kina

Dei tre stortingsrepresentantane Guri Melby (Venstre), Ingrid Fiskaa (SV) og Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei grøne uttalte seg sterkt kritiske mot Kinas brot på menneskerettane både i og utanfor fastlands-Kina.

VIKTIG MINNE: Stortingsrepresentant og leiar for Venstre, Guri Melby omtalte "Skamstøtta" som eit viktig minne både for folk i Noreg og for politikarane. (Foto: Martin Toft)

– Då eg var i Hongkong var eg imponert over korleis over ein million personar våga å demonstrera for fridom med verdas største diktatur Kina som næraste nabo, sa Guri Melby. 

– Sjølv om ikkje den norske regjeringa ville hjelpa til med å reisa ein statue her i dag, er eg glad for at private individ frå Amnesty, Hongkong-komiteen og Universitetet i Oslo gjorde det mogleg å få opp denne statua i Noreg. Dette er eit viktig minne både for det norske folk og for politikarane, tykte ho. 

– Dette er absolutt ikkje den beste tida for Noreg til å skriva under på ein frihandelsavtale med Kina, var oppfordringa frå Guri Melby.

– Har sendt doble signal til Beijing

Stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa frå Sosialistisk Venstreparti var også kritisk til dei demokratiske landa sine haldningar til Kina.

MÅ IKKJE SVIKTA: – Me må ikkje svikta dei som kjempar for demokrati i Hongkong, sa stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa frå SV under appellen sin. (Foto: Martin Toft)

– I altfor mange år har demokratiske land sendt doble signal til Beijing. Me snakkar om menneskerettar, men me snakkar endå meir om profitt og økonomisk vekst. Me repeterer dei kinesiske leiarane sine argument om at Kina er annleis og derfor krev forståing og respekt for måten ting blir gjort på i Kina. Kritikk blir sett på som ei fornærming, som ein ikkje oppnår noko med, sa Fiskaa. Ho lurte på om det ikkje berre  er ei dårleg orsaking for å verna om vår eigen profitt i staden for å ta parti for dei som lir på grunn av det.

– “Skamstøtta” minner oss om fryktelege brotsverk mot vanlege folk  både i Beijing og i Hongkong. Dessutan minner den oss om noko endå viktigare – at det er utruleg modige folk både i Kina, Hongkong og i mange andre stader i verda som risikerer alt for å kjempa for fridom. Me må ikkje svikta dei som kjempar for demokrati i Hongkong, sa ho.

– Dei held liv i håpet om eit anstendig liv for alle

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei grønne tok utgangspunkt i ein tale som NATOs generalsekrettær heldt 24. mai. 

LITE VILLIGE: – Dessverre er regjeringane våre lite villige til å støtta dei som blir undertrykte av og i Kina, meinte stortingsrepresentant  Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei grøne. (Foto: Martin Toft)

– I går sa Natos generalsekretær Jens Stoltenberg at Noreg og verda må vera meir opptatt av moralske verdiar og fridom enn av frihandel og dialog med Kina og andre udemokratiske regime. No har me lært at for slike regime er det i botn grunn eit mål, og det er å halda seg ved makta til kostnad for alt og alle. Derfor lærer me kor viktig det er å støtta dei som vert understrykte og står i første linje  i kampen for menneskerettane, understreka han, før han heldt fram. 

– Med “Skamstøtta” heidrar me offera frå Tiananmen-plassen, me heidrar Hongkong-aktivistar for kampen deira for demokrati og menneskerettar, me heidrar dei som slåst for sin kultur og mot undertrykking i Tibet, i Aust-Turkestan og Taiwan og mange andre hundre stader på jorda, sa Hansson. 

– Til sjuande og sist er desse stemmene som risikerer alt, og som ofrar alt, det som held liv i håpet om ei meir anstendig framtid for oss alle. Derfor må me støtta dei både som enkeltpersonar og som nasjonar. Dessverre er regjeringane våre lite villige til å støtta dei som blir undertrykte av og i Kina, meinte Rasmus Hansson.

– Oppfordrar studentar til meiningsutveksling

UiO-rektor Svein Stølen fekk ordet til slutt.

– Kvar dag oppfordrar me studentane til å delta i meiningsutvekslingar med andre studentar og på den måten vera med på å byggja opp under universitetet og  heile samfunnet. Men me blir også utfordra av studentane våre, sa Svein Stølen.

KRITISK ARENA: – Det er viktig for oss å ha ein kritisk arena for fri debatt og meiningsutveksling, sa UiO-rektor Svein Stølen under markeringa for "Skamstøtta" i Universitetshagen. (Foto: Martin Toft)

Som døme på det nemnde UiO-rektoren studentar som krev meir og raskare handling for å gjera noko med klimaendringane.

– Universitetet skal hegna om vitskapen. Her blir idear lanserte, kritiserte og av og til forkasta. Det er viktig for oss å ha ein kritisk arena for fri debatt og meiningsutveksling. Under fredsdagane i Oslo deler me ut UiOs menneskerettspris. Kvar dag blir me spurte om å opna universitetsområdet for ulike tiltak, både innanfor verdiar og menneskerettar. I fjor spurte Amnesty om dei kunna setja opp “Skamstøtta” på universitetsområdet, og me var positive fordi temaet er studentaktivisme, demokrati, ytringsfridom og fri meiningsutveksling, sa han  og minna om at UiO seinare på dagen skulle ha eit seminar om situasjonen i Hongkong på UiO med to av studentaktivistane til stades.

Svein Stølen viste også til at UiO har laga podkastar både om historia bak demokratirørsla i Kina og historia om demonstrasjonane i Hongkong og “Skamstøtta”.

– Det er det me vil bidra med desse dagane. Lat oss ha ei ope sinn. Kva er demokrati, kva er menneskerettar, kva er ytringsfridom og kva tyder studentaktivisme no og i framtida?, var spørsmåla Svein Stølen trekte fram.

“Skamstøtta” skal stå i Universitetshagen i ein månad. Den 4. juni skal det også vera scenen for ei markering for massakren på Den himmelske freds plass i 1989.

STOR INTERESSE: "Skamstøtta" i Universitetshagen vekte stor interesse hos dei rundt 100 frammøtte. (Foto: Martin Toft)

 

• Les meir om Kina og menneskerettar i Uniforum:

I morgon vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen

LEIAR: Uavhengige universitet må verna truga kunstverk

Universitet sender Kina-støtte tilbake etter at forskingssenter avviste overgrep i Xinjiang

Leiar for Kina-senteret: – Me må vera opne for kritikk

UiO sparkar no i gang Kina-senter i samarbeid med Fudan University

Fudan-European Centre for China Studies er klar til å flytta inn på UiO

No overtar UiO ansvaret for europeisk Kina-senter

Jonas Gahr Støre: – Demokrati med gode helsetenester for alle taklar pandemien best

Regjeringa gir 100 millionar til utvida internasjonalt forskingssamarbeid

Mangel på ytringsfridom i Kina trugar no liv over heile verda

 

Emneord: Kina, Menneskerettar, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 25. mai 2022 20:21 - Sist endra 30. mai 2022 09:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere