Ynskjer betre samarbeid mellom universiteta og helseføretaka

Det skal bli betre koordinering og samarbeid om forsking, utdanning og administrative rutinar mellom universiteta og helseføretaka. Insentiv og rammevilkår for forsking skal difor vera mest mogleg like, foreslår ei arbeidsgruppe leidd av rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet.

SAMAN FOR MEIR SAMARBEID: Rektor Anne Husebekk (i midten) ved UiT overrekkjer rapporten "Samordning mellom universiteter og helseforetak" til statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet og statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Martin Toft

– Om desse tiltaka blir sette i verk, håpar me det vil koma ut meir forsking og utdanning av investeringane i helsesektoren og universitetssektoren enn i dag. Det sa Anne Husebekk, då ho i dag overleverte rapporten «Samordning mellom universiteter og helseforetak» til statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet og statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet.

Kjem med gode råd for betre samarbeid

Rapporten kjem  med tilrådingar om korleis universiteta og helseføretaka kan samordna aktivitetane sine betre og bli flinkare til å samarbeida. I tillegg til leiar Anne Husebekk frå UiT Noregs arktiske universitet, har også rektor Dag Rune Olsen frå Universitetet i Bergen, adm. dir. Stig Arild Slørdahl frå Helse Midt-Norge og adm. dir. Cathrine M. Lofthus frå Helse Sør-Øst sete i arbeidsgruppa.  Forskingsrådets administrerande direktør Arvid Hallén har vore observatør. 

Gruppa blei oppnemnt av Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet den 30. juni i fjor og oppdraget var å skildra eventuelle barrierar for samarbeid mellom universitet og helseføretak og foreslå konkrete løysingar lokalt, regionalt og nasjonalt.  I hovudsak handla det om forsking, men gruppa skulle også sjå på samhandling innanfor utdanning.

 – Må unngå å investera konkurrerande

– Det som er svært viktig å unngå er at universiteta og helseføretaka investerer konkurrerande. Å vera saman om forskingsprosjekt er viktig, samtidig som begge partar må vera endå meir konkrete om dette samarbeidet, sa rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, då rapporten blei lagt fram.   

Nettopp innanfor forskingsfinansiering foreslår gruppa altså at insentiv og rammevilkår for forsking må vera mest mogleg like mellom sektorane og stimulera til samarbeid. Helseføretaka blir også oppfordra til å innføra ein totalkostnadmodell som svarar til den modellen som er innført i universitets- og høgskulesektoren.

Dessutan blir det rådd til at det blir innført ei gåveforsterkingsordning med forankring i Helse- og omsorgsdepartementet for gåver til klinisk forsking. Den skal vera lik den ordninga som universitets- og høgskulesektoren har i dag for gåver på meir enn 3 millionar kroner til langsiktig grunnleggjande forsking. Ordninga skal gjelda for mottakarar i begge sektorar og med premiering frå det departementet mottakaren høyrer til. Noregs forskingsråd skal administrera ordninga. 

Vil ha meir samarbeid om infrastruktur

Når det  gjeld forskingsinfrastruktur, blir det rådd til at dette må samordnast på strategisk og operativt nivå mellom universitet og universitetssjukehus for å unngå dobbelt betaling av kostnads- og kompetansekrevjande utstyr. På den måten kan kapasiteten utnyttast betre og det kan også hindra det som blir kalla konkurransevriding i sektorsamarbeidet.  Dei prosjekta som brukar forskingsinfrastrukturen skal så langt råd er, også finansiera den.

Foreslår formelt samarbeidsforum

Arbeidsgruppa kjem også med råd om at det skal etablerast eit formelt samarbeidsforum med deltaking på høgt politisk nivå frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, frå regionale helseføretak og frå universitet. Dessutan bør det opprettast ei ordning med gjensidig styrerepresentasjon mellom universitet og regionalt helseføretak og mellom universitetssjukehus og helsefakultet/medisinsk fakultet.

Samtidig får Kunnskapsdepartementet oppgåva med å gi universiteta i oppdrag å samarbeida med helseføretaka på same måte som Helse- og omsorgsdepartementet skal gi dei regionale helseføretaka instruks om å samarbeida med universiteta. 

Samordna modell for avtale om nye areal

Både universiteta og helseføretaka rår i dag over store areal. Det blir føreslått at avtalar om bruk av eksisterande areal blir førte vidare. Men for nye areal, blir det foreslått at det blir laga ein samordna modell for finansiering, vedlikehald, drift og bruk for universitet/universitetssjukehus.

Arbeidsgruppa tilrår også at det blir bygd opp felles forskings- og utdanningsadministrative støttefunksjonar.  Derfor bør det også gjennomførast ei harmonisering av administrative rutinar og retningslinjer for forsking, innovasjon og utdanning. 

Samarbeid skal sikra rett kapasitet

Eit anna punkt som arbeidsgruppa trekkjer fram, er at det blir etablert eit tett og forpliktande samarbeid mellom Kunnskapsdepartemetet, Helse- og omsorgsdepartementet, helsetenesta og utdanningsinstitusjonane for å sikra rett kapasitet, og for å sikra at legar og anna helsepersonell får naudsynt kompetanse til å løysa framtidige oppgåver.  

Nært knytt til dette, er tilrådinga av at Kunnskapsdepartementets tildelingar av nye studieplassar må fylgjast opp av tilsvarande tildelingar av midlar til primær- og spesialisthelsetenesta som bidrag til praksisperiodar for eit aukande tal studentar. Arbeidsgruppa deler Universitets- og høgskulerådets praksisrapport si tilråding om at det blir utvikla karriereløp som er tilpassa og honorerer undervisningsoppgåver i større grad enn i dag.

– Har prøvd å egla oss inn på KD

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet var svært nøgd med tilrådingane i rapporten.

– Me har heile tida prøvd å egla oss meir inn på Kunnskapsdepartementet. Og desse tilrådingane opnar systemet for dei som står midt i desse to sektorane og arbeider med desse problemstillingane til dagleg. Desse tiltaka kan bidra til å koma fram til gode løysingar, trudde ho.

Og statssekretær Bjørn Haugstad meinte at dette var ei god oppfylging av regjeringa sitt pålegg til sektorane om effektivisering gjennom avbyråkratisering.

– Difor skulle det berre mangla at me ikkje viser sektorane at også me i departementa er villige til å gjera noko sjølv for å få det gjennomført, slo han fast. 

Administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet var også glad for tilrådingane som blei lagde fram. – Det vil vera fornuftige og gode samarbeidsgrep for å best moglege løysingar, tykte han.

No vil rapporten bli diskutert og drøfta vidare både i Kunnskapsdepartementet og i Helse- og omsorgsdepartementet.

Emneord: Forskningspolitikk, Helse, Medisin Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 5. des. 2016 16:59 - Sist endra 14. jan. 2019 00:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere