Hever ikkje aldersgrensa i staten til 72 år

Regjeringa skrinlegg forslaget om å heve den alminnelege aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år.

Portrett av ei kvinne

NEI TIL ALDERSGRENSE PÅ 72: Regjeringa og arbeids- og sosialminister Hadia Tadik seier nei til alminneleg aldersgrense på  72 år i staten.

Foto: NTB-kommunikasjon og Statsministerens kontor

Det var regjeringa Solberg som i desember i fjor la fram eit forslag om å heva aldergrensa i  staten frå 70 til 72 år i Prop. 227 L (2020 2021). 

Regjeringa Støre  trekte  lovforslaget sist fredag. 

– Både Sysselsettingsutvalet og eit stort fleirtal av høyringsinstansane var imot dette forslaget. Då høyrer me på dei og legg det vekk, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik i ei pressemelding.

– Det er semje om å tilrettelegge arbeidslivet slik at fleire maktar å stå lenger i arbeid. Regjeringa vil sjå på andre grep for å nå dette, slik både Sysselsettingsutvalet og fleire av høyringsinstansane har oppfordra til, legg statsråden til.

Mange høyringsinstansar, både på arbeidsgjevar- og arbeidstakersida, meiner mellom anna at ein må halde på 70- grensa for å unngå uverdige og konfliktfylte avgangar frå arbeidslivet.

Skulle sikra berekrafta i velferdssstaten

Framlegget om å lata statstilsette få høve til å jobba heilt fram til dei fyller 72 år, blei presentert av Solberg-regjeringa 3. desember i fjor.  Då hadde regjeringa i Granavolden-plattforma eitt år tidlegare, lova at regjeringa vil "Øke den alminnelige aldersgrensen i staten til 72 år, slik den er i arbeidsmiljøloven". Fungerande arbeids-og sosialminister Henrik Asheim meinte ei slik reform ville vera viktig for velferdsstaten.  

– Det er nødvendig at fleire står lenger i arbeid for å sikra  berekrafta i velferdsstaten. Me veit også at mange eldre ynskjer å jobba lenger enn dei har høve til i dag, og ved å heva aldersgrensa til 72 år vil fleire få høve til dette, sa Henrik Asheim i ei pressemelding i desember i fjor.  Han la til at heva aldersgrense gir staten betre høve til å halda på særleg erfaren arbeidskraft lenger og at mange av desse har spisskompetanse. 

– Ein sterkt forelda regel

Uniforum skreiv sist torsdag om 70- åringen Johan Storm på Institutt for medisinske basalfag. Der prøvde leiinga å flytta professor emeritus Johan Storm ut frå kontoret sitt på Domus Medica.  Grunngjevinga var nettopp at han hadde fylt 70 år, og at han då er pålagt å flytta ut to månader etter at han har gått av for aldersgrensa. I den saka blei flyttinga i siste liten utsett til 10. desember.

• Les også: Johan Storm må ut av kontoret: – Eg vil fullføra prosjekta mine

Sjølv meinte Johan Storm at UiO tapte mykje på at dei tilsette ikkje kan halda fram til dei fyller 72 år. 

 – Eg har i mange år høyrd at seniorpolitikken på UiO er full av manglar, og dei siste åra har eg sjølv sett mange døme på dette. Me må framleis slutta på UiO straks me fyller 70 år, sjølv om grensa i andre delar av staten er 72 år. Dette er etter mitt og mange sitt syn ein sterkt forelda regel som gjer at universitetet og samfunnet sløser bort mykje svært verdifull kompetanse og ressursar, seier Storm. 

No ser det likevel ikkje ut til at det blir lempa på den regelen verken på UiO eller i resten av staten etter at regjeringa har trekt lovframlegget som Solberg-regjeringa la fram i desember i fjor. 

 • Les meir om aldersgrensa i staten i Uniforum: 

Johan Storm må ut av kontoret: – Eg vil fullføra prosjekta mine

Robert Marc Friedman: – Det var som om jeg ikke eksisterte

Ord og handling harmonerer dårlig ved UiO

Ikke mulig å motta full lønn ved siden av pensjonen

Snart 70 - nektar å pensjonera seg

De usynlige

Hvorfor verdsettes ikke kunnskap ved Universitetet i Oslo?

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 22. nov. 2021 14:28 - Sist endra 22. nov. 2021 14:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere