Stenseth fryktar at koronapandemien fører til tap av ein ung forskargenerasjon

Koronatiltaka kan føra til at Europa taper ein heil generasjon med unge forskarar. Åtvaringa kjem frå den tidlegare leiaren for Det europeiske forskingsrådet og får støtte av biologiprofessor Nils Chr. Stenseth på UiO. 

MÅ BLI HEIME: – Og sidan dei ikkje kan dra ut, får dei altså heller ikkje høve til å bli kjent med fagfellar i andre land som dei kan utveksla idear med, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. Han meiner noko må gjerast for å hindra at ein generasjon med unge forskarar går tapt på grunn av koronatiltaka.

Foto: Ola Gamst Sæther

I ein artikkel i Research Europe åtvarar den tidlegare leiaren for Det europeiske forskingsrådet, Jean-Pierre  Bourguignon mot at tiltaka for å hindra koronapandemien å spreia seg, skal føra til at Europa taper ein heil generasjon av yngre forskarar.  Han viser til at koronarestriksjonane har gjort det nesten umogleg for både yngre og eldre forskarar å møta kvarandre på tvers av kontinent og land.  Nesten all kommunikasjon har gått føre seg digitalt, peikar han på. Og han har også samla inn informasjon om korleis tiltaka også har ført til at mange har brukt lenger tid på doktorgradsarbeidet sitt enn dei ville ha gjort i ein normalsituasjon. 

– Vurderer å avslutta ein akademisk karriere

Uniforum har tatt direkte kontakt med Jean-Pierre Bourguignon som no er tilbake i stillinga si som Nicolas Kuiper-æresprofessor ved universitetet Institut des Hautes Études Scientifiques I Bures-sur-Yvette i Frankrike. Han er framleis like opptatt av europeisk forskingspolitikk som då han var leiar for Det europeiske forskingsrådet.

No er han uroa for korleis koronatiltaka er i ferd med å spenna bein under arbeidet med å rekruttera unge forskarar og lata dei få høve til å reisa over landegrensene for å dra på konferansar og bli kjende med andre forskarar. Det fekk han til å skriva ein artikkel om problemet som først blei publisert i Research Europe.

IKKJE TOPP-PRIORITET: – For det første er det dei mange usikre perspektiva når det gjeld å få forskarstillingar i akademia, å investera i forsking er ikkje nokon topp-prioritet hos for mange av regjeringane, seier Jean-Pierre Bourguignion, tidlegare leiar for Det europeiske forskingsgrådet (ERC) (Foto: Open Science/Wikimedia Commons)

– Gjennom kontaktnettverket mitt fekk eg høyra frå forskjellige kjelder at arbeidet til mange unge forskarar er blitt påverka av pandemien. Konsekvensen er at fleire av dei vurderer ikkje å halda fram med ein akademisk karriere, fortel Bourguignon i ein epost til Uniforum.

– Kva går dei rapportane du har fått ut på når det gjeld situasjonen for dei unge forskarane i Europa under pandemien?

– Så langt eg veit, var den einaste institusjonen som sende eit spørjeskjema til alle pengemottakarane sin, the REA, organisasjonen til Europa-kommisjonen som er ansvarleg for Marie Sklodowska-Curie-ordninga. Dei offentleggjorde funna sine, og sjølv om mange av dei som dei gir pengar til, ikkje er i den verste økonomiske situasjonen, fortel dei likevel at pandemien har hatt ein negativ eller svært negativ påverknad på arbeidet deira, fortel Bourguignon. Han viser til at dette førte til at nokre unge forskarar straks forsøkte å  pressa EU-kommisjonen til å utvida støtta til dei på grunn av pandemien og vanskane den stelte i stand for dei.

– Svaret var dessverre negativt på grunn av juridiske årsaker, men dei unge bad deretter ombodsmannen om hjelp, seier han til Uniforum.

– Situasjonen varierer frå land til land

Sjølv har han enno ikkje fullt oversyn over kva land som har sett i verk hjelpetiltak for dei unge forskarane.

– Det som er sikkert er at situasjonen varierer frå land til land. Nokre land, som Frankrike, utvida stipendperioden, medan andre ikkje gjorde det. Eg har ikkje eit heilt detaljert oversyn over dette, og det er nettopp grunnen til at eg oppfordrar til å organisera ein konferanse der me kan få det kartlagt, peikar han på.

– Ikkje nokon topp-prioritet

Uniforum vil også gjerne vita kvifor han meiner ein heil forskargenerasjon vil gå tapt dersom politikarane og akademikarane ikkje gjer noko for å løysa dette problemet.

– Det eg byggjer oppfatninga av at unge forskarar held på å snu ryggen til ei akademisk karriere på, er det eg høyrer frå mange av mine fagfellar. Det finst to hovudgrunnar til det: For det første er det dei mange usikre perspektiva når det gjeld å få forskarstillingar i akademia, å investera i forsking er ikkje nokon topp-prioritet for altfor mange av regjeringane. Og den risikoen blir endå større etter kvart som det er klart at det blir moglege budsjettkutt etter den store pengebruken under den lange pandemiperioden.

– For det andre veit mange private selskap at dei må få tak i folk med vitskapleg kompetanse på eit høgt nivå for å få gjennomført fleire oppdrag der dei veit dei må vera i stand til å handla raskt. Resultatet av det er at det er eit stort press på å rekruttera godt kvalifiserte unge personar med forskingskompetanse. Og det er velkjent at privat sektor nesten overalt kan tilby lønner som er langt betre enn i akademia, konstaterer han overfor Uniforum,

83 prosent rapporterer om negativ effekt

I nokre land har dei unge fått litt i kompensasjon for tapt arbeidstid, medan yngre forskarar i andre land ikkje har fått noko hjelp. Jean-Pierre Bourguignon dokumenterer det med ei undersøking utført på oppdrag frå EU-kommisjonen som viser at  83 prosent av dei yngre forskarane som blir finansierte frå Marie Sklodowka-Curie-ordninga meiner koronaepidemien har hatt ein negativ effekt på forskingsarbeidet deira. No oppfordrar han også til ein konferanse i regi av EU-kommisjonen der problemet kan bli tatt opp.  “Det kan gjerast i første halvdelen av 2022 under formannskapet til Frankrike, føreslår Jean-Pierre Bourguignon.

Støttar oppfording om eigen konferanse

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth støttar oppfordringa frå den tidlegare leiaren for Det europeiske forskingsrådet.

– Dei unge forskarane byggjer gjerne opp nettverka sine på konferansar der dei held innlegg. Om kvelden går dei gjerne ut saman for å eta, ta ein øl og ha sosialt samvær, og det er slik nye kjennskapar og nye forskarnettverk vert knytte saman, fortel han utifrå eiga erfaring.   

Med stengde grenser og koronarestriksjonar er det blitt slått på pauseknappen for  slike internasjonale konferansar.  Nesten all internasjonal kommunikasjon har gått føre seg digitalt på Zoom eller på Microsoft Teams.  

Stenseth viser til at dei yngre forskarane også har andre plikter dei må oppfylla.

– Dei må ta seg av familie og barn, og kan ikkje bruka heile dagen til forsking.  Og sidan dei ikkje kan dra ut, får dei altså heller ikkje høve til å bli kjent med fagfellar i andre land som dei kan utveksla idear med.  Me etablerte forskarar har allereie eit nettverk. Så for oss er ikkje dette eit problem, meiner Stenseth. 

– Kan koma ut skadeskotne

Den kjente pest- og koroanaforskaren og tidlegare preses for Vitskapsakademiet viser til at Noreg og verda no er på veg inn i det tredje året med koronatiltak.  

– Tre år er ein heil stipendperiode for ein doktorstudent. Og det ser ut til at den internasjonale kommunikasjonen må gå føre seg digitalt også i tida framover. Ein heil generasjon unge forskarar kan koma ut skadeskotne. Eg er overraska over at styresmaktene og forskingsleiarane ikkje er meir opptekne av dette tapet av ein heil generasjon enn det dei er, synest Stenseth.

– Mobilitet gir dei unge forskarane høve til å vera på ein ny institusjon og få nye tankar og sjansen til å læra nye metodar og angrepsvinklingar på forskinga si, veit han. 

– Ansikt-til-ansikt-møte er svært viktig

Derfor meiner han at dei yngre som forskar i koronatida, går glipp av eit svært essensielt element i all forsking.

 – Ansikt-til-ansikt-møte er svært viktig.  For det er berre slik forskarane kan få stilt dei rette spørsmåla til kvarandre. For då kan dei sitja rundt eit bord og reflektera betre saman, trur han.

– I Noreg har jo stipendiatar fått kompensasjon for tapt forskingstid. Kan dei eigentleg forlanga meir?

– Dei har kanskje fått forlenga stipendiatperioden med eit halvt år, men det er lite når dei kanskje har tapt meir enn to år som ein konsekvens av koronarestriksjonane, synest Stenseth.  

– Dessutan dreiar dette seg ikkje berre om tid, men høve til å treffa kollegaer internasjonalt ansikt-til-ansikt, gjentar han.

Derfor er biologiprofessoren sikker på at forslaget frå Jean-Pierre  Bourguignon om ein eigen konferanse om dette, absolutt vil ha noko føre seg.

– Eg er positiv til det forslaget som eg trur kan gi eit meir fullstendig bilete av den negative effekten pandemien har hatt for forskinga til dei yngre forskarane.

 • Les artikkelen til Jean-Pierre Bourguignon: 

Act now or face a lost generation, Research Europe, 09 Dec, 2021

 • Les meir om korona i Uniforum: 

Nye koronaregler gir få endringer på UiO

Innfører koronakrav om digital undervisning og eksamen for universiteter og høyskoler

Regjeringen råder universiteter og høgskoler til mer bruk av digital undervisning og eksamen

UiO skjerper koronatiltakene

UiO ber sjuke studentar og tilsette  om å halda seg heime 

Ansatte og studenter er uenige om koronakonsekvenser for undervisningen

Foreslår massetesting av studenter og utvidelse av vårsemesteret

HumSam-biblioteket åpner dørene igjen mandag 12. april

Hurtigtesten for korona får stryk i Danmark

UiO-rektor om gjenopning: – Eg håpar utanlandske forskarar kan prioriterast på 2. trinn

Emneord: Arbeidforhold, Forskning, ERC, EU, koronavirus, koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere