I morgon vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen på UiO

Onsdag 25. mai klokka 13.30 vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. 

FJERNA: Dette er kunstverket "Pillar of Shame" (Skamstøttta) av den danske kunstnaren Jens Galschiøt på campusen til University of Hong Kong.Kunstverket markerer massakren av studentar på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. I morgon blir ein versjon av statuen sett opp i Universitetshagen i Oslo sentrum.

Foto: Avinash Kaushik/flickr
I førre veke blei det kjent at Amnesty International saman med Hongkong-komiteen i Noreg og den danske kunstnaren Jens Jens Galschiøt skal reisa den åtte meter høge skulpturen "Skamstøtta" i Universitetshagen midt blant sentrumsbygningane til Universitetet i Oslo. Skupturen er ein dansk versjon av den som blei fjerna  frå Hongkong-universitetet 23. desember i fjor. etter press frå dei kinesiske styresmaktene. 

– Fin symbolsk verdi

Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Noreg tykkjer det har ein symbolsk verdi. 
 
– Me valde å søkja UiO om å få stilla ut skulpturen på deira  tomt fordi den opphavlege  versjonen av skulpturen som stod i Hongkong var utstilt utanfor universitetet der. Me  synest det har ein fin symbolsk verdi at den står utstilt i Universitetshagen. I tillegg var Amnestys eigne studentar på UiO med på å søkja, for å visa støtte til dei mange studentane som kjempar for menneskerettar og demokrati i Hongkong, fortel han til Uniforum i ein epost. 

– Solidaritet med modige studentar i Kina og i Hongkong

Amnestys generalsekretær ser  parallelar mellom demonstrasjonen på Tiananmen--plassen i Beijing og demokratirørsla i Hongkong. 
 
– Både demonstrasjonane på Tiananmen-plassen og demokratirørlsa i Hongkong blei borne  av studentar, sjølv om protestane i Hongkong raskt blei til ei folkerørsle. Det at søyla som stod på Hongkong-universitetet måtte takast ned, gjer denne koplinga endå tydelegare. Søyla markerer både vår solidaritet med dei som blir undertrykt av kinesiske styresmakter, og spesielt vår solidaritet med det store og modige engasjementet til studentane i Kina og Hongkong, seier John Peder Egenæs. 
 
– Men Universitetshagen er ikkje den mest synlege staden på UiO. Kvifor valde de den plassen?
– Sjølve avgjerda for plasseringa blei tatt i samarbeid med UiO. Her måtte me ta omsyn til tilgjengelegheit på plass i tidsrommet skulpturen skal stå utstilt, og heilt praktiske omsyn som at monumentet er 8 meter høgt og veg fleire tonn, er svaret John Peder Egenæs kjem med til Uniforum. 

– Eit symbol for ytringsfridomen

Leiaren for Hongkong-komiteen i Noreg, Jessica Chiu trur dette kan vera ei viktig historisk markering både for massakren på Den himmelske freds plass og for kampen for fridom og demokrati i Hongkong. 
 
– "Skamstøtta" er eit symbol for ytringsfridomen som fanst i Hongkong, og for Tiananmenmassakren i 1989. Skulpturen kan ikkje lenger visast offentleg i Hongkong eller nokon stad i fastlands-Kina. Fridomen fell i Hongkong og styresmaktene prøver å omskriva og forfalska historia. Men kampen for fridom og demokrati som blomstra sidan 1989 gløymer me aldri. Eg håpar at det norske samfunnet kan hjelpa oss med å bringa denne historia og våre minne vidare’, seier Jessica Chiu i ei felles pressemelding frå Hongkong-komiteen og Amnesty Noreg.  
 
Klokka 13:30 i morgon vil "Skamstøtta" bli reist i Universitetshagen. Der vert den stilt ut fram til 20. juni, og der vil det også bli eit eige arrangement til minne om massakren på Den himmelske freds plass den 4. juni. Avdukinga av skulpturen skjer samarbeid med Oslo Freedom Forum og i nærvær av kunstnaren Jens Galschiøt og Hong Kong-aktivisten Glacier Kwong,.opplyser Amnesty Noreg i ei pressemelding.  
 
• Les meir om Kina og menneskerettar i Uniforum: 
 
 
 
 
 

 

Emneord: Menneskerettar, Kina, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2022 17:54 - Sist endra 24. mai 2022 17:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere