UiO-rektor tar til orde for å fjerna meterkravet og ha mykje meir fysisk undervisning

– Om det blir fjerning av raudt nivå for elevar i vidaregåande, må det opna for mykje meir fysisk undervisning på universiteta, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Portrett av ein mann i ein stol på eit kontor

FRÅFALL: – Det er mykje som tyder på at studentane er både slitne og leie. Me fryktar fråfall, seier UiO-rektor Svein Stølen. No ventar han på kva koronaavgjerder regjeringa tar denne veka. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne veka avgjer regjeringa om den skal fjerna nokre av koronarestriksjonane som blei innførte 16. desember. Då blei alle som kunne det, pålagde å jobba frå heimekontor, samtidig som universiteta og høgskulane blei bedne om å innføra meir undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning, og prioritera fysisk undervisning for dei studentane som måtte utføra viktige oppgåver i laboratorium og driva med ferdigheitstrening.

Samtidig blei det også innført nasjonal skjenkestopp og påbod om å bruka munnbind i butikkar og i kollektivtransporten.

Rektor Svein Stølen på Universitetet i Oslo meiner at studentane no må få høg prioritet av regjeringa. – Dei har hatt to tøffe pandemiår på hybel utan for mange sosiale kontaktar. Derfor er det viktig at det no  blir opna for endå meir fysisk undervisning og at kravet om ein meter avstand vert vurdert fjerna, seier Svein Stølen til Uniforum. 

– Naturleg å fjerna dagens restriksjonar for studentane

Han peikar på at det er diskusjon om gå vekk frå raudt nivå for elevar i den vidaregåande skulen.

 – Då er det også naturleg å fjerna dagens restriksjonar for studentane på universiteta og høgskulane, synest Stølen.

Og om det blir slutt på den nasjonale skjenkestoppen, ser han at det også kan gi fordelar for studentane.

– Då må også studentpubane opna igjen, slik at studentane kan få tilbake det sosiale livet og bli kjente med andre studentar, slår han fast.

Konsentrasjonsvanskar og psykiske plager

Stølen listar opp alvorlege fylgjer koronarestriksjonane har fått for studentane. 

– Det er meldt om konsentrasjonsvanskar, lågare læringsutbyte og at ein del ikkje har klart å fullføra emna og studia sine. I tillegg har mange ungdommar og unge vaksne rapportert om aukande psykiske plager, trekkjer han fram også i sin eigen rektorblogg  på nettet. 

– Det er mykje som tyder på at studentane er både slitne og leie. Me fryktar fråfall. Det vil vera krevjande for UiO, men langt viktigare; det er kritisk for kvar enkelt student, er han overtydd om.

– Vil normalisera situasjonen for studentane

Og Svein Stølen lovar at Universitetet i Oslo ikkje treng lang tid på seg for å kunna driva fysisk undervisning som før.

– Nei, det som er viktig er at me får fjerna meterkravet. Det vil normalisera situasjonen for studentane. For oss er det viktig å trekkja fram situasjonen for studentane i pandemitida. Dei har gått glipp av store delar av det sosiale studentlivet i dei to åra koronapandemien har vart, slår han fast.

Stølen er spent på kva regjeringa bestemmer seg for denne veka. 

– Studentane må no takast godt vare på, er oppfordringa hans.

• Les meir om korona i Uniforum:

Forskarforbundet krev at UiO dekkjer ekstrautgifter for heimekontor

Stenseth fryktar at koronapandemien fører til eit tap av ein ung forskargenerasjon

Nye koronaregler gir få endringer for UiO

Innfører koronakrav om digital undervisning og eksamen for universiteter og høyskoler

Regjeringen råder universiteter og høgskoler til mer bruk av digital undervisning og eksamen

UiO skjerper koronatiltakene

UiO ber sjuke studentar og tilsette  om å halda seg heime 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studenforhold Av Martin Toft
Publisert 11. jan. 2022 17:16 - Sist endra 8. feb. 2022 10:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere