UiO nektar å betala festeavgift for 3,5 milliardar for tomta til Livsvitskapsbygget

3,5 milliardar kroner i løpet av 80 år. Det er prisen Universitetet i Oslo kan koma til å måtta betala i festeavgift til Statsbygg for tomta til Livsvitskapsbygget.  – Me vil ikkje betala, seier eigedomsdirektør John Skogen på UiO. 

BER UiO BETALA: Statsbygg ber UiO om å betala festeavgift for denne tomta til Livsvitskapsbygget. I byrjinga skal UiO betala 14,3 millionar kroner i året i 80 år, men eigedomsdirektør John Skogen trur at prisen vil ha kome opp i 100 millionar kroner i året i 2100. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Arbeidet med Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen til ein samla sum på sju milliardar kroner har snart vore i gang i eitt år. No kan prisen koma til å bli endå høgare enn det som Universitetet i Oslo hadde rekna med. For Statsbygg har nyleg lagt eit forslag til festekontrakt på bordet til UiO.  Der krev Statsbygg at Universitetet i Oslo skal begynna med å betala 14,3 millionar kroner i festeavgift i året for tomta til Livsvitskapsbygningen i 80 år. Utgangspunktet er ein tomteverdi på 409,8 millionar kroner som selskapet Veridian har rekna ut for Statsbygg. 

I festekontrakten går det fram at avtalen skal regulerast med konsumsprisindeksen, det vil seia at den vil auka med 2,5 prosent i året.  Kvart tiande år skal også avtalen vurderast etter den aktuelle marknadsverdien. Det vil gi ei årleg leige på 100 millionar kroner i 2100. 

– Og oppsummert vil dette etter mine grove utrekningar utgjera 3,5 milliardar kroner, opplyser eigedomsdirektør John Skogen ved UiO til Uniforum.

No ber Universitetet i Oslo Kunnskapsdepartementet rydda opp og ta ei prinsipiell avgjerd om statlege einingar skal ta betaling for å leiga ut tomter  til kvarandre. Det går fram av eit brev som universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen sende til Kunnskapsdepartementet den 17. mars i år, og som Uniforum har t ein kopi av.

Ber dei om å få til ei politisk løysing

Eigedomsdirektør John Skogen forklarar brevet til Kunnskapsdepartementet med at det er viktig å få avgjort ein del viktige spørsmål:

– Det eine er jo eit prinsipielt spørsmål. Skal statlege etatar driva og leiga grunneigedom ut til kvarandre?  Gaustadbekkdalen er litt spesiell då for den er eigenleg avsett til forsking og undervisning.  Ein annan ting er at dette er mykje pengar for UiO. Dette går ut over ramma vår, botnlinja vår og den faglege verksemda vår. Det er ei utfordring i dette.  Det kom eit krav og ein takst på festeavgift. Det har me vald ikkje å gå inn i enno.  Me hadde eit møte om dette med Kunnskapsdepartementet i vinter og dei ville ha ei ordentleg og skriftleg forklaring og tilbakemelding frå oss. Det laga me, og brevet var klart rett før det smalt i koronatida, så det ligg vel framleis i departementet. Og me har bede dei om  til å få til ei politisk løysing på dette.  Så får Kunnskapsdepartementet finna ut korleis dei vil gjera det, seier John Skogen.

– Vederlagsfrie tomter bør vera modellen

Han gjer det klart at UiO ikkje ynskjer å gå inn i forhandlingar om dette forslaget til festekontrakt frå Statsbygg.

– Nei. Eit døme er at då me kjøpte Nemkobygget av Asplin/Ramm, så stod også det bygget på ein statleg festekontrakt som blei forvalta av Forskingsrådet. I samband med det kjøpet blei tomta overført vederlagsfritt til universitetet frå Forskingsrådet.  Me meiner at det bør vera modellen. Dei statlege einingane bør ikkje driva og fakturera kvarandre for leige av tomtegrunn.  Det er det prinsipielle her.  Og det bør vera ein heilskap i det. 

John Skogen har også sett kor dyrt det blir dersom UiO hadde gått med på forslaget til festekontrakt frå Statsbygg.  I dag ville prislappen ha blitt på i alle fall 3,5 milliardar kroner gjennom 80 år. Men truleg ville det blitt endå dyrare, er han viss på.

– Det blir heilt sikkert ikkje berre 80 år, og så skal det reforhandlast. Og då blir prisen heilt sikkert skrudd endå meir opp. Dette blir ein klamp om foten til universitetet i ei uoverskodeleg framtid. 

– Og då vil UiO ha betalt dobbelt så mykje som verdien tomta er taksert til, altså 409,8 millionar kroner?

– Ja, det er slik festeinstituttet er. Me har ei viss erfaring med festetomter med Opplysningsvesenets fond, sjølv om det er litt annleis, konstaterer han. 

I brevet til Kunnskapsdepartementet peikar UiO-leiinga på at i ein rapport frå Helse Sør-Aust går det fram at då Oslo universitetssykehus HF, la fram planar om nybygg på Gaustad, så skulle tomta gå vederlagsfrist frå Statsbygg  til helseføretaket.  Eigedomsdirektør John Skogen stadfestar at UiO meiner at det må bli ein modell for forholdet mellom Statsbygg og UiO når det gjeld tomta til Livsvitskapsbygget.

– Ja, det hadde sjølvsagt vore det beste for oss. For dette er noko som sjølvsagt går ut over forskings- og undervisningsaktiviteten vår. No har me spelt dette over til departementet. Kvar det hamnar veit ikkje me. Men me har i alle fall fått fremja synet vårt, understrekar han.

Vil hindra innføring av festeavgift for andre tomter på UiO

Universitetet i Oslo har også andre bygningar som står på festa grunn. Mellom dei er Domus Medica på Gaustad som i dag husar store delar av Det medisinske fakultetet.  I eit brev UiO sende til Statsbygg i desember, går det fram at UiO har grunn til å tru at Statsbygg kan koma til å krevja festeavgift for den tomta også.  

For å hindra at det skjer, gjer UiO det klart at dei heller ikkje vil akseptera eit mogleg krav om festeavgift for den tomta, der hovudbygningen til Det medisinske fakultetet har stått sidan 1978.  I brevet understreka UiO at  “vi ikke anser Statsbygg berettiget til ensidig å rettslig omdefinere UiOs bruk fra tomtegrunnen som forvaltes på statens vegne til et tomtefesteforhold.”  UiO har enno ikkje fått noko krav om festeavgift for den tomta, så brevet handlar nok meir om eit føre-var-prinsipp.  Det går fram av svaret til eigedomsdirektør John Skogen.

Ein mann står framfor ei høgblokk på Blindern
FRYKTAR MILLIARDREKNING: Eigedomsdirektør John Skogen fryktar at Statsbyggs forslag til festeavgift for tomta til Livsvitskapsbygget vil gi UiO ei samla ekstrarekning på til saman 3,5 milliardar kroner for dei 80 åra avtalen skal gjelde for. Arkivfoto (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Sjølvsagt fryktar me at det kjem inn i det store spelet. Det er kanskje ei litt anna sak. Det bygget står jo der. Det er ei litt anna sak enn det som handlar om Livsvitskapsbygget.  Uansett har me prøvd å få til ei så prinsipiell tilnærming til dette som mogleg.

– Me ynskjer ei prinsipiell avklaring

No håpar John Skogen det snart kjem nokre signal frå Kunnskapsdepartementet.

– Dei har fått den forklaringa og tilbakemeldinga dei bad om. Så får me sjå om dei kjem med eit skriftleg svar eller ber om eit nytt møte.

– Men det vil helst ikkje betala festeavgift for tomta til Livsvitskapsbygningen? 

– Nei, det vil me ikkje. Og om løysinga til slutt blir at UiO likevel må betala festeavgift, er det ikkje sikkert at det forslaget Statsbygg kjem med, blir ståande.  Statsbygg skriv også at dette er eit grunnlag for forhandlingar. Før me går inn i desse detaljane, ynskjer me ei prinsipiell avklaring og eit svar frå Kunnskapsdepartementet,  slår han fast.  

Og John Skogen understrekar at om UiO må betala festeavgift for tomta, så vil det vera ei stor utgift for universitetet.

– 14,3 millionar kroner er trass alt ganske mykje pengar. Det er viktig for oss å fylgja opp dette. For elles kan økonomien til Eigedomsavdelinga og UiO få ei evig svekking, understrekar han. 

Han reknar med at koronasituasjonen gjer at det vil ta tid, før dei får eit endeleg svar frå Kunnskapsdepartementet.

 – Og dei skal truleg også ha ein dialog me Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er eigardepartementet til Statsbygg, så me får gi dei litt tid, seier han.

UiO betalar festeavgift for tomta til Ole-Johan Dahls hus

I Gaustadbekkdalen ligg også Ole-Johan Dahls hus, på folkemunne også kalla informatikkbygningen. Tomta den står på betalar UiO ei festeavgift på 1,772 millionar kroner i året for, og den prisen kan i år bli heva til 5,1 millionar kroner. John Skogen trur grunnen til dette handlar om dei samla kostnadene for bygningen.

– Ja, og det var jo før mi tid på universitetet. Det har blitt meg fortald at det har med byggjekostnadane på Ole-Johan Dahls hus å gjera. Då kostnadane gjekk ut over rammene, måtte dei finna ein måte å kutta dei på. Då tar me tomta ut og overfører den, og så får universitetet betala festeavgift.  Det var noko som skjedde rundt det, trur han.

I Oslo sentrum står Historisk museum. Det har stått på ei festa tomt som i dag er eigd av Statsbygg. Det har likevel aldri kome noko krav om festeavgift frå Statsbygg for den tomta, går det fram av brevet Universitetet i Oslo har sendt til Kunnskapsdepartementet.

UiO krev ei opprydding

Universitetet i Oslo gjer det i brevet krystallklart at det er behov for ei opprydding i forholdet mellom Statsbygg og andre statlege etatar, einingar og institusjonar.

“UiO som selvforvaltende institusjon kan ikke se at det er i tråd med verken forutsetningene for anskaffelsen av eiendommene, eller Statsbyggs formål om å være byggherre, rådgiver og forvalter av arealer som inngår i statens husleieordning, at UiOs midler skal bruke betydelige midler i festeavgift til Statsbygg. Selv om UiO har inngått festeavtale for grunnen under Ole-Johan Dahls hus, og det kan sies at dette kan danne en form for presedens, mener vi at denne problemstillingen er så prinsipiell og omfattende at det bør drøftes på et departementalt nivå. På denne bakgrunn ber vi Kunnskapsdepartementet vurdere om det er formålstjenlig å etterkomme Statsbyggs krav om festeavgift for tomtegrunn for Livsvitenskapsbygget, og om det bør gjennomføres en opprydding i hjemmelsforholdene mellom Statsbygg og UiO som utført i andre deler av offentlig forvaltning. “

No står det att å sjå kva Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil svara på dette.  

– Fylgja av avhendingsinstruksen Statsbygg har

Uniforum har også bede om ein kommentar frå kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg om kvifor dei har sendt eit forslag til festekontrakt til Universitetet i Oslo for tomta til Livsvitskapsbygget.

FRUKTBAR DISKUSJON: Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg håpar dei kan ha ein god og fruktbar diskusjon med UiO om forslaget til festeavgift for tomta til Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. (Foto: Mette Randem/Statsbygg)

– Det er fylgja av avhendingsinstruksen Statsbygg har gjennom handtering av eigedomar for staten. Når det skal setjast bort ei tomt, skal det alltid inn i ein kontrakt, understrekar ho. Og ho viser til at grunnlaget for festekontrakten for tomta til Ole-Johan Dahls hus er innanfor det same regelverket.

Når det gjeld forslaget til festekontrakt for tomta til Livsvitskapsbygget, forklarar Hege Njaa Aschim det med at det var for å gå ut med eit utkast til vidare drøftingar med Universitetet i Oslo.  

– Me ventar på tilbakemelding frå UiO, men ser at dei har tatt direkte kontakt med Kunnskapsdepartementet, har ho registrert.

– Politisk avgjerd

– Eigedomsdirektør John Skogen og UiO vil ha ein modell der universitetet får tomter vederlagsfritt med overtakinga av Nemko-bygningen og overdraginga av tomt frå Statsbygg til Oslo universitetssykehus som modellar. Er det aktuelt?

 – Om det skal realiserast, må det liggja ei politisk avgjerd til grunn for at me skal gjera det på den måten. Nokre gonger har Statsbygg “selt”  bygningar for 1 krone, fordi det politisk er sett som mest formålstenleg.

Håpar på fruktbar diskusjon

– Er det grunn til å tru at Statsbygg også vil krevja festeavgift for dei tomtene som Domus Medica og Historisk museum står på i dag og som det er aldri er betalt noko for tidlegare?

– Eg kjenner ikkje alle detaljane i dei avtalane. Truleg er det politiske avgjerder som er grunnen til at det ikkje blir betalt festeavgift for dei to tomtene.  

Hege Njaa Aschim i Statsbygg reknar med å få eit snarleg møte med UiO om forslaget til festekontrakt for tomta til Livsvitskapsbygget.

– Me håpar å få til ein god og fruktbar diskusjon med universitetet om dette.

Emneord: Livsvitenskap, Økonomi, eiendom Av Martin Toft
Publisert 1. mai 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere