Forskarforbundet krev at UiO dekkjer ekstrautgifter for heimekontor

Den 16. desember fekk alle UiO-tilsette beskjed om at alle som kan, skal arbeida frå heimekontor. No ber Forskarforbundet om at UiO gir dei kompensasjon.

Portrett av ei kvinne ved sida av ei dør

KOMPENSASJON: Forskarforbundet krev at UiO gir kompensasjon til alle UiO-tilsette for bruk av heimekontor. Det synest hovudstillitsvald Belinda Eikås Skjølstad er eit rimeleg krav. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Straks etter sommarferien begynte dei fleste UiO-tilsette å jobba frå kontoret på arbeidsplassen etter å ha brukt heimekontor i rundt ni månader på grunn av koronatiltak. Studentane hadde også fått tilbake ein god del fysiske førelesingar og eksamenar.

Måtte venda tilbake til heimekontoret

Dette tok ein brå slått den 16. desember då regjeringa innførte nasjonale reglar for å stansa den omfattande smittebølgja frå omikron-varianten av koronaviruset. Det førte til at alle som kan jobba frå heimekontor, skal gjera det. Studentane måtte også gå over til digitale eksamenar der det var mogleg. Dermed måtte fleirtalet av dei UiO-tilsette venda tilbake til heimekontoret, og der må dei halda seg i alle fall fram til 16. januar då dei nasjonale koronatiltaka skal vurderast på nytt av regjeringa i samråd med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Ekstra belastningar for dei tilsette

Den 16. desember hadde også UiO-leiinga og fagforeiningane eit informasjons-, diskusjons- og forhandlingsmøte (IDF-møte). Der la Forskarforbundet fram krystallklare krav om at dei UiO-tilsette måtte få kompensasjon for ekstra straumutgifter og nettutgifter for å jobba frå heimen i staden for den faste arbeidsplassen på universitetet.

Hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjølstad meiner det er rimeleg å be om ekstra pengar for dette.

– Undervisning vert igjen lagt om til kun digital under pandemien, førelesingssalane står tomme, og dei fleste tilsette er sende på heimekontor. Forskarforbundet har føreslått at det vert gitt straumkompensasjon til tilsette og at utgifter til telefon/internett vert kompensert. Det er tunge tider med høge straumutgifter heime, og tilsette har også ekstra belastningar med utgifter til internett/telefon, fortel Belinda Eikås Skjølstad i ein epost til Uniforum.

Ho har notert seg haldninga til arbeidsgjevaren UiO på forslaget frå Forskarforbundet.

– Me er glade for at arbeidsgjevar har svart at dei skal sjå på dette og vurdera innspelet vårt, konstaterer Eikås Skjølstad.

Arbeidsgjevar bestemmer kompensasjonen

– Kor stor synest Forskarforbundet kompensasjonen bør bli?

– Me overlet til arbeidsgievar å vurdera storleiken på eventuell kompensasjon, og me set det også i samanheng med utgifter til internett/telefon. 

– Kvifor meiner Forskarforbundet at det blir større straumutgifter og internettutgifter om folk arbeider heimifrå?

– I periodar med kun heimekontor kan ikkje straum enkelt justerast ned heime slik mange gjer elles når dei er borte på dagtid, slår ho fast. Forskarforbundet har også lagt ut ei sak om dette på nettsidene sine. 

Uniforum har også sendt ein førespurnad til UiO-leiinga for å høyra korleis dei stiller seg til kravet frå Forskarforbundet. Førebels har me ikkje fått noko svar.

Under perioden med heimekontor frå november i fjor og fram til og med april i fjor blei alle UiO-tilsette kompensert med 7000 kroner kvar før skatt. Meininga var at pengane skulle dekkja ekstra utgifter til nett og anna elektronisk utstyr på heimekontoret. 

• Les meir om korona i Uniforum: 

Nye koronaregler gir få endringer for UiO

Innfører koronakrav om digital undervisning og eksamen for universiteter og høyskoler

Regjeringen råder universiteter og høgskoler til mer bruk av digital undervisning og eksamen

UiO skjerper koronatiltakene

UiO ber sjuke studentar og tilsette  om å halda seg heime 

Ansatte og studenter er uenige om koronakonsekvenser for undervisningen

Foreslår massetesting av studenter og utvidelse av vårsemesteret

HumSam-biblioteket åpner dørene igjen mandag 12. april

Hurtigtesten for korona får stryk i Danmark

UiO-rektor om gjenopning: – Eg håpar utanlandske forskarar kan prioriterast på 2. trinn

Åpner for økt fysisk undervisning fra slutten av mai

UiO innfører også strengere nasjonale regler

Universitetet i Oslo gjenåpner lesesalene fra mandag

UiO stenger alle bygninger for studenter fra tirsdag 16. mars

Dansk forsker: – Norge vinner tillitskampen

Tre av 1600 symptomfrie på UiO var koronasmitta

 

Emneord: Koronaviruset, Koronavirus, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 3. jan. 2022 04:30 - Sist endra 4. jan. 2022 17:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere