UiO-rektor om løysinga for Livsvitskapsbygget: – Dette er perfekt!

– Dette er verkeleg ein god dag. Det seier rektor Svein Stølen etter å ha fått nyhendet om at regjeringa går inn for at UiO og Oslo universitetssjukehus kan dela areala i Livsvitskapsbygget.

HEROISK: UiO-rektor Svein Stølen er svært glad for regjeringa vil at UiO og OUS kan dela Livsvitskapsbygget: – Det har blitt gjort ein heroisk innsats for å få utarbeidd fleire alternativ., seier han. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var klokka 9.30 i formiddag Kunnskapsdepartementet gjekk ut med ei melding om at regjeringa no vil ta sikte på å få Oslo universitetssjukehus inn i delar av det planlagde Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Etter planen er det Klinikk for laboratoriemedisin som skal leggjast til Livsvitskapsbygget, og til eit tilbygg.

• Les i Uniforum: Regjeringa vil at UiO og OUS skal dele Livsvitskapsbygget

UiO-rektor Svein Stølen er strålande nøgd med denne løysinga.

– Universitetet i Oslo får meir plass enn det som me risikerte å få med den nedskalerte løysinga som Statsbygg og Kunnskapsdepartementet såg føre seg då kostnads-overskridingane blei kjende i august. Derfor er dette ein verkeleg god dag for UiO, seier Svein Stølen til Uniforum.

Om Livsvitskapsbygget: 

Den planlagde bygningen for livsvitskap, kjemi og farmasi – Livsvitskapsbygget – ved Universitetet i Oslo (UiO) skal stå ferdig ved utgangen av 2024 og skal husa om lag 1000 tilsette og 1600 studentar. Med sine 85 000  m² blir det Noregs største og mest komplekse universitetsbygning. Kostnadsramma er rekna ut  til 6,196 milliardar kroner (oppdatert  i 2020).

Aktuelt: Vanskelege grunnforhold og auka prosjektkostnader har ført til overskridingar av budsjettet. UiO og Statsbygg har laga ein felles rapport med ulike innsparingsalternativ.

Regjeringa tar no sikte på at UiO og OUS skal dela areala i Livsvitskapsbygget. Det blir tilført 100 millionar kroner ekstra i tillegg til at det kjem pengar frå budsjettet til OUS.

(Kjelder: Uniforum, UiO og Kunnskapsdepartementet)

 

– Heroisk innsats

Han peikar på kva som er bakgrunnen for at denne løysinga no har kome på bordet.

– UiO tok eit sjølvstendig initativ til partnarskap med OUS og utvikla denne samarbeidsmodellen. Det har blitt gjort ein heroisk innsats for å få utarbeidd fleire alternativ. Om den nedskalerte løysinga frå august, hadde blitt valt, kunne UiO ha risikert berre å ha fått ein tredel av bygningen til disposisjon, poengterer han.

Vurderte tre ulike alternativ

Etter at den tunge beskjeden om å nedskalera planane til Livsvitskapsbygget kom i august,blei det vurdert tre ulike alternativ, viser UiO til i ei melding på nettsidene sine

1. Å byggja som opprinneleg planlagt. Dette ville krevja at regjeringa auka ramma og kompenserte kostnadsoverskridingane.
2 .Eit betydeleg nedskalert bygg for UiO med kutt opp mot 30 prosent av bygget og som ikkje ville kunna tilfredsstilla samfunns- og effektmåla.
3. Eit partnarskap med Helse Sør-Aust/Oslo universitetssjukehus som både ville gi UiO større areal samtidig som UiO kunne tilfredsstilla samfunns- og effektmåla.

Det er den siste modellen som regjeringa altså no går inn for skal realiserast.
– Vil dette føra til at alle einingane frå UiO som var tenkt plasserte i bygningen også får plass?

– Nesten alle dei som etter planen skulle inn i Livsvitskapsbygget får plass. Både fagmiljøa frå kjemi, farmasi og medisin får rom i bygningen. Men det er nokre små miljø som det ikkje blir plass til, vedgår han utan å spesifisera nærara kva fagmiljø det blir.

– Godt samarbeid

Svein Stølen ser det som den største fordelen med den valde modellen at det vil føra til eit godt samarbeid om forsking i grenseflata til OUS og Helse Sør-Aust.

– Dette er perfekt. Og me har heile tida hatt eit godt samarbeid med fleire aktørar, ikkje berre med Kunnskapsdepartementet, men også med Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Statsbygg, trekkjer han fram.

Sjølv om regjeringa no går inn for ei samlokalisering mellom UiO og OUS i Livsvitskaps-bygget, er ikkje jobben over.

– Det gjenstår framleis mykje arbeid, understrekar han.

– Bra løysing for forskinga

– Vil dette innebera at alt håp om å få ein ekstra milliard til å dekkja kostnadsoverskridingane no er ute?

– I denne modellen vil ramma til UiO på 6,3 milliardar stå fast. Det inkluderer ei tilføring av 100 millionar kroner ekstra. Samtidig må OUS og Helse Sør-Aust  inn med pengar frå sitt budsjett. Dette blir ei bra løysing for forskinga. Og eg synest det er flott at politikarane har lytta på oss og har vald å gå inn for denne modellen, avsluttar Svein Stølen.

 

Emneord: Livsvitenskapsbygget, Livsvitskap, Livsvitenskap, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. nov. 2020 11:56 - Sist endra 17. nov. 2020 12:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere