– Forsking og innovasjon er ein god beredskap mot den neste pandemien

– Me veit no at me har ei unik erfaring for å kunna vera førebudde på den neste pandemien gjennom framifrå forsking og innovasjon. Det sa direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet då ho opna Life Science-konferansen i Universitetets aula måndag.

Portrett av ei kvinne på ein talarstol

PANDEMIVARSEL: – Då går det an å finna ut om det er eit pandemiutbrot på eit bestemt geografisk område på grunnlag av veremåten og gjeremåla til dei som bur der. Slik kan det bli mogleg å senda ut pandemivarsel i god tid før den spreier seg globalt, sa administrerande direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet under opninga av Life Science-konferansen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den neste pandemien som var hovudtemaet for Life Science-konferansen 2022. To dagar etter at den norske regjeringa hadde fjerna dei siste koronarestriksjonane var det ein av dei viktigaste aktørane i kampen for å avgrensa skadeverknadene av koronapandemien i Noreg, administrerande direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI), som var invitert til å halda opningstalen. 

Ho viste først til tal frå Verdas helseorganisasjon (WHO) om dei globale konsekvensane av koronapandemien. 

– Verdas helseorganisasjon har så langt registrert 400 millionar koronatilfelle og 6 millionar koronarelaterte dødsfall i verda. Truleg er dei verkelege tala langt høgare, trudde ho. 

Så tok Camilla Stoltenberg utgangspunkt i regjeringa sin pressekonferanse sist laurdag.

– For to dagar sidan fjerna den norske regjeringa alle restriksjonar sjølv om me er klare over at pandemien ikkje er over. Me må vera førebudde på nye bylgjer og nye variasjonar av koronaviruset covid-19. Innleggingar på grunn av koronaviruset steig nyleg med 50 prosent frå ei veke til den neste. Veldig få av pasientane er lenge på sjukehuset. Få av dei treng intensivbehandling, og det er svært få dødsfall blant dei smitta, understreka ho. 

– Pandemien sitt nye ansikt

Camilla Stoltenberg meinte at det er positive signal for oss.

– Dette er pandemien sitt nye ansikt, og det er håpefullt for oss. For å forstå dette må me finna ut kva me kan læra av desse siste to underlege og svært vanskelege  åra, sa ho.

Camilla Stoltenberg kom med fem ting som ho var sikker på me kunne læra av pandemien.

– Den første tingen me har lært, er at me alltid må vera førebudd på den neste pandemien. “A World at Risk” var tittelen på ein rapport om moglege pandemiar som eit utval leia av tidlegare WHO-direktør og tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland la fram i 2019.( Global Preparedness Monitoring Board) Dei skreiv at dei største risikoane ved ein pandemi var humanitær naud, økologiske, politiske og økonomiske trugsmål på grunn av stor folkeauke, ein globalt integrert økonomi, konfliktar, migrasjonar og klimaendringar, trekte ho fram.

– Me kan bli betre førebudde enn i januar 2020

Camilla Stoltenberg var likevel sikker på at det ville koma ein ny pandemi, sjølv om me nesten er ferdig med den aktuelle koronapandemien.

– Me veit ikkje korleis den vil arta seg. Vil det bli ein influensa, ein covid-19 eller ein heilt ukjent sjukdom?  Me veit ikkje kvar og når den vil begynna, kor raskt den vil spreia seg eller kor alvorleg sjukdom den vil forårsaka. Men det me veit, er at me kan bli betre førebudde enn det me var i januar 2020, konstaterte ho.

Mogleg å koma med pandemivarsel i framtida

– Den andre tingen me kan læra, er at det er mogleg å koma med eit forvarsel. For det faktum at me ikkje veit kvar og når, vil ikkje seia at det ikkje finst spor. Sommaren 2021 presenterte den kjente vitskapsmannen Michael Oppenheimer risikofaktorar som viste at klimaendringar var på gang, fortalde ho. 

– Ein liknande mekanisme vil vera mogleg å laga også for pandemivarsling. Og fleire personar er i gang med å arbeida for å få det til. Då går det an å finna ut om det er eit pandemiutbrot på eit bestemt geografisk område på grunnlag av veremåten og gjeremåla til dei som bur der. Slik kan det bli mogleg å senda ut pandemivarsel i god tid før den spreier seg globalt.  Det er ikkje ei enkel oppgåve, for det vil krevja både forplikting og samarbeid mellom forskarar over heile verda, trudde ho.

– Ingen land er store nok til å handtera ein pandemi åleine

Den tredje tingen Camilla Stoltenberg meinte me kan læra, er at me er nøydde til å samarbeida med andre land og personar over heile verda for å etablera globale fond.

– Vårt vesle land har vore i stand til å handtera pandemien på grunn av utstrekt internasjonalt forskingssamarbeid, handel og diplomati. Me har ikkje nok reiskapar, kunnskapar og kapasitetar sjølve. Me vil derfor alltid halda fram med å vera avhengige av ting som skjer i andre land, minna ho om.

– Noreg produserer ikkje eigne vaksiner, og me må halda kontakt med andre land for å finna ut korleis pandemien utviklar seg. Sanninga er at ingen land, heller ikkje dei største landa, er store nok eller rike nok til å handtera det globale pandemitrugsmålet åleine. Til dømes er det naudsynt å ha eit internasjonalt samarbeid for å kunna overvaka effekten av vaksiner, innsamling og deling av data globalt. Derfor er det naudsynt med samarbeid om felles finansiering og investeringar. Me må også dela innovasjon, testar og genomsekvensering og mykje anna.

– Vitskapssamfunnet og folket er svært viktige

Den fjerde tingen Camilla Stoltenberg meinte me kunne læra av pandemien er kor avgjerande tilliten mellom folket og staten er..

– Me er midt i dette saman som naboar og borgarar. Og me har lært at offentleg tillit til staten og institusjonane er grunnleggjande for å kunna koma med ein rask reaksjon på ein pandemi. Ein velferdsstat handlar ikkje berre om rettferd eller å ta vare på dei som har mest behov for det. Det handlar også om å vera best mogleg førebudd, understreka ho. 

– Vitskapssamfunnet og folket er svært viktige. I framtida må me tenkja nøye gjennom sivil deltaking, styring og tilgang til tenester i alle delar av folket. Det må me sjå på som ei førebuing og eit svar på kriser. Me må styrkja helsetenestene, og me må ha samarbeid, og me må utvikla legitime funksjonelle modellar for samarbeid mellom vitskaplege rådgjevarar og politiske styresmakter og for deltaking av det sivile samfunnet. Me må gjera det i normale tider for å vera betre førebudde på kriser, var bodskapen hennar.

– Ein nasjon som brukar vitskap, vil vera betre førebudd

Den femte og siste tingen ho meinte me kunne læra av pandemien var satsinga på forsking og innovasjon.

– Forsking og innovasjon må bli ein del av oppskrifta vår for respons og førebuing. Vitskap er ein reiskap for oppdagingar og innovasjon for samfunnet. Ein nasjon som kan bruka vitskap, vil vera betre førebudd når krisa slår til. Forsking er viktig når det gjeld utvikling av vaksiner. Men framleis brukar me ikkje vitskap på ein god og brei nok måte slik at me til dømes kan finna ut kva systematiseringa og gjennomføringa av testar, stenging av grunnskular, vidaregåande skular og universitet og å jobba frå heimekontor har fått for fylgjer for dei mange millionar personane som har opplevd dette under pandemien, hadde Stoltenberg notert seg.

– Så om me ikkje undersøkjer slike ting under normale tider, korleis kan med då vita kva fylgjer det vil få for oss i krisetider? spurte ho. 

– Om me kunne ha drive meir forsking på dette i normale tider, vil me vera betre førebudde på dette i kriser. Det er noko som det må gjerast målingar av i nær framtid, og det vil vera til nytte både for den offentlege helsetenesta og for samfunnet, sa ho før ho heldt fram:

– Me veit no at me har ei unik erfaring for å kunna vera førebudde på den neste pandemien gjennom framifrå forsking og innovasjon. Det er også ei god sikring og ein god beredskap, slo Camilla Stoltenberg fast.

– Løysinga på ei ikkje varsla krise

Rektor Svein Stølen la vekt på rolla den langsiktige grunnforskinga har spela i kampen mot pandemien i sitt innlegg på Life Science-konferansen.

NY PANDEMI: Det vil koma ein ny pandemi, og den må me vera godt førebudde på, sa Svein Stølen på hovudarrangementet under Life Science-konferansen måndag 14. februar. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er frå denne forskinga det gror, løysinga på ei ikkje varsla krise.  Me har også vore avhengige av organiseringa av det offentlege helsevesenet, kultur, strategiar og samarbeid mellom offentleg og privat sektor. Arbeidet for å utvikla vaksiner er avhengig av menneskelege og vitskaplege kapasitetar. Det me har gjort er å ha bidratt til meir tillit til forsking, var Svein Stølen overtydd om.

Partnarskap med universitet i Afrika

Samtidig kunne han visa korleis pandemien avslørte skilnadene i satsinga på grunnforsking mellom dei rike landa og dei fattigare landa i Afrika.

– Det me har lært av denne pandemien, er at låginntektslanda og mellominntektslanda ikkje har råd til å produsera eigne vaksiner. I Afrika taper universitet og høgare utdanning terreng i høve til høgare utdanning i andre land når det gjeld satsinga på grunnforsking. I 2020 peika me på ubalansen når det gjeld tilgang til vaksiner. No vil universitetsalliansen The Guild saman med organisasjonen for afrikanske forskingsuniversitet (ARUA) gå saman for å kunna samarbeida meir om forsking i åra som kjem. Dette skal bli partnarskap på likt grunnlag og det skal gi nye moglegheiter, sjansar og ein langt betre infrastruktur på det afrikanske kontinentet. Det blir også eit tema på det felles møtet mellom Den afrikanske union og EU denne veka, varsla han.

– Grunnforsking er opphavet og fødselen

Svein Stølen viste også til korleis forskarar frå forskjellige fagområde no kjem saman for å driva tverrfagleg forsking innanfor livsvitskap.

– Grunnforsking er opphavet og fødselen til både forskingskunnskap og forskingsbasert industri. Derfor må me samarbeida. Det vil koma ein ny pandemi, og den må me vera godt førebudde på, sa Svein Stølen.  

INNLEIARAR: Dei var innleiarar på Life Science-konferansen: F.v. Camilla Stoltenberg, Anne Helene Kveim Lie, Nils Chr. Stenseth, Bjørn Atle Bjørnbeth og Kristin Braa. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

• Les mer om korona i Uniforum: 

Regjeringen opphever kravet om en meters avstand på forelesninger

Studentene kan få mer fysisk undervisning på universitetene og høyskolene

UiO-rektor tar til orde for å fjerna meterkravet og ha mykje meir fysisk undervisning

Forskarforbundet krev at UiO dekkjer ekstrautgifter for heimekontor

Stenseth fryktar at koronapandemien fører til eit tap av ein ung forskargenerasjon

Nye koronaregler gir få endringer for UiO

Innfører koronakrav om digital undervisning og eksamen for universiteter og høyskoler

Regjeringen råder universiteter og høgskoler til mer bruk av digital undervisning og eksamen

UiO skjerper koronatiltakene

UiO ber sjuke studentar og tilsette  om å halda seg heime 

Emneord: Livsvitskap, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2022 04:30 - Sist endra 15. feb. 2022 09:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere