Truleg ikkje fleirtal for SP-forslag om å lata universiteta halda fram med å eiga eigne bygningar

Kjem stortingsfleirtalet til å røysta for eit Dokument 8-forslag frå Senterpartiet om å lata dei sjølvforvaltande universiteta framleis få eiga bygningane og eigedomane sine? Truleg ikkje, men det endelege svaret får me i Stortinget i morgon.

Ei kvinne og tre menn står framfor eit bord

OPPE TIL VOTERING: I morgon skal Dokument 8-forslaget frå Senterpartiet om at dei sjølvforvaltande universiteta skal få halda fram med å eiga eigne bygg og eigedomar opp til votering i Stortinget. Den 5. mars var det høyring i Stortinget. Då deltok prorektor Berit Kjeldstad frå NTNU, UiO-rektor Svein Stølen, UHR-leiar og UiB-rektor Dag Rune Olsen og NMBU-rektor Sjur Baardsen.  Også rektorata frå Universitetet i Tromsø og Noregs idrettshøgskule var representerte. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Dei seks sjølvforvaltande institusjonane Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim, Universitetet i Tromsø, NMBU på Ås og Noregs idrettshøgskule har gått offensivt ut mot ei utgreiing frå konsulentselskapet Capgemini invent  som konkluderer med at bygningane deira kan overlatast til Statsbygg.

Universitetsbygningane og Statsbygg:

  • 2003: Bondevik II –regjeringa føreslår at universiteta skal organiserast som føretak
  • 2005: Kristin Clemet legg forslaget tilbake i skuffa etter brei motstand frå sektoren
  • Regjeringa kjem også med forslag om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg.
  • Bygningane til høgskulane blir overførte.
  • 2006: Stoltenberg-regjeringa vedtar å avlysa planane om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg
  • 10. april 2019: Capgemini legg fram ein områdegjennomgang av bygg og eigedomar i statleg sektor. Konklusjonen er at all statlege verksemder , inkludert universiteta overlet eigedomsforvaltninga til Statsbygg.
  • dei første eigedomane som kan bli overførte er NMBUs nybygg på Campus Ås
  • november: NTL legg fram ein motrapport til planane om å overføra bygningar til Statsbygg
  • desember 2019: ei arbeidsgruppe skal ha kartlagt universitetsbygningane og føreslå moglege justeringar
  • januar 2020: arbeidsgruppa vil koma med endeleg tilråding om kven som skal forvalta nybygga på Campus Ås.
  • Mæland:– regjeringa har enno ikkje bestemt seg
  • statlege etatar fekk frå 1. mars pålegg om  å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige i privatmarknaden
  • 5. mars 2020: open høyring  i Stortinget om å lata universiteta halda fram med å eiga eigedomane sine
  • 12. mai 2020: Stortinget stemmer over eit forslag om at universiteta skal halda fram som eigarar av eigne bygg og eigedomar
  • (Kjelder: regjeringa.no, Stortinget.no, Uniforum, UiO)

Uynskt modell

Oppdraget var å gjennomføra ei områdegjennomgang av alle bygningane til dei sjølvforvaltande universiteta og Noregs idrettshøgskule. Konklusjonen i utgreiinga, som var tinga av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fekk alarmklokkene til å ringja hos alle dei tradisjonelle universiteta og hos Noregs idrettshøgskule, då den blei lagt fram i april 2019. Desse institusjonane eig alle sine eigne bygningar, medan dei fleste nye universitet og høgskular held til i bygningar som allereie er eigde av Statsbygg. Dette var ein modell dei ikkje ynskte å ha.

Motrapportar

Det ynsket delte dei med Norsk Tenestemannslag som var først ute med å laga ein motrapport til utgreiinga frå Capgemini invent. Den var laga av kunnskapssenteret for fagorganiserte De Facto, bar namnet “Skal universitetene miste bygningene sine” og var klar i fjor haust. Seinare kom det også ein rapport frå Multiconsult som var tinga av eigedomsavdelinga ved Universitetet i Oslo. Begge desse rapportane konkluderte med at det var lite formålstenleg og lite å tena på å overlata desse universitetsbygningane til Statsbygg. Både studentleiarane og rektorane ved dei aktuelle institusjonane kom med fleire debattinnlegg mot planane om å lata Statsbygg overta forvaltinga av desse bygningane. Dei fekk sterk støtte frå Senterpartiet og resten av opposisjonen i Stortinget.

– Best mogleg grunnlag for ei avgjerd

Regjeringa og dåverande kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland understreka 23. januar i år at dette var ein del av ein viktig gjennomgang av alle eigedomane til staten i sivil sektor, men at ingenting var avgjort.

– Regjeringa har ikkje tatt stilling til tilrådinga frå konsulentane om å avvikla modellen med sjølvforvalta eigedom. Det er avgjerande at me skaffar oss eit godt grunnlag før med tar ei avgjerd. Derfor er det sett i gang eit arbeid for å kartleggja dagens situasjon, slik at me kan sjå på konsekvensane av ei mogleg forvaltningsoverføring. På denne måten dannar me oss eit best mogleg grunnlag for ei framtidig avgjerd, svara Monica Mæland Uniforum, dagen før ho blei utnemnt til justisminister.

Kalla inn til høyring i Stortinget

Senterpartiet med stortingsrepresentant Marit Arnstad i brodden tok opp saka og gjorde det klart at dei ville be Stortingets utdannings- og forskingskomité om å handsama eit framlegg frå partiet som gjekk ut på at Stortinget skulle stemma for å lata dei sjølvforvaltande universiteta få halda fram med å eiga bygningane sine.

Det var bakgrunnen for at Stortingets utdannings- og forskingskomité og leiaren Roy Steffensen frå FrP kalla inn til ei høyring i Stortinget den 5. mars. I tillegg til komiteen deltok rektorata for desse institusjonane, Norsk Tenestemannslag, LO, Forskarforbundet, NITO og representantar for Norsk studentorganisasjon. Uniforum var til stades som det einaste presseorganet.

• Les i Uniforum:

Ingen ville ha Statsbygg som forvaltar av universitetsbygningar

– Meir byråkratisering

Den som då heldt hovudinnlegget for universiteta var leiaren for Universitetets- og høgskulerådet, Dag Rune Olsen, som også er rektor for Universitetet i Bergen. Han meinte at ei overføring av bygningane til Statsbygg, ville få mange negative fylgjer:

– Sentralisering av eigedomsforvaltninga slik ei overføring til Statsbygg vil føra til, vil gi større avstand til brukarane, meir byråkratisering og me har solid dokumentasjon for å visa at me vil få auka kostnader, sa, Dag Rune Olsen under den opne høyringa.  

– Me meiner me har skjøtta bygningane våre på ein god måte. Og me forstår ikkje kvifor me ikkje kan halda fram med det, sa han.

Olsen peika også på at når universitetet og høgskulane eig og driftar sine eigne bygningar gir det større fridom og fleksibilitet til å tilpassa bygningane etter det behovet institusjonane har både i undervisning og forsking.

– Det gjeld lokale for senter for framifrå forsking, helseutdanning, og lokale for digital læring. Det gir oss fridom til raskt å områ oss etter det me meiner er samfunnet sitt behov. Det kan me bruka strategisk, understreka Dag Rune Olsen. Nestleiar for Norsk Tenestemannslag Ellen Dalen kom også med sterkt kritikk mot forslaget.

– Det har møtt massiv motstand, og akkurat det same skjedde då ei anna regjering prøvde å gjennomføra det same for mellom 10 og 15 år sidan, minna ho om.

Det var ingen frå regjeringspartia som tok ordet under høyringa. Det gjorde derimot ein av Senterpartiets medlemar i komiteen, Marit Arnstad.) Ho ynskte å høyra meir om korleis dette ville vera med på å støtta opp om universiteta sitt oppdrag som støttespelar for næringslivet og utvikling av ny teknologi. 

UiO-rektor Svein Stølen svarte med å visa til bygginga av livsvitskapssenteret til sju milliardar kroner.

– Det er viktig ikkje berre for heile det norske samfunnet, men også for å byggja ned skilja mellom dei ulike faga på universitetet, var svaret han kom med på det spørsmålet.

“Det er mye som står på spill”

I helga kom han også med eit eige debattinnlegg der han kom med ei sterk oppfordring til alle stortingspolitikarane om stemma for forslaget frå Senterpartiet. “Vi håper at våre stortingspolitikere har lyttet til sektoren og vil støtte denne når voteringer skjer i Stortinget på tirsdag. Det er mye som står på spill!” skriv han i innlegget, som først blei publisert i Khrono.

Dette er innstillinga frå Stortingets utdannings- og forskingskomité:

Fleirtalet med Høgre, KrF og FrP ber Stortinget gjera fylgjande vedtak:

Dokument 8:66 S (2019–2020) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Sigbjørn Gjelsvik, Heidi Greni og Kjersti Toppe om at de selvforvaltende universitetene og høgskoler fortsatt skal eie egne bygg og eiendommer – vedtas ikke.

Dette er mindretalsforlaget frå Arbeidarpartiet, SV og SP:

Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Stortinget ber regjeringen opprettholde eiendomsfullmakten slik at de selvforvaltende institusjonene i universitets- og høyskolesektoren fortsatt skal forvalte egne eiendommer og bygningsmasse.

Saka kjem opp på morgondagens møte i Stortinget som startar klokka 10.00.

Denne saka er nummer 23 av 24 saker. Alle sakene skal etter planen ha vore oppe til votering innan klokka 15.00.  Om det ikkje går, blir neste votering tysdag om ei veke, får me opplyst av pressevakta i Stortinget.

(Kjelde: Stortinget)

No er saka klar for handsaming i Stortinget. Då innstillinga til Utdannings- og forskingskomiteen låg føre den 12. mai, viste det seg, truleg ikkje heilt overraskande at Dokument 8-forslaget frå Senterpartiet, berre hadde støtte frå opposisjonen sine medlemar i komiteen. Fleirtalet i komiteen, medlemane frå regjeringspartia Høgre og KrF, og det tidlegare regjeringspartiet FrP, ber Stortinget om ikkje å vedta forslaget frå Senterpartiet om at dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane skal halda fram med å eiga eigne bygningar og eigedomar.

Høgre og Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet har til saman 80 representantar i Stortinget. Venstre har ingen medlemar i Utdannings- og forskingskomiteen, så om dei åtte representantane frå Venstre støttar si eiga regjering i Stortinget, vil tilrådinga frå komiteen om ikkje å vedta Senterpartiets forslag få 88 stemmer. Om alle dei andre partia støttar det, vil forslaget likevel berre få 81 stemmer.

“… i motstrid med målet om langsiktighet og forutsigbarhet”

Utvalsleiar Roy Steffensen frå FrP har i Klassekampen gått langt i å uttrykkja støtte til forslaget frå Senterpartiet. “ Universitetenes bygg er spesialiserte og kan ikke bare leies ut til hva som helst av bedrifter eller virksomheter. Det å forvalte dem krever en annen kompetanse enn den Statsbygg har, sa han til Klassekampen den 13. mai. Men i komiteen har partiet altså enda opp med å stemma ned Dokument 8-forslaget frå Senterpartiet, sjølv om det går partiet litt i møte med å seia at det å overføra bygningane til Statsbygg «kan sies å være i motstrid med målet om langsiktighet og forutsigbarhet».

Leiaren for Forskarforbundet, Guro Lind hadde håpa at Stortinget ville stemma for forslaget frå Senterpartiet. Men ho trur likevel ikkje bygningane og eigedomane kjem til å verta overførte til Statsbygg. -Tvert om. Partia støttar sektoren sin verdi i framleis å ha sine eigne bygg, sa ho til Klassekampen 13. mai.

Dermed vil det truleg, også etter morgondagens votering, framleis stå ope om regjeringa i framtida likevel vil bestemma seg for å lata Statsbygg overta bygningane og eigedomane til desse institusjonane.

 

Emneord: eiendom, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2020 17:55 - Sist endra 27. mai 2020 12:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere