Universitet sender Kina-støtte tilbake etter at forskingssenter avviste overgrep i Xinjiang

Nederlands fjerde største universitet har takka nei til all vidare økonomisk støtte frå eit kinesisk universitet etter at forskarar som fekk støtte, nekta for at det finst tvangsarbeidsleirar i Xinijang. Rektor Svein Stølen fryktar ikkje at UiO vil oppleva liknande problem med Kina-senteret sitt.

Skjermdump av campus på eit nederlandske universitet

VIL IKKJE HA KINA-STØTTE: Vrije Universiteit Amsterdam har sendt tilbake Kina-støtte etter at forskingssenter hevda det ikkje var brot på menneskerettar i Xinjiang-regionen. 

Foto: Skjermdump frå campuspresentasjon

Det var den offisielle nederlandske kringkastinga som nyleg avslørte korleis forskarar på eit menneskerettssenter på Vrije Universiteit hadde brukt pengar dei hadde fått frå eit kinesisk universitet, til mellom anna å publisera artiklar som avviste at det fanst tvangsarbeidsleirar og eksisterte undertrykking av uighurar i regionen Xinjiang.

Vrije Universiteit Amsterdam vil derfor senda tilbake 2,5 millionar kroner som eit forskingssenter på universitetet har fått utbetalt frå Southwest University of Political Science and Law i Chongqing, meldte den britiske avisa The Guardian i førre veke.

Avviste vestleg Kina-kritikk

Kunngjeringa kom etter at den nederlandske rikskringkastinga  NOS nyleg avslørte at forskingssenteret ”Cross Cultural Human Rights Center (CCHRC) hadde tatt imot mellom 2,5 millionar og 3 millionar kroner årleg frå det kinesiske universitetet dei siste åra. Pengane brukte senteret, ifylgje den nederlandske rikskringkastinga, til å finansiera eit vekevist nyhendebrev, organisera seminar og drifta nettsida si. Nettsida har publisert fleire innlegg som har avvist den vestlege kritikken av Kinas menneskerettspolitikk.

La ned nettside

Tysdag for ti dagar sidan blei heile nettsida til forskingssenteret CCHRC lagt ned. Grunngjevinga var at ikkje alle innlegga var i samsvar med senteret sitt syn på menneskerettane.  Dei ville også granska vidare utsegner som var gjort på vegner av senteret, og meiningar og observasjonar som var gjorde privat. Nettsida viste i oktober 2020 til akademikarar på senteret som hadde vore på ein ekskursjon til fire byar i Xinjiang, og dei hadde “konkludert med at ingen uighurar eller andre minoritetar blei diskriminerte i denne regionen”.

“På moten å kritisera Kina”

Den nederlandske rikskringkastinga siterte også menneskerettsprofessoren Tom Zwart ved Utrecht University og styreleiar for senteret, som fortalde statleg TV i Kina at menneskerettar i Kina “må sjåast i lys av innanriksforholdc og kan ikkje kopiera Vesten”. Peter Peverilli som også er knytt til senteret, har også omtalt rapportar om tvangsarbeidsleirar i Xinjiang som “rykte” og at det no er “på moten å kritisera Kina”.  

Ifylgje The Guardian, har også Peverelli sagt fylgjande til det statlege fjernsynsselskapet: “Xinjiang er vidunderleg. Vidunderlege folk, natur som tar pusten frå ein, fantastisk mat. Ikkje noko tvangsarbeid, ikkje noko folkemord eller andre lygner som vestleg media vil koma med.”

Det nederlandske universitetet Vrije Universiteit (VU) har i ei kunngjering sagt at “berre at det eksisterer forsking som ikkje er uavhengig, er uakseptabelt”. Universitetet vil ikkje lenger akseptera vidare finansiering frå Kina, det vil betala tilbake pengane det fekk i fjor og setja i gang ei full undersøking, går det fram av kunngjeringa, skriv The Guardian.

UiO etablerte Kina-senter i mai 2021

Universitetet i Oslo skreiv for litt under eitt år sidan ein avtale med Fudan University i Kina om å overta det europeiske Kina-senteret (Fudan-European Centre for China Studies (FUCCS) frå Københavns Universitet. Det gjenoppstod offisielt som Fudan-europeisk senter for kinastudiar på UiO i mai fjor. UiO  og Fudanuniversitetet deler alle utgiftene likt.

 BOKS: Den 26. februar 2021 var avtalen mellom Fudan University og Universitetet i Oslo i boks. Rektor Xu Ningsheng og rektor Svein Stølen viser fram avtalepermen.  (Skjermdump frå zoom)

UiO-rektor Svein Stølen fryktar ikkje at UiO skal oppleva det same som det nederlandske universitetet opplevde.

– Fudansenteret skal bidra til kontakt mellom forskarar og forskarmiljø som sjølve er interesserte i å samarbeida og som sjølve tar initiativ til det. Fudansamarbeidet er fagleg motivert. Derfor er det svært avgrensa finansielle bidraget delt likt mellom UiO og Fudan-universitetet, og midlane som senteret disponerer, skal støtta forskarinitiert forsking, svarar Svein Stølen Uniforum i ein epost. 

Han peikar på at IKOS som er vert for senteret, og dei UiO-tilsette i styringsgruppa, har jamlege møte med den eine Fudan-tilsette som jobbar på senteret; Chunrong Liu som også er førsteamanuensis i statsvitskap.

– Ingenting tyder på at me skal koma i same situasjon

Svein Stølen er svært nøgd med samarbeidet. 

– Me har opne diskusjonar om alle saker senteret jobbar med, og det er ingenting som tyder på at me skal koma i same situasjon som Vrije Universiteit i Nederland. Me har også ein klar og skriftleggjort avtale om at Fudan-senteret kan avviklast når som helst viss ein av partane måtte ønska det, understrekar Stølen.

UiO-rektoren gir klart uttrykk for at dei er nøgde med utviklinga i senteret og arbeidet som den einaste tilsette på senteret driv på med.

– Chunrong Liu har bidratt til å etablera kontakt mellom eitt av våre SFF-miljø på Det medisinske fakultetet og medisinske forskingsmiljø på Fudan. Dette har resultert i felles EU-søknader og ei første tildeling frå Horisont Europa - til eit prosjekt med tittel EnvironMENTAL. Liu har vidare bidratt til kontakt mellom forskarar ved vårt Senter for framifrå utdanning «Sustainability in Health Education» og miljø på Fudan. Desse planlegg no eit felles forskingsprosjekt om berekraft som også skal inkludera studentar, trekkjer UiO-rektoren fram.

Stølen kjem også med andre døme på oppgåver Chunrong Liu utfører.

– Liu har vidare bidratt til Forskingsrådsøknader og til å hjelpa PhD- og andre studentar med å organisera feltarbeid i Kina (noko som i praksis er svært krevjande i desse tider). Senteret ved Liu hjelper også forskarar frå andre norske og europeiske universitet. Liu bidrar også i den akademiske samtalen på ulike måtar. I mai organiserer til dømes Universitetet i Bergen eitt symposium om Kina der Chunrong Liu som leiar av senteret, vil delta i eit panel om Kina og akademisk samarbeid, opplyser Svein Stølen til Uniforum.

 • Les meir om Kina og UiO: 

Leiar for Kina-senteret: – Me må vera opne for kritikk

UiO sparkar no i gang Kina-senter i samarbeid med Fudan University

Fudan-European Centre for China Studies er klar til å flytta inn på UiO

No overtar UiO ansvaret for europeisk Kina-senter

Jonas Gahr Støre: – Demokrati med gode helsetenester for alle taklar pandemien best

Regjeringa gir 100 millionar til utvida internasjonalt forskingssamarbeid

Mangel på ytringsfridom i Kina trugar no liv over heile verda

Kina-forsker om koronautbruddet: - Vi trenger ikke retningslinjer

Nils Christian Stenseth fikk hederspris i Kina

Norge og Kina inngår forskningssamarbeid

Tok opp akademisk frihet i Kina

Iselin Nybø snakket næringslivets sak i Kina

Kinesiskprofessor Halvor Eifring får ikkje visum til Kina

Norske universitets- og høgskulerektorer i Den forbudte by

Svein Stølen: – Framleis utfordringar når det gjeld Kina

Rekordstor Kina-delegasjon besøkjer norske universitet

 

 

Emneord: Kina, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2022 04:30 - Sist endra 6. feb. 2022 19:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere