Medisin på UiO kan få 230 nye studieplassar i 2027

UiO kan få 230 nye studieplassar i medisin innan 2027. Til saman kan norske medisinutdanningar få 440 nye studieplassar. Det føreslår Grimstad-utvalet som overrekte rapporten sin til statsråd Iselin Nybø i formiddag.

Iselin Nybø held rapporten ho fekk frå Hilde Grimstad framfor seg.

REFORMER: Utvalet som NTNU-professor Hilde Grimstad (t.h.) har leia, føreslår mange reformer i medisinutdanninga. Eit av forslaga går ut på å auka talet på studieplassar med 440 innan 2027. I dag gav Hilde Grimstad rapporten til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

– Dette vil kosta staten 1,2 milliardar kroner. I pressa økonomiske tider er det ikkje sikkert at me klarer å gjennomføra dette innan 2027, men kanskje ein gong lenger inn i framtida. Det sa Iselin Nybø rett etter at ho hadde tatt imot rapporten frå utvalsleiar Hilde Grimstad, som er medisinprofessor ved NTNU i Trondheim.

3200 norske medisinstudentar i utlandet

I dag tar 3600 personar medisinutdanning i Noreg, medan det er 3200 norske medisinstudentar ved utanlandske universitet. No ynskjer Noreg at endå fleire skal ta medisinutdanninga si her i landet. Det er bakgrunnen for at det for eitt år sidan blei sett ned eit utval leia av Hilde Grimstad frå NTNU, som skulle sjå nærare på korleis det ville vera mogleg å auka talet på studieplassar i Noreg. Det skulle også vurdera ulike modellar for studium i klinisk medisin, mellom anna eit mogleg samarbeid mellom Stavanger universitetssjukehus, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen.

Utvalet kjem med 19 tilrådingar, og 16 av dei er heile utvalet einig om.

No tar rundt 60 prosent av norske legar utdanninga si ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim eller ved Universitetet i Tromsø. Oppgåva utvalet har fått, er å få 80 prosent av norske legar til å ta utdanninga si ved ein norsk lærestad.  

Utvalet kjem difor med fylgjande tilrådingar:

  • Talet på studieplassar på medisin skal auka frå dagens 636 til 1076 innan 2027
  • Utdanningane skal tilpassast helsetilstanden, helsetenesta og innbyggjarane i Noreg og det som vert kalla for nye nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane.
  • Lånekassen si støtte til medisinutdanning i utlandet skal reduserast parallelt for å oppnå balanse mellom behov og tilgang på legar.
  • Det skal greiast ut ei ordning der mellom 5 og 10 prosent av legane vert utdanna ved nærare definerte studiestader i utlandet med finansiering frå Lånekassen.

Når det gjeld studiemodellar, så går heile utvalet inn for eit 6 år langt integrert studieprogram. Samtidig vil dei også ha studiemodellar som inkluderer større delar av helsetenesta med nye studiestader utanfor universitetsbyane.

Utvalet rår også til at det blir ei fleksibel praktisering av grensene mellom helseregionane om fordeling av praksisplassar mellom studiestadene.

For å få tilbake ein del av utanlandsstudentane meiner halve utvalet at det bør etablerast 3 eller 4 år lange ikkje-varige studium. Halve utvalet går også inn for å halda på dagens ordning med fire universitet som tildeler gradsutdanning i medisinstudiet. Den andre halvdelen går inn for å ha høve til å tildela gradsrettar til andre universitet.

450 studieplassar i medisin på UiO i 2027

Dersom opptrappingsplanen til utvalet blir fylgt, kjem Universitetet i Oslo til å ta opp 450 studentar på medisinstudiet kvart år frå 2027. Det vil då utgjera 15,1 plassar for kvar 100 000 innbyggjar i Helse Sør-Aust. Universitetet i Bergen vil få 285 studieplassar, det vil seia 25,7 plassar for kvar 100 000 innbyggjar i Helse Vest. NTNU får 200 studieplassar, noko som tilsvarar 27,5 plassar for kvar 100 000 innbyggjar i Helse Midt-Noreg. Universitetet i Tromsø får 141 studieplassar. Det vil utgjera 29,1 plassar for kvar 100 000 innbyggjar i Helse Nord, går det fram av rapporten frå Grimstad-utvalet.

Slik vil utvalet auka studieplassane i medisin:

UiO:

- 220 studieplassar i dag

- 450 studieplassar i  2027

UiB: 

- 165 studieplassar i dag

- 285 studieplassar i 2027

NTNU: 

-135 studieplassar i dag

- 200  studieplassar i 2027

UiT

- 116 studieplassar i dag

-141 studieplassar i 2027 

(Kjelde: Rapporten frå Grimstad-utvalet) 

 

Nærare samarbeid mellom universiteta i Bergen og Stavanger

Med den modellen som utvalet føreslår, vert det eit endå nærare samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Utvalet tilrår at dei to institusjonane samarbeider om utforming av eit heilskapleg studieløp, og spesielt om dei siste åra. Det skal gjerast saman med helsetenestene i Stavanger-regionen. Fem av seks i utvalet går inn for at ei campusløysing i Stavanger bør byggja på at studentar skal bli tekne opp ved Universitetet i Bergen og ha dei første studieåra i Bergen, dei siste i Stavanger.

– Viktigare å utdanna fleire i Noreg

Utvalsleiar Hilde Grimstad meiner det er heilt naudsynt å få utanlandsstudentane i medisin heim igjen til Noreg.

– I framtida blir det viktigare at me utdannar fleire i he i landet  Dei som er i gang med utdanninga i utlandet, har begynt på eit studieløp som ikkje alltid er så godt å tilpassa i det norske. Dei må då henta seg inn i eit norsk studieløp, og det kan like godt gjerast etter studiet. Det er heller ikkje så lett for oss å ta imot studentar frå studiestader som har basert seg på at studentane skal vera der under heile studieløpet. Det må eventuelt gjerast i ein avtale med dessse studiestadene, seier Hilde Grimstad til Uniforum.

– Ei ekstra utfordring til UiO

Ho trur at universiteta i Noreg vil vera positive til forslaget om å auka talet på studieplassar i medisin.

– Universitetet i Bergen har me utfordra og bede dei om å ta inn 20 fleire. Dei har sagt at det er greitt. UiO har ikkje fått høve til å respondera på det, men dei har sett tala som viser kor mange studieplassar det er i høve til folketalet. Då har UiO sett at det er den institusjonen som utdannar færrast legar i høve til pasientgrunnlaget det har. Så dei har nok skjønt at det kjem ei ekstra utfordring til dei, trur ho.

Grimstadutvalet:

Hilde Grimstad, NTNU, (leiar)

Steinar Hunskår, UiB

Geir Sverrre Braut, UiS,

Elisabeth Farbu, SUS

Karin Straume, Helsedirektoratet

Jeppe Emmersen, Aarhus Universitet, Danmark

Kristin Walter, UiB, sekretariat

– Heng ikkje saman

Hilde Grimstad let seg ikkje stansa av at statsråd Iselin Nybø peikar på at dette vil kosta 1,2 milliardar kroner å gjennomføra, og at det kan bli tøft i ein pressa økonomisk situasjon for landet.

– Dette er eit prioriteringsspørsmål. Me har blitt hengjande langt bak i Noreg. Me har ikkje hatt ein heilskapleg plan for utdanning av legar her i landet og dei ulike trinna heng ikkje saman. I Danmark har ein lenge hatt ein politikk der dei utdannar dei legane dei sjølve har behov for .Den danske medlemmen i utvalet vårt  rista berre på hovudet når diskusjonen gjekk på om me i det heile tatt skulle utdanna legane sjølve, seier Hilde Grimstad.

– Med ein annan tidshorisont

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø er nøgd med arbeidet utvalet har gjort.

– Dei har gjort ein god og grundig jobb og har mange spenstige forslag. Det er eit godt grunnlag for vidare arbeid.

– Du meiner at det vil kosta 1,2 milliardar kroner å gjennomføra tilrådinga utvalet kjem med. Det høyrest ikkje stort dyrare ut enn eit par vegprosjekt på Vestlandet eller i Nord-Noreg?

– Om du samanliknar med opptrappingsplanen for langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, så er me meir på det nivået. Det er mange behov i heile samfunnet vårt. Det som er bra, er at det ikkje er anten-eller når det gjeld å auka talet på studieplassar i medisin med 440 innan 2027. Me kan ta det med oss med ein annan tidshorisont. Eg ser behovet for at fleire skal ta medisinutdanninga i Noreg, seier Iselin Nybø til Uniforum.  

Statsråden reagerer instinktivt imot forslaget om gradvis å redusera utbetalingane frå Lånekassen til medisinstudentar i utlandet.

 – Då rykkjer det litt i den liberale ryggmargsrefleksen. Det verkar framandt på meg å avgrensa ei godkjend utdanning i utlandet, seier Iselin Nybø til Uniforum.

Ho viser til at tilrådingane i rapporten først skal ut på høyring før det vil bli diskusjon i regjeringa og i Stortinget.

– Om det er snakk om noko skal aukast, vil det bli eit spørsmål som kjem opp i statsbudsjettet, understrekar Iselin Nybø.

KAN UTDANNA FLEIRE:–  Utvalet peikar på ein del forslag og løysingar som gjer at Noreg kan utdanna fleire legar sjølve, seier leiar Øystein Ohr i Norsk medisinstudentforeining (NMF) (Foto: Martin Toft)

Leiaren for Norsk medinstudentforeining (NMF) Øystein Ohr støttar forslaga til utvalet om å auka talet på studieplassar i medisin i Noreg.

– Eg er stort sett positiv til det utvalet føreslår. Det er ei skildring av ein situasjon eg kjenner meg igjen i både med tanke på studia i Noreg og i utlandet. Utvalet peikar på ein del forslag og løysingar som gjer at Noreg kan utdanna fleire legar sjølve. Noko av det viktigaste er at dei vil heva kvaliteten på studiet gjennom meir praktisk trening i primærhelsetenesta og kommunehelsetenesta enn det som me har i dag, seier han til Uniforum.

– Men eg skulle ynskt utvalet hadde hatt eit endå lenger perspektiv enn fram til 2027, legg han til.

 

Emneord: Medisin, Utdanning, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2019 15:38 - Sist endra 26. sep. 2019 12:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere