I desember i fjor blei skulpturen"Skamstøtta" ("Pillar of Shame") fjerna frå Hongkong-universitetet.Det skjedde på oppfordring frå kinesiske styresmakter.
I går kveld kunne NRK melda at Amnesty International Noreg, Hongkong-komiteen i Noreg og den danske kunstnaren Jens Galschiøt som har laga skupturen, vil setja opp ein ny versjon av "Skamstøtta" ved Det juridiske fakultetet på UiO. Det skjer onsdag 25. mai i Universitetshagen ved dei gamle universitetsbygningane i sentrum.
Bad om universitetsvern av truga skulpturar
I Uniforums leiarkommentar frå januar i år foreslo me at UiO kunne ta imot denne skulpturen og andre truga skulpturar på same måte som forfylgde forskarar får vern gjennom organisasjonen «Scholars at Risk». No ser det ut som om dette vil skje, sjølv om dette er ein annan versjon av "Skamstøtta" enn den som blei fjerna frå Hongkong-universitetet på sterk oppfordring frå kinesiske styresmakter.
Ifylgje NRK har den statuen som kjem til Universitetet i Oslo, tidlegare stått framfor Folketinget i København. Då den blei plassert der, vekte det sterke politiske reaksjonar frå kinesiske styresmakter, fortel generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Noreg til NRK. – Så me reknar med at kinesiske styresmakter kjem til å mislika dette veldig sterkt, seier han.
Fjerna tre kunstverk frå universitet i Hongkong
Det var rett før nyttår det kom melding om at kinesiske styresmakter hadde fjerna tre kunstverk frå tre universitet i Hongkong. Alle kunstverka hadde det til felles at dei var markeringar av massakren av studentar og andre demokratiaktivistar på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. Den første skulpturen “Pillar of Shame” (Skamstøtta) av den danske kunstnaren Jens Galschiøt blei demontert og fjerna frå Hongkongs eldste universitet, University of Hong Kong 23. desember, ifylgje ntb.
På julaftan blei skulpturen “Demokratiets gudinne” fjerna frå Chinese University of Hong Kong (CUHK). Den er laga av kunstnaren Chen Weiming og er ein over seks meter høg kopi av statuen som studentane reiste på Den himmelske freds plass i 1989. Den same dagen blei ein annan skulptur som markerte massakren, fjerna frå Lingnam University of Hong Kong.
Det høyrer med til historia at den nye Kina-kontrollerte byregjeringa for Hongkong blei innsett kort tid etter til tonane frå den kinesiske nasjonalsongen og med eit dominerande kinesisk flagg. Dette er tre døme på korleis kinesiske styresmakter fjernar kunst som dei ikkje likar frå akademiske institusjonar i Hongkong.
Føreslo etablering av "Kunstverk i fare"
Det var bakgrunnen for at Uniforum på leiarplass i januar tok til orde for at universitet i Noreg og i andre demokratiske land bør ta initiativ til å ta vare på desse kunstverka og stilla dei ut på universitetsområdet for å markera både massakren på Den himmelske freds plass og den kunstnarlege fridomen. Me foreslo då at universiteta i fellesskap kan organisera eit felles tiltak under paraplyen “Kunstverk i fare” etter modell av “Scholars at Risk” og “Students at Risk”.
Neste veke kan det gå troll i ord når den danske versjonen av "Skamstøtta" til minne om massakren på Den himmelske freds plass blir reist i Universitetshagen på UiO. Der skal den stå i ein månad.
– Naturleg for universitetet å støtta opp om
UiO-rektor Svein Stølen støttar initiativet frå Amnesty Noreg, Hongkong-komiteen og kunstnaren sjølv Jens Galschiøt sidan det handlar om tema som han meiner det er naturleg for UiO å støtta.
– Me får jamleg førespurnader om å stilla areal til rådvelde for markeringar, og i dette tilfellet handlar det om studentaktivisme, ytringsfridom, demokrati, og menneskerettar. Dette er tema som det er naturleg for Universitetet i Oslo å støtta opp om, skriv Svein Stølen i ein epost til Uniforum.
– Me gir løyve til å plassera statuen i Universitetshagen. UiOs grunnverdiar er å hegna om menneskerettar, ytringsfridom og demokratiet. Det gjer me på mange ulike måtar – ved eigne arrangement som til dømes under Oslo Peace Days, eller ved å låna ut lokale og arenaer til ulike markeringar slik me gjer her, fortel Svein Stølen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere