Jan Helge Solbakk vil ha intellektuell trakassering på dagsordenen på UiO

– Mange forskarar kjem frå andre kulturar og er vande til å hoppa når professorane seier hopp. Ei slik intellektuell trakassering må me taka på like stort alvor som seksuell trakassering. Det sa styrekandidat Jan Helge Solbakk under valdebatten på UiO i dag.

Tre menn og ei kvinne sit på kvar sine krakkar. Ein mann står ved sidan av.

VALDEBATT: I dag møtte kandidatane som ville vera representantar for dei faste vitskaplege tilsette  i Universitetsstyret til valdebatt i Realfagsbiblioteket. Frå venstre Jan Helge Solbakk, Finn-Eirik Johansen, Helge Jordheim og Helene Amundsen Nissen-Lie. Dei to andre kandidatane Ingrid Lossius Falkum og Mariel Aguilar-Støen deltok på nett. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Dei seks styrekandidatane som kjempar om dei to plassane for dei faste vitskaplege tilsette i Universitetsstyret møtte kvarandre til valdebatt på UiO i formiddag. To av dei, Mariel Aguilar-Støen og Ingrid Lossius Falkum var med på nett, medan Helene Amundsen Nissen-Lie, Helge Jordheim, Finn-Eirik Johansen og Jan-Helge Solbakk alle var på plass i Realfagsbiblioteket. Der hadde dei også selskap av politisk journalist Aslak Bonde som var debattleiar. 

Val til UiOs styre 2021–2025: 

Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og er sett saman av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (vert vald årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (vert valde årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
I år er det val på alle stillingskategoriar
Valbar er tilsette som har stemmerett og har eit tilsetjingsforhold som dekkjer heile valperioden. Stemmerett har fastlønna tilsette i minst halv stilling ved dei einingane som gjennomfører val, og professorar II. 
Valet pågår elektronisk frå 31. mai til 7. juni.

Dette er kandidatane

(Kjelder: Uniforum og UiO)

 

– Glastaket må knusast

Han gav først ordet til professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk, som var heilt klar på kva han ville prioritera om han fekk ein av plassane i Universitetsstyret.

 – Eg ynskjer fagleg leiing og todelt leiing på alle nivå. Og så ynskjer eg ei utviding av perioden for sentra for framifrå forsking. Ti år er for kort tid. Det må satsast meir på tverrfagleg grunnforsking, meinte han.

Det var også eit anna tema som engasjerte han under debatten.

– Glasstaket mellom kvinner og menn i mellombelse og faste vitskaplege stillingar må knusast. Derfor ynskjer eg å starta ein professorskule på kvart fakultet for nye postdoktorar, lova han.

Solbakk såg også eit anna problem som han gjerne ville gripa tak i. 

– Mange av dei internasjonale forskarane veit ikkje om rettane sine, men blir informert om pliktene sine. Eg føreslår ei mentorordning for nytilsette frå andre land. Eg har vore eit slags uoffisielt forskingsombod for mange av dei, og det dei opplever er intellektuell trakassering. Dei kjem frå land og kulturar der dei hoppar når professorane seier hopp. Ei slik intellektuell trakassering må me ta på like stort alvor som seksuell trakassering. Det må me få ein slutt på, sa Jan Helge Solbakk.   

– Betre språkopplæring

Også styrekandidat og førsteamanuensis Ingrid Lossius Falkum frå Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) kom inn på situasjonen til dei internasjonale forskarane på UiO. For henne var kompetanse i språk ein viktig nøkkel for å kunna opna døra til heile universitetssamfunnet.  

STYREKANDIDAT: Førsteamanuensis Ingrid Lossius Falkum  ved IFIKK deltok i valdebatten frå heimekontoret. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Språkopplæring er svært viktig. Me kan bli endå betre til å tilby det. Dette er ein føresetnad for å kunna delta i styring og bli inkluderte på arbeidsplassen, konstaterte ho.   

Få norskfødde stipendiatar med utanlandske foreldre

Styrekandidat og professor Mariel Aguilar-Støen frå Senter for utvikling og miljø peika på at UiO er opptatt av å leggja forholda til rette for stipendiatar og andre forskarar som har kome hit frå andre land.

 – I dag har mange norskfødde med utanlandske foreldre tatt høgare utdanning, men kvifor er så få av dei representerte blant dei som får stipendiatstillingar på universitetet? Det må me finna ut, tykte ho. 

– Openheit og transparens

For styrekandidat og biologiprofessor Finn-Eirik Johansen var det viktig med samarbeid mellom ulike profesjonar på Universitetet i Oslo. 

– Me treng tilsette som drar i same retning, og ikkje let seg leia ved hjelp av direktiv og statleg kontroll. UiO må som organisasjon, visa openheit og transparens. Prioriteringar må gjerast opne og forklarast. Og me må vekk frå styring etter prinsippa i New Public Management, slo han fast.

Finn-Eirik Johansen var heller ikkje nøgd med forholdet mellom menn og kvinner i vitskaplege stillingar på UiO.

– Eg støttar ei ordning som vil gi betre kjønnsbalanse. I Universitetsstyret vil eg vera ei stemme for alle dei vitskaplege tilsette, lova han.  

– Demokrati er ikkje noko me har, men noko me gjer

Styrekandidat Helge Jordheim kjem frå Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS) der han er professor. Han viste først til kor brei støtte han har på UiO.

– Eg er føreslått av folk frå heile UiO. Demokrati er ikkje noko me har, men noko me gjer. Derfor deltar eg no, understreka han.

Jordheim støttar fullt opp om eitt av hovudmåla til UiO.

– Me kan hjelpa kvarandre til å bli eit verdsleiande universitet. Universitetet er no i ei brytingstid med ein hardare konkurranse ein nokon gong før. Dei beste av oss, både forskarar og innovatørar, bør få høve til å bli endå betre. Og universitetet skal rekruttera folk og forskarar frå heile verda, men også frå Oslo. Me kan heller ikkje vera verdsleiande i alle fag. Men me har vist at me kan få til tverrfagleg samarbeid der me har gjort det bra. Det må me visa fram for byråkratar og andre, sa han.

– Me må få ei større grunnløyving

Psykologiprofessor Helene Amundsen Nissen-Lie var den siste av kandidatane som fekk ordet frå debattleiar Aslak Bonde.  For henne var det viktig at mange deltar i valet og brukar stemmeretten.

– Eg er imponert over motkandidatane mine. Sjølv stiller eg til val fordi eg både av personlege og faglege grunnar ynskjer å delta i universitetsdemokratiet. Det er mange avgjerder som går over hovuda på oss, anten det gjeld eigedom eller satsingar, tykte ho. 

Nissen-Lie var heller ikkje nøgd med dei styringsmodellane som dominerer.

– Eg er opptatt av at innføring av økonomimodellar som premierer kvantitet og innhenting av eksterne midlar held på å trengja inn. Derfor må me få ei større grunnløyving, var ho overtydd om. 

Også ho ville gjera noko med kjønnsbalansen og mangfaldet på UiO.

– Mange internasjonalt tilsette føler seg ikkje velkomne hos oss. Det er ikkje bra. Og arbeidsmiljøet vårt må me gjera noko med. Akademia er ikkje flink nok til å visa at dei verdset kvarandre, konstaterte ho.

 Nissen-Lie kom også med litt eigenreklame.

– Eg er god på kommunikasjon, har stor arbeidskapasitet og har ein god ryggmargsrefleks, nemnde ho.

– Må byggja ned organisatoriske hindringar

Førsteamanuensis Ingrid Lossius Falkum tok også tak i dei grunnleggjande prinsippa til universitetet, då ho skulle svara på kvifor ho ville inn igjen i Universitetsstyret, der ho i to år sat som representant for dei mellombels vitskaplege tilsette. 

– Universitetsdemokratiet og vald rektor er grunnleggjande. Auka tverrfagleg forskingsinnsats er eit mål for UiO. Då må me byggja ned organisatoriske hindringar for det. Eg har sjølv erfart at det kan vera eit problem. Alle tilsette må få likt høve til å konkurrera om stillingar. Talet på kvinnelege professorar på UiO må betre tilsvara talet på kvinner i stipendiatstillingar, meinte ho.

 Ingrid Lossius Falkum peika også kva ho sjølv tidlegare har gjort for kvinner i mellombels vitskaplege stillingar. 

– Eg har vore med på å få til ei ordning som gjer at kvinnelege stipendiatar kan få forlenging etter fødselspermisjonar, fortalde ho.

Berekraftig utvikling

Styrekandidat Mariel Aguilar-Støen som er professor ved Senter for utvikling og miljø, trekte fram kor viktig det er med høg fagleg kvalitet.

STYREKANDIDAT: Professor Mariel Aguilar-Støen ved Senter for utvikling og miljø deltok i valdebatten frå heimekontoret. (Foto: Privat) 

– Eg vil vera ein representant for alle, og om eg blir vald, vil eg prioritera arbeidet med tiltaksplanen for kjønn og mangfald og klimastrategien. Å bidra til ei berekraftig utvikling er ein del av akademias mål, var ho brennsikker på.

Aguilar-Støen kom også med ei åtvaring til universitetssamfunnet.

– Me må slutta å setja likestilling og mangfald opp mot kvalitet.

Også ho forsvarte dagens universitetsdemokrati på UiO.

– Eg er tilhengjar av vald rektor, og eg ynskjer at det skal vera ein fagleg øvste leiar på alle nivå. Me har ein god administrasjon på UiO som har støtta arbeidet vårt, sa ho.

Ingrid Lossius Falkum kom også inn på kor viktig det er med fagleg leiing på UiO.

– Me treng større fokus på det framfor leiarar som fokuserer på innsparing og inntening.

Det var Mariel Aguilar-Støen einig i. 

– Det er kjempeviktig at den øvste leiaren er ein akademisk leiar som kan passa på at avgjerdene går inn i strategien. 

– Einsretting er skummel

Nissen-Lie åtvara mot at alle som fekk vitskaplege stillingar på UiO blei forma i det same biletet.

– Det er som regel ein type som går igjen, ein person med ein profil og som har ein god porsjon sjølvtillit. Derfor har me truleg gått glipp av mange andre talent. Ei slik einsretting er skummel, tykte ho.

Finn-Eirik Johansen meinte at folk med forskjellig kjønn,  bakgrunn og fag var ein fordel for universitetet.

– Mangfald er ein styrke og ein eksellens, var han viss på. 

– Viktig at ein er sjølstendig

For Helene Amundsen Nissen-Lie var det ei rolle ho gjerne ville ta, om ho blir vald inn i Universitetsstyret. 

– Det er viktig at ein er sjølvstendig i eit styre og tar ansvar sjølv. Dersom me er godt førebudde, kan me ta gode avgjerder, meinte ho.

For Ingrid Lossius Falkum var det like viktig å snakka med dei andre i styret. 

– Eg har sete der før. Det er viktig å diskutera med dei andre universitetsstyrerepresentantane også, var hennar erfaring. 

Og den tredje kvinnelege kandidaten Mariel Aguilar-Støen kom med ein klar lovnad.

– Eg vil setja meg godt inn i sakene, og så vil eg finna ut kva som er stemninga blant dei eg representerer, sa ho.

– Viktig å vera lydhøyre for dagens studentar

Alle kandidatane var også opptekne av å få fram studentane i alle styringsorgan på UiO.

– Det er viktig å vera lydhøyre for dagens studentar. Dei ser samfunnet på ein annan måte enn det studentane gjorde før, trekte Helge Jordheim fram. 

Helene Amundsen Nissen-Lie tykte også det er viktig å lytta til studentane.

 – Studentane er dei fremste ressursane våre.  Eg har god erfaring i å vera i dialog med studentane. Dei er også den viktigaste grunnen til at me er på universitetet, slo ho fast.  

Jan Helge Solbakk såg også ei litt negativ utvikling.

– Om me får færre og færre studentar, er det eit problem. OsloMet har fått fleire og fleire studentar i sjukepleievitskap frå UiO, hadde han registrert.

Finn-Eirik Johansen var meir optimistisk.

– Det er viktig å læra av og med dei.

 

Emneord: Universitetsstyrevalget 2021 Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2021 17:00 - Sist endra 2. juni 2021 18:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere