Asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus vil halda på ut 2024

Dei tilsette og studentane i Kristine Bonnevies hus på Blindern må innstilla seg på tre år til med asbestsanering. Det opplyser eigedomsdirektør John Skogen til Uniforum.

To menn står i eit laboratorium

ASBESTSANERING UT 2024: Dette laboratoriet i 2. etasje i Kristine Bonnevies hus er sanert for asbest.  Men det vil gå føre seg asbestsanering i bygningen ut 2024, opplyser eigedomsdirektør John Skogen (t.h.) Både han og instituttleiar Arne Klungland lovar at arbeidet skal gå føre seg etappevis i fem soner i kvar etasje for å skåna forsking og undervisning best mogleg. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i mars i fjor det først blei oppdaga fleire funn av asbest i støvprøvar på golv og overflater i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Bygningen er hovudsetet til Institutt for biovitskap, men både ei forskargruppe frå Norsk senter for molekylærmedisin og Avdeling for meteorologi og oseanografi ved Institutt for geofag har lokale i bygningen. Også administrasjonen til senteret dScience held til i bygningen.

20 millionar kroner i samla kostnader

Det første asbestfunnet blei gjort under arbeidet med å klargjera lokale for ei forskargruppe frå Norsk senter for molekylærmedisin som måtte flytta ut av Forskningsparken. Ei stund seinare blei det også gjort funn av asbest i støvprøvar i andre delar av bygningen. Det førte ikkje berre til at fleire kontor blei stengde, men også til at fleire laboratorium blei stengde i lengre eller kortare tid.

Eigedomsavdelinga sette i verk eit stort arbeid med sanering av asbest i alle etasjane i Kristine Bonnevies hus. Arbeidet blei utført av eit privat selskap som har spesialisert seg på å driva med sanering av asbest.

Fram til byrjinga av januar hadde dei samla utgiftene til asbestsanering kome opp i 20 millionar kroner, ifylgje ein epost Uniforum fekk frå eigedomsdirektør John Skogen. 

Forbod mot å setja spiker eller skruer i veggen

To månader seinare møter Uniforum både eigedomsdirektør John Skogen og instituttleiar Arne Klungland på Institutt for biovitskap i Kristine Bonnevies hus. Begge peikar på at arbeidet med asbestsanering er godt i gang i den 40 000 kvadratmeter store bygningen.

– Her kjørte me på med 2. etasje. Utanfor gangen til kontoret me no sit i, her i 1. etasje er ikkje saneringa komen i gang enno, seier John Skogen.

– Inne på kontoret er det heilt asbestfritt, men i gangen er det asbestplater og nokre sprekker som er forsegla i vent på sanering, seier instituttleiar Arne Klungland. Han viser til at dei har innført eit strengt forbod mot å setja spiker eller skruer i veggen. Han reiser seg og riv ned ein plakat som heng på veggen.

 – Me brukar borrelås for å få dei til å hengja, seier han, og klistrar plakaten opp igjen.

– Det er viktig å ha heilt stringente reglar for dette, seier John Skogen.

– Arbeidet i 2. etasje er avslutta

Etter at det blei oppdaga asbeststøv i bygningen i mars 2021, blei det sett i gang eit arbeid med å sanera asbest.

– No er arbeidet i 2. etasje avslutta. Og meininga var aldri å riva ned plater og fjerna asbest på den måten. Då måtte me ha demontert heile bygningen og totalrehabilitert den, ein bygning som til saman er på nesten 40 000 kvadratmeter, og der det går føre seg både undervisning og forsking. Då måtte det i tilfelle ha blitt planlagt i god tid, og så hadde det kosta frykteleg mykje pengar, peikar han på.

Den saneringa dei har gjort, er altså eit arbeid i ein mindre skala. 

– Det me har gjort er å rydda, støvsuga, og malt over alle veggane og reparert alle skader slik all forsegling av asbest føregår. Problemet med asbestplater er at når golva blir reingjorte, så dryss det ned asbeststøv på golvet. For over tid vil slik reingjering slita på underkanten av asbestplatene på veggen slik at det fell asbeststøv ned på golvet. Folk blei litt engstelege då dei høyrde om dette. Det er viktig at det blir handtert på ein riktig måte, synest han.

UTFØRT ARBEID: Insittutleiar Arne Klungland viser korleis det er utført arbeid som hindrar at det dryss asbeststøv ned på golvet i korridoren i 2. etasje i Kristine Bonnevies hus.  Eigedomsdirektør John Skogen har fått inn tre tilbod på resten av asbestsaneringa i bygningen, men kan enno ikkje seia når dei har bestemt seg for kva selskap som får jobben. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Har gjennomført risikoanalyse

John Skogen er også opptatt av at dei har sett i gang ei undersøking av forholda i bygningen.

 – Me har gjennomført ein risikoanalyse og brukt to firma som er godkjente for å sanera asbest, seier han. Eit av dei desse firma har også gått gjennom 2. etasje og kartlagt kva som må til for fjerna asbeststøv og hindra at det kjem meir.

– Det viste seg at det arbeidet ville vera mykje meir omfattande enn det me kunne ha tenkt oss på førehand. Då måtte me ta eit direkteinnkjøp av arbeidet i staden for eit ordinært offentleg innkjøp. Derfor måtte me no ta ein pause for å få resten av dette arbeidet lyst ut gjennom eit offentleg tilbod, slik me pleier å gjera, forklarar han.

Fekk inn tilbod frå tre selskap

Og då kom det inn tilbod frå tre selskap som kom med eit oversyn over kva arbeidet ville kosta.

– I denne pausen medfører det ikkje nokon helserisiko å opphalda seg i bygningen, understrekar Arne Klungland.

Så ber John Skogen instituttleiar Arne Klungland om å greia ut nærare kva risikoanalysen seier om dette.

– Den legg me no ut tilgjengeleg for alle. Og den viser at det ikkje er noko risiko ved å jobba her, slå Arne Klungland fast.

– Hadde ikkje vore nødvendig å stengja heile bygningen

Klungland begynte i jobben ei veka før nyhendet om asbestfunnet blei kjent i mars i fjor.

– Og når me får melding om funn av asbest, kan me ikkje halda bygningen open før me har gjort ei helsevurdering. Det var derfor bygningen blei stengt. Først i ettertid såg me at det ikkje hadde vore nødvendig å stengja heile bygningen, konstaterer han.

Eigedomsdirektør John Skogen meiner likevel det var rett.

– Der hadde me ein føre-var-situasjon. Og når folk høyrer om det, så blir dei som regel litt engstlege. Me tar det fysiske arbeidsmiljøet på alvor, seier Skogen. Han trekkjer fram det gode samarbeidet dei har hatt med Mat.nat.-fakultetet, Institutt for biovitskap, HMSB-seksjonen og yrkeshygienikarane i Bedriftshelsetenesta i denne saka.

– Sjølv om det bles litt i slike situasjonar, hadde me bra kontroll på det, meiner John Skogen. Han er nøgd med at dei no kan visa Uniforum resultat av arbeidet så langt.

– Me er ferdige med arbeidet i 2. etasje, og er godt i gang med 3. etasje, og så står det igjen ein god del, fortel han.

– Etappevist arbeid over lengre tid

No har dei bestemt seg for å gjennomføra dette arbeidet på ein litt annan måte enn tidlegare.

– Me skal ta det etappevis og over litt lengre tid.

Instittuttleiar Arne Klungland er klar på kva det inneber.

– Ja, det vil ta tre år før arbeidet med asbestsanering er gjennomført. Slik det no ser ut, vil arbeida gå føre seg også i 2024. Det blir jobben min å leggja forholda best mogleg til rette for både forsking og utdanning, sånn at dei kan planleggja nødvendig flytting og sånn at dei har kontinuitet i forskinga, understrekar han.

STØVSUGING: Eigedomsdirektør John Skogen viser også korleis taket er støvsugd og reingjort under asbestsaneringa. Instituttleiar Arne Klungland har innvilga både økonomisk kompensasjon og forlenging av stillingar for dei mellombels vitskaplege tilsette som er blitt hard ramma av arbeidet med asbestsanering. (Foto: Ola Gamst Sæther)  

– Utfordrande

John Skogen trekkjer fram at det faktum at funnet av asbeststøv blei gjort under pandemien hadde ein stor fordel.

– Då var det ikkje så mange folk her, og det gjorde jobben enklare, seier han.

Arne Klungland er einig, men viser til at det også kompliserte situasjonen.

– Det gjorde det også meir utfordrande, for me hadde vore gjennom eitt år med veldig vanskelege arbeidsforhold, då me plussa på med asbest. For dei som heldt på med eksperimentell forsking, var det utfordrande. Nokre forsøk tar ein månad, medan andre tar to år, oppsummerer han.

– Fått både økonomisk kompensasjon og forlenging

Både doktorstipendiatar og postdoktorar har fått ein viss kompensasjon for problema dei opplevde.

– Dei har fått både økonomisk kompensasjon og fått forlenging av tilsetjinga. Men ikkje nødvendigvis så mykje som dei ynskte, fortel Arne Klungland.

Det er tre selskap som har levert inn tilbod til Eigedomsavdelinga over kva den siste delen av asbestsaneringa vil kosta.

– Me sit no og går gjennom desse tilboda. Reint praktisk ser me at arbeidet må strekkjast over litt lengre tid. Derfor kan me bruka eit par år for ikkje å forstyrra drifta for mykje, samtidig som me kan tilpassa arbeidet til den økonomien me har, seier Skogen.

– Får ikkje sett to strekar under svaret enno

Eigedomsdirektøren kan enno ikkje seia noko om innhaldet i dei tre tilboda.

– Men det er ikkje alltid det billegaste er det beste, minner han om.

Førebels kan han ikkje seia når UiO bestemmer seg for kva selskap som får tildelt kontrakten.

– I alle fall har Eigedomsavdelinga, instituttet og fakultetet hatt eit møte for å laga ein progresjonsplan som passar inn med den aktiviteten me har her, fortel Arne Klungland.

Kostnadene med asbestsaneringa vert dekte frå budsjettet til Eigedomsavdelinga. Men instituttet og fakultetet må betala kompensasjon for tapt arbeidstid, for avbrotne forsøk og for forlenging av tilsetjing. Den endelege prislappen for kostnadane med asbestsaneringa er enno ikkje klar.

– Nei, me får ikkje sett to strekar under svaret på det enno.

Men også i lang tid framover vil det vera unntakstilstand i Kristine Bonnevies hus.

– Ja, men no blir det fem til ti soner i kvar etasje. Slik at i dei sonene det ikkje går føre seg asbestsanering, vil det vera mogleg å jobba og å opphalda seg, understrekar John Skogen.

– Viktig at arbeidsgjevar informerer godt

Uniforum har også vore i kontakt med Forskarforbundet for å høyra kva dei synest om framdrifta av asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus. Både hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjørstad og tillitsvald Katrine Langvad Stensløkken peikar  på at ansvaret for sjølve saneringa ligg på arbeidsgjevaren.

FYLGJER OPP:  – Forskarforbundet, på si side, kjem til å halda fram med å fylgja opp saka og medlemane, lovar både hovutillitsvald Belinda Eikås Skjørstad (biletet) og tillitsvald Katrine Langvad Stensløkken. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

– Når dei etter kvart startar opp igjen med saneringsarbeidet, er det viktig at arbeidsgjevar informerer godt ut til alle tilsette i god tid før oppstart og undervegs i arbeidet. Forskarforbundet på si side kjem til å halda fram med å fylgja opp saka og medlemane, lovar Eikås Skjørstad og Langvad Stensløkken i ein epost til Uniforum. 

Begge er godt nøgde med at Institutt for biovitskap har gått gjennom søknadene om forlenging.

– Det er fint at instituttet no endeleg er ferdig med behandling av søknadene om forlenging, og at det er innvilga forlengingar for ein stor del av dei som søkte, sjølv om Forskarforbundet meiner behandlingstida har vore altfor lang, slår dei fast.

– Også viktig at UiO tar lærdom av dette

Forskarforbunder tykkjer den lange ventetida har vore veldig krevjande for dei det gjeld.

– Me håpar arbeidsgjevar har lært av problema som har oppstått undervegs, og at den vidare prosessen kan gå føre seg på ein god måte. Det er også viktig at UiO no tar lærdom av dette, slik at me unngår slike problematiske prosessar i framtida. Det er det ingen som er tent med, seier dei.

• Les meir om asbestfunn i Uniforum: 

Asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus er sett på vent

Stipendiatar og forskarar føler seg gløymde i asbestsaka på UiO

Marianne Fyhn om asbestfunn: – Eg synest me er behandla svært dårleg

DEBATT: Universitetet i Oslo trenger en kraftig renovering av egne bygninger, rutiner og systemer

Tilsette etterlyste meir informasjon frå UiO om asbeststenging

I dag kallar UiO inn til allmøte om asbestfunna i Kristine Bonnevies hus

UiO har asbeststengt endå fleire rom i Kristine Bonnevies hus

Asbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale 

Senterdirektør Janna Saarela beklagar forseinkinga og lovar kompensasjon til forskargruppe

• Les ogsåNettsida om asbestsanering på Institutt for biovitskap

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Asbest, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 28. mars 2022 04:30 - Sist endra 28. mars 2022 14:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere