UiO ber om millionar til vanskelege språk og teknologiutdanning

Fireårig bachelor i utvalde språkfag, auka satsing på teknologiutdanning på Kjeller og ein auke i utdanningskapasiteten for medisinarar. Det er prioriteringane UiO ber om i statsbudsjettet for 2023.

Fleire personar er samla rundt eit møtebord

TILBAKE I PROFESSORBOLIGEN: Universitetsstyret vender tilbake til Professorboligen for første gong sidan koronapandemien i morgon tysdag 19. oktober klokka 10.00. Biletet er frå februarmøtet i 2020. (Arkivfoto)  

Foto: Ola Gamst Sæther

I sakslista til morgondagens møte i Universitetsstyret går det fram kva satsingar og prosjekt  utanfor ramma UiO kjem med innspel til Støre-regjeringa om før den skal sy saman eit forslag til statsbudsjett for 2023.

Innanfor utdanning er det altså ei satsing på fireårig bachelor for dei spesielt vanskelege språkfaga japansk, kinesisk og arabisk. Det blir bede om pengar til det fjerde året for 15 studieplassar for kvart av dei tre språkfaga, altså til saman 45 studieplassar. Det vil til saman gi ein kostnad på 4,2 millionar kroner.

500 studieplassar i Lillestrøm

UiO vil også halda fram med den store satsinga på teknologiutdanning ved Institutt for teknologisystem og forskingsinstitutta på Kjeller. Dette reknar UiO som ein innsats for det omtalar som Noregs raskast veksande kommune, Lillestrøm.

Dei ber difor regjeringa finansiera 100 studieplassar årleg over fem år, i tillegg med til saman 25 rekrutteringsstillingar fordelte med fem i året i fem år  i samarbeid med næringslivet.

Når det gjeld budsjettet for 2023, vil dette innebera ein  tildeling til etablering av 100 studieplassar frå haustsemesteret. I reine pengar utgjer det 4,7 millionar kroner til studieplassane, og 23 millionar kroner til rekrutteringsstillingane.

To nye medisin-campus

Satsinga til UiO vill ikkje minst gjelda for den framtidige utdanninga av medisinarar der planlegginga av ein eigen UiO Campus Sør er godt i gang.

I tillegg skal det opprettast eit campus for medisinarar i Innlandet. UiO vil gjerne leggja denne campusen til det planlagde storsjukehuset Mjøssykehuset.

Med fleire studentar vert det også behov for å byggja om eller byggja ut Domus Medica på Gaustad, går det fram av styrepapira. Dette er ei oppfylging av tilrådingane til Grimstadutvalet om å auka kapasiteten for utdanning av medisinarar.

Nye faglege aktivitetar på Nedre Blindern

Også når det gjeld byggjeprosjekt kjem UiO med klare ynskje. UiO ber regjeringa oppretthalda løyvingane til prosjektering som allereie er gitt. Universitetsdirektøren trekkjer spesielt fram nytt klinikkbygg for odontologi.

Eit anna krav frå UiO er at avbyråkratiserings- og effektiviseringskuttet (ABE) blir fjerna. Ifylge universitetsdirektøren er dette eit rammekutt som svekkjer den faglege aktiviteten til UiO.

UiO vil dessutan utarbeida ein fagleg plan for Nedre Blindern som skal utgjera grunnlaget for bruken av dette arealet i framtida. Tanken er at etter at Kjemisk og Farmasøytisk institutt har flytta inn i Livsvitskapsbygget, skal UiO utnytta dei ledige lokala til andre faglege aktivitetar.  

Her viser UiO til at konseptet vil knytast til det heilt nye punktet i Universitets- og høgskulelova om at universitet og høgskular skal «bidra til en miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig utvikling.»

Odontologi må gi tilbake 5,2 millionar kroner

Universitetsstyret får også ein verksemdsrapport frå 2. tertital 2021 på bordet. Den viser mellom anna at Det odontologiske fakultetet må tilbakeføra 5,2 milllionar kroner som er for mykje kompensert for faktiske inntektstap i 2020.

Samtidig får Kulturhistorisk museum ein auka kompenasjon på 7,54 millionar kroner for faktiske inntektstap.

I tillegg vert det sett av 2,02 millionar kroner frå avsetjinga til uføresette kostnader som ein konsekvens av koronakrisa, står det i sakspapira. 

I tillegg blir det gjort framlegg om at Universitetsstyret skal stemma for ein standard for forskingsintegritet.

Universitetsstyret skal også ta stilling til to andre viktige saker, men dei skal handsamast bak stengde dører. Den første saka er tilsetjing av ny fakultetsdirektør på Det odontologiske fakultetet. Den siste saka handlar om finansieringa av rehabiliteringa av Eilert Sundts hus på Blindern.

Dette er heile saklista til morgondagens møte i Universitetsstyret: 

Møte nr. 6/2021 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet her. 

 

Tid og sted: 19. okt. 2021 10:0016:00Professoboligen, Karl Johansgate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-SAK 2 Fakultetsdirektør ved Det odontologiske fakultet

Saksnr. 2021/4465

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 25


V-SAK 3 Økonomiske rammer for rehabilitering av Eilert Sundts hus B

Saksnr.

Saken er unntatt offentlighet etter  offl. § 23


Saker til behandling i åpent møte møte

Ordinære saker


V-SAK 4 Standard for forskningsintegritet

Sak nr.: 2020/13385

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar forslaget til standard for forskningsintegritet.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 1 Forslag til statsbudsjett 2022 – Hva innebærer dette for UiO?

Saksnr. 2021/6027

Saksdokumenter:


Ordinære saker


V-SAK 5 Budsjettinnspill 2023

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til universitetsdirektørens fremlagte prioriteringer til satsingsforslag utenfor rammen for 2023.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 Virksomhetsrapport 2. tertial 2021

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

  1. Styret tar virksomhetsrapporten for 2.tertial 2021 til etterretning
  2. Styret vedtar følgende avregning/inndekning av faktiske inntektstap i 2020:
    1. KHM får en økt kompensasjon på 7,54 mill. kroner
    2. OD tilbakefører 5,28 mill. kroner som er for mye kompensert
    3. Det disponeres 2,02 mill. kroner fra avsetningen til uforutsette kostnader som følge av koronakrisen.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 2 Etatsstyring 2021 – tilbakemeldingsrapport fra Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 2008/3606

Saksdokumenter:


I-SAK 3 Læringsmiljøutvalgets årsrapport 2020/2021

Saksnr. 2021/13886

Saksdokumenter:


I-SAK 4 Status for UiOs helhetlige klima- og miljøstrategi

Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-SAK 5 Halvårsrapport 2021 – Enhet for internrevisjon

Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-SAK 6 Status bygge- og eiendomssaker

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Universitetsdirektørens orienteringer

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i  lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 2 Eventuelt


Ordinære saker


V-SAK 7 Godkjenning av protokoll for  inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


 

 

Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. okt. 2021 14:27 - Sist endra 19. okt. 2021 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere