Svein Stølen blir einaste rektorkandidat på UiO

Dagens rektor Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka får ingen motkandidatar under rektorvalet ved Universitetet i Oslo i år. Det gjorde Det sentrale valstyret klart i dag.

Ei kvinne og ein mann står på eit kontor

TRULEG NY TOPPDUO: Åse Gornitzka er prorektorkandidat for rektor Svein Stølen under rektorvalet ved UiO 2021. Dei får ingen motkandidatar. Formelt blir dei valde, dersom over halvparten av medlemane i Universitetsstyret stemmer for dei. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

– Eg gler meg til å ta fatt på ein ny rektorperiode, vedgår Svein Stølen i eit intervju med Uniforum. 

Det var klokka 12.30 i dag det blei klart at rektor Svein Stølen er godkjent av Det sentrale valstyret som rektorkandidat under rektorvalet på UiO i 2021. Han får ingen motkandidat. 

I dag lanserte også rektor Svein Stølen den nye valplattforma for 2021-2025. Med seg på rektorlaget har han dagens viserektor Åse Gornitzka som overtar som prorektor etter Gro Bjørnerud Mo.  Ho held fram som ansvarleg for forsking og internasjonalisering. Per Morten Sandset held fram som viserektor for forsking og innovasjon. 

Dei to nye medlemane på laget blir Bjørn Stensaker som blir viserektor for utdanning og Mette Halskov Hansen som blir viserektor for klima(miljø og tverrfaglegheit.

– Utdanning er svært viktig for oss

For Svein Stølen er det er ei klar linje i den nye valplattforma:

– Det handlar om å vidareføra initiativa frå denne rektorperioden og fornya ein del ting på andre  område, der me kan utretta endå meir, fortel han. Stølen er svært opptatt av å halda oppe trykket på utdanning.

– Utdanning er svært viktig for oss  på laget vårt.  Det viser me ved at Bjørn Stensaker kjem inn som ny medlem som viserektor for utdanning. Og at Mette Halskov Hansen blir med som viserektor for klima/miljø og tverrfaglegheit viser at dette også er område som me prioriterer.  Utfordringa vår er få jobba endå meir med å fremja tverrfaglegheit og få ned dei skotta som eksisterer i dag, understrekar han. 

Svein Stølen meiner også det er svært viktig å få betra informasjon på tvers av heile universitetet.

– Betre internkommunikasjon, meir debatt og meir diskusjon på tvers, treng me på UiO. 

– Eit privilegium

– No har du vore i rektorvervet i tre og eitt halvt år, og som vil du gjerne ta fire nye år som rektor, og du  blir sikkert sliten og stressa i denne jobben. Kvifor vil du likevel ha ein ny periode?

– Det er eit privilegium å leia eit universitet som UiO. Det er ein sentral institusjon der me kan ha harde diskusjonar. Det er ei ære , sjølv om eg kan verta sliten innimellom.  Eg gler meg til å ta fatt på ein ny rektorperiode, seier han.

 Svein Stølen skulle gjerne hatt med seg dagens prorektor Gro Bjørnerud Mo vidare i neste periode.

– Eg er glad i Gro, og det har vore eit stort privilegium å jobba saman med henne. Men me forstår jo at ho vil tilbake til faget sitt, fransk litteratur.

– Meir valfridom for studentane

Professor Bjørn Stensaker som i dag er leiar for LINK – Senter for læring og utdanning, blir ny viserektor for utdanning i den neste fireårsperioden til rektoratet til Svein Stølen. Føresetnaden er sjølvsagt at Universitetsstyret formelt stemmer for at rektorlaget kan ta ein ny periode. 

Han ynskjer å setja studentane i sentrum.

– Eg har som ambisjon å jobba for meir valfridom for studentane slik at dei i større grad kan kombinera utdanningstilbod og få seg den kompetansen dei ynskjer. Dette handlar også om å leggja meir til rette for tverrfaglegheit, svarar han. 

Bjørn Stensaker peikar på at det er ein fantastisk breidde og kvalitet på tilbodet på UiO.

– Det er synd at me ikkje utnyttar det betre. Samtidig må valfridomen ikkje gå på kostnad av læringsmiljø og integrering av studentane i faga, understrekar Stensaker.    

– Me må løysa økonomiske utfordringar

– Korleis skal de få det til? 

– Me  må jo samarbeida tett med dei som har ansvaret for studieprogramma - både på fakultets- og fagnivå. Då må me  jobba for å skapa moglegheiter for samarbeid på tvers. Me må sjå på moglegheiter for at folk kan undervisa  og rettleia på tvers av fagmiljø, at me har studiestrukturar som er kompatible, og me må løysa  økonomiske utfordringar.

– Kva vert den største utfordringa? 

– Kanskje nettopp å forenkla og eventuelt fjerna ein del formelle og organisatoriske hinder som i dag vert opplevd som barrierar for samarbeid. Heldigvis har me laga mange av desse barrierane sjølve på UiO, så me har faktisk moglegheiter til å gjera endringar. 

Bjørn Stensaker er ikkje i tvil om kva han gler seg mest til når han og resten av det nye rektoratet til Svein Stølen er formelt valt av Universitetsstyret.

 

– Som leiar i LINK har eg stor glede av å samarbeida med fakultet og fagmiljø - det er noko av det mest gjevande eg gjer. Eg ser jo for meg at eg skal bli ein viserektor som skal vera enkel å nå for fakulteta og fagmiljøa, og der eg håpar eg blir invitert inn i samtalar om korleis  i fellesskap kan vidareutvikla UiO. 

– Har gjort ein fantastisk jobb

– Kvifor sa du ja til å bli med i Stølens nye rektorteam? 

– Eg synest at dagens rektorat har gjort ein fantastisk jobb med å setja utdanning på dagsorden, og når Gro signaliserte at ho ynskte seg tilbake til faget var eg faktisk engsteleg for at krafta i utdanningssatsinga kunne bli borte. Motivasjonen min  er å fortsetja  satsinga på utdanning. I dag er me likevel ein  annan stad enn for fire år sidan, og valplattforma vår representerer slik sett både eit framhald  på og ei fornying av utdanningssatsinga, seier Bjørn Stensaker.

– Verdas beste posisjonar

Dagens viserrektor Åse Gornitzka har sagt ja til å vera prorektorkandidat for rektor Svein Stølen. Så om rektorlaget Stølen & Gornitzka får det naudsynte fleirtalet i Universitetsstyret, vil ho erstatta Gro Bjørnerud Mo som prorektor frå august.

Også ho ser opplevingane sine i den første rektorperioden som  ein viktig grunn til at ho har sagt ja til å halda fram i ein periode til.

– Det har vore eit (snart) 4-årig samanhengjande privilegium å vera med å leia eit så sterkt universitet –  og privilegium å arbeida saman med så mange dedikerte, kloke, kritiske fagpersonar som har eit brennande engasjement for UiO som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet. Det er i seg sjølv ein sterk motivator for å fortsetja i det som mine europeiske kollegaer i tilsvarande posisjon og eg er einige om må vera ein av verdas beste posisjonar, seier ho til Uniforum.

– Kjem ikkje av seg sjølv

Åse Gornitzka viser til at det er mykje å ta tak i framover og mykje som dei kan føra vidare som rektorteam. 

– Forsvaret av akademisk fridom og rommet for nyfikendriven forsking og kva det inneber  i praksis og ikkje berre i festtalar men «til kvardags». Det forsvaret kjem ikkje av seg sjølv. UIO må vera ein stad der det går an å forfylgja dei gode forskingsideane – som stimulerer til intellektuell nyfikne, meiner ho.  

– Neglebitande spennande

Den sannsynlegvis neste prorektoren ved UiO trekkjer også fram ein del oppgåver som dei så vidt har begynt på.

– Det blir neglebitande spennande å fylgja samarbeidet mellom våre europeiske partnarar i Circle U. og det rom for nye former for samarbeid som det opna opp for – kva skal til for til dømes  å laga ein heilt ny type Open  School of Public Governance saman med seks andre europeiske universitet? Eller korleis lagar me ein kunnskapsnode for berekraftig demokrati i Europa? Korleis kan me bruka moglegheitene som ligg i nye måtar å samarbeida med forskingsorienterte  universitet på det afrikanske kontinentetet? Nok å gjera, konstaterer Åse Gornitzka.

Det første høvet til å møta Svein Stølen og det nye rektorlaget hans blir neste fredag 19. februar. Då arrangerer UiO eit digitalt presentasjons- og debattmøte der Svein Stølen og Åse Gornitzka vil presentera valplattforma si. 

(Oppdatert klokka 16:59 med utvida intervju med Bjørn Stensaker og med intervju med Åse Gornitzka)

Emneord: Rektorvalget 2021, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2021 13:08 - Sist endra 12. feb. 2021 17:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere