UiO fekk skryt for satsing på framtidsteknologiar på Romerike

UiO fekk honnør for satsing medan OsloMet fekk kritikk for utflytting då kompetanse- og utdanningsbehovet for framtidas arbeidsliv på Romerike var tema for ein debatt på Lillestrøm i går kveld.

Ein mann med briller står framfor ein skjerm og snakkar

SATSING:  UiO-rektor Svein Stølen fortalde om kor viktig det er å satsa på framtidsteknologiar på Kjeller på eit debattmøte på  Lillestrøm i går. 

Foto: Martin Toft

Det var Kunnskapsbyen Lillestrøm som arrangerte debatten som blei sparka i gang av påtroppande direktør Inger Lise Melby-Nøstvik. Ho peika på at Romerike var den raskast veksande regionen i Noreg, og at den i løpet av dei siste 20 åra i prosent hadde auka folketalet dobbelt så mykje som resten av Noreg. Nøstvik peika på at det var store næringar i regionen både innanfor mellom anna bygg og anlegg, helsetenester og transport.  

– Dei tilsette er ein viktig ressurs, og derfor er utdanning og kompetanse viktig. Derfor er det behov for satsing på utdanning i regionen i nær dialog med næringslivet, meinte Nøstvik.

– Bedriftene treng meir kompetanse og fleire folk

Og ho fekk sterk ryggdekning frå regiondirektør for NHO Viken Oslo, Nina Solli.

– No etter at pandemien er over er problemet mangel på arbeidskraft. Me har fått sett i gang nødvendige endringar som digitalisering og grønt skifte. Bedriftene treng difor meir kompetanse og fleire folk, trekte ho fram. Så viste ho til at Noreg har utdanna mange personar, men at bedriftene likevel seier dei ikkje får tak i fagfolk.

– Kva gjer me med det? Det kan tyda på at me har eit utdanningssystem som ikkje leverer det næringslivet treng. 26 prosent av bedriftene seier at dei ikkje har nok folk med IKT-kompetanse, fortalde ho.

ARBEIDSPLASSAR: Regiondirektør Nina Solli i NHO Viken Oslo viste til korleis Noreg må klara å skapa 250 000 nye arbeidsplassar, og rundt 50 000 av dei i Oslo-regionen dei neste ti åra.  (Foto: Martin Toft)

Nina Solli viste til at Noreg må klara å skapa 250 000 nye arbeidsplassar dei neste ti åra. I Oslo-regionen vil det utgjera 50 000 nye jobbar og i Nedre og Øvre Romerike til saman 12 000 nye jobbar.

– Me må tetta kompetansegapet og utdanningssystemet må levera den kompetansen me har bruk for. Studentar kan ikkje ta utdanningar som ikkje gir dei jobb i andre enden, meinte ho.

Nina Solli drog så fram eit døme på at det er mogleg å få til.

– Det trengst meir satsing slik UiO og Institutt for teknologisystem gjer saman i regionen. Så må det vera mogleg å vera i ein jobb og auka kompetansen sin samtidig. I Kongsberg samarbeider utdanningsinstitusjonane og næringslivet på den måten, konstaterte ho.

NHO-leiaren understreka kor viktig det var med nok studieplassar.

– Me kan ikkje skalera ned talet på studieplassar, derimot må me ha fleire. Utdanningsinstitusjonane må derfor i dialog med næringslivet og vice versa, var ho overtydd om.

– Læring gjennom heile livet for alle

Førstesekretær i LO Julie Lødrup var ikkje ueinig i at dei tilsette måtte få heva kompetansen sin på arbeidsplassen.

– Noreg skal ha verdas beste hjerneforskarar, verdas beste sivilingeniørar, men også verdas beste bussjåførar og butikkmedarbeidarar. Det skal vera læring gjennom heile livet for alle, slo ho fast. Ho åtvara mot at det berre var prioriterte grupper som skulle få høve til å heva kompetansen sin på jobben.

HEILE LIVET: – Det skal vera læring gjennom heile livet for alle, sa Julie Lødrup, førstesekretær i LO. (Foto: Martin Toft)

– Og så må gjera noko med reglane som i dag gjer det lettare for ein vaksen person med statsvitskapsutdanning å koma inn på sjukepleiarutdanning enn ein helsefagarbeidar med 20 års fartstid i helsevesenet, føreslo Julie Lødrup.

– Me må ta utgangspunkt i trepartssamarbeidet og så må universiteta, høgskulane og fagskulane også vera med, la ho til.

– Noreg treng ei ambisiøs satsing på framtidsteknologiar

Etter å ha lytta i ein halv time på innspela frå NHO og LO, fekk UiO-rektor Svein Stølen ordet. Han kom først inn på korleis UiO saman med Oslo kommune og Oslo universitetssykehus hadde etablert Oslo Science City som eit innovasjonsdistrikt der Livsvitskapsbygget hadde ein sentral plass. Deretter viste han korleis UiO no ynskjer å satsa på Romerike.

– Det er sterke fagmiljø på Kjeller. Noreg treng ei ambisiøs satsing på framtidsteknologiar på Kjeller. Derfor ber me om 500 studieplassar over tid. Og det skal me få til, var Svein Stølen heilt sikker på.

– Og så har me etablert Honours-programmet med Filosofi, statsvitskap og økonomi. Det kallar me for statsministerskulen, fortalde han.

Han fridde også til regionen.

– Det er heilt avgjerande for oss å få til eit samarbeid med dykk om dette.

Stølen viste også fram døme på korleis viktig forskingsfunn har sprunge ut av fagmiljøa på Kjeller. Atomenergi, fleirfasestrøyming,radiofarmasi, solceller og batteri, var blant områda han nemnte.

På jakt etter nytt campus på Romerike

For fungerande rektor Nina Waaler ved OsloMet var det ikkje like enkelt å møta politikarar og representantar for næringslivet på Romerike. I juni bestemte styret for OsloMet å vurdera fire nye campustomter på Romerike etter at det er bestemt at dei skal flytta ut av campus Kjeller. Utflyttinga skal skje i 2024.

– Me har gjort våre erfaringar. Dei skal me byggja på når me etablerer ein ny campus på Romerike. No står det mellom to tomter på Ahus, ei på Lillestrøm og ei på Jessheim. Då ser me på behovet for å utvikla intelligente helsetenester og behovet for etter- og vidareutdanning, fortalde ho.

FIRE AKTUELLE CAMPUS-TOMTER: – No står det mellom to tomter på Ahus, ei på Lillestrøm og ei på Jessheim. Då ser me på behovet for å utvikla intelligente helsetenester og behovet for etter- og vidareutdanning, fortalde fungerande rektor Nina Waaler på OsloMet. (Foto: Martin Toft)

Nina Waaler presenterte også planar for korleis OsloMet vil knyta seg tett til relevante arbeidsplassar og inngå eit samarbeid som vil gi barnehagar status som universitetsbarnehagar og sjukeheimar status som universitetssjukeheimar.  

– Vil oppretta psykologistudium

Men først og fremst var ho opptatt av å fortelja at OsloMet no håpa å få etablert eit heilt nytt studium.

– Etter at regjeringa har oppheva gradsføreskrifta vil OsloMet oppretta eit psykologistudium. Me vil samarbeida om etablering av eit slikt studium. Og det er viktig at me har me oss næringslivet i regionen. Derfor vil me også etablera både offentleg ph.d. og næringslivs-ph.d. Romerike er ein region med sterk vekst som har ei unik plassering i hovudstadsområdet. Derfor treng regionen relevant arbeidskraft. Då er OsloMet viktig, understreka ho.

– Utruleg synd

I ein politisk debatt etterpå mellom Anniken Huiftfeldt frå Arbeidarpartiet, Turid Kristensen frå Høgre og  Else Marie Tveit Rødby frå Senterpartiet fekk OsloMet sterk kritikk for avgjerda om å flytta ut av Campus Kjeller.  Det var Høgres Turid Kristensen som brukte dei hardaste orda.

 

 

KOMPETANSE OG UTDANNING: Politikarane Anniken Huitfeldt (Ap), Turid Kristensen (H) og Else Marie Tveit Rødby(Sp) var einige om behovet for auka kompetanse og utdanning på Romerike. Alle var imponerte over satsinga til UiO på Kjeller. (Foto: Martin Toft) 

– Nina Waaler snakkar om kor viktig det er å stilla krav til faglege synergiar dersom eit fagmiljø skal flyttast innanfor Romerike.  Men det er ingen slike krav ved  flytting  av eit fagmiljø Oslo. Og det ville vera utruleg synd, om dei til dømes vil flytta Kompetansesenteret for yrkesfag til Oslo.  Kommunane i regionen må samarbeida seg i mellom utan at det blir ei kniving mellom dei, var oppfordringa ho kom med.

Else Marie Tveit Rødby frå Senterpartiet var også imponert over planane til UiO.

– Me er veldig fascinerte over det som UiO legg fram og vil ha på Kjeller, sa ho. Så peika ho på at då Høgskolen i Oslo og Akershus blei etablert, skulle det føra til at mellom 5000 og 6000 studentar skulle ha sin daglege virke i området.

– OsloMet bør endra seg og gi staten styringssignal. Når det gjeld nedlegging av studiestader, bør ikkje det vera opp til institusjonane åleine, meinte ho.

– Ikkje kall det for statsministerskule

Anniken Huitfeldt frå Arbeidarpartiet lova at partiet ville auka talet på studieplassar med 3000 slik det hadde gjort i alle sine alternative budsjett fram til no. Og så kom ho med eit lite stikk til UiO-rektor Svein Stølen.

– Det er flott at det har etablert eit nytt og populært studium. Men ikkje kall det for statsministerskule. Det kan dei gjera i Storbritannia. Kall det Honours-programmet. Det er heilt greitt, var rådet ho kom med.

 

 

Emneord: Utdanning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2021 14:36 - Sist endra 26. aug. 2021 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere