– Enno ikkje avgjort om Noregs idrettshøgskule må overlata bygningane til Statsbygg

– Me har framleis ikkje bestemt oss for om Noregs idrettshøgskule skal overførast til Statens husleigeordning og forvaltast av Statsbygg. Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Ein mann snakkar medan han gestikulerer med hendene

IKKJE BESTEMT:–  Eg er opptatt av at me skal ha ein god dialog med idrettshøgskulen, før me konkluderer i dette spørsmålet, lovar Henrik Asheim. Onsdag blei det kjent at Statsbygg ikkje skal overta forvaltinga av bygningane til dei fem eldste universiteta. Men det skal vurderast om bygningane til Noregs idrettshøgskule skal forvaltast av Statsbygg. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var onsdag denne veka det blei klart at regjeringa hadde bestemt seg for å lata fem av dei universiteta som forvaltar sine eige bygningar og eigedomar om å få halda fram med det, og ikkje gi den oppgåva til Statsbygg.

Det var ein gledens dag for dei fem, men tidlegare hadde det alltid vore seks institusjonar som i fellesskap hadde kjempa mot forslaget om å lata Statsbygg overta som forvaltar av bygningane deira. På onsdag var gjengen på seks blitt til fem fordi Noregs idrettshøgskule skulle behandlast serskilt, og regjeringa ynskte det skulle vurderast om bygningane og eigedomane til den institusjonen likevel skulle bli ein del av porteføljen til Statsbygg. Det kom overraskande på rektor Lars Tore Ronglan:

– Det kom heilt ut av det blå at regjeringa har sett Noregs idrettshøgskule utanfor, sa han til Uniforum rett etter at dei fem andre institusjonane hadde starta med jubelen  etter avgjerda til regjeringa.

• Les meir i Uniforum:  

Regjeringa vil likevel ikke overlate universietsbygningene til Statsbygg

– Ein god dag for mange, men ikkje for oss

– Me kan feira i dag, sa Svein Stølen, rektor for Universitetet i Oslo som saman med rektorane for NTNU i Trondheim, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og NMBU på Ås, kunne spretta champagnekorkane og markera at dei slapp unna det som dei truleg såg som dei lange fangarmane til Statsbygg.

– Denne dagen var ein god dag for mange, men ikkje for oss, var reaksjonen rektor Lars Tore Rongland på Noregs idrettshøgskule kom med i Uniforum.

• Les meir i Uniforum:

Rektor på Noregs idrettshøgskule: – Skuffa over å måtta overlata bygningar til Statsbygg

– Framleis ikkje bestemt oss

Etter at Uniforum tok kontakt med forskings- og høgare utdanninigsminister Henrik Asheim, viser det seg at den endelege avgjerda om å lata Statsbygg overta bygningane til Noregs idrettshøgskule, enno ikkje er tatt.

– Me har framleis ikkje bestemt oss for om Noregs idrettshøgskule skal overførast til Statens husleigeordning og forvaltast av Statsbygg. Me kjem til å gjera ei vurdering av kor vidt det er fornuftig med ei slik overføring, seier Henrik Asheim til Uniforum.

– 51 år som sjølvforvaltande institusjon

I intervjuet med Uniforum peika Ronglan på at autonomi og utvikling av institusjonen er like viktig for Noregs idrettshøgskule som for dei andre av desse gamle universiteta.

– Realiteten er at me har vore ein sjølvforvaltande institusjon i dei 51 åra me har eksistert. Det har vore svært viktig for utviklinga vår. Og me er den institusjonen i Noreg som kan visa til det beste talet på forskingsproduksjon i høve til kvar tilsett. Dessutan har me ei god gjennomstrøyming av studentar, understreka han. 

Henrik Asheim viser til at Noregs idrettshøgskule skil seg ut samanlikna med dei andre fem institusjonane.

– Det som har vore argumenteta er at NIH har ein vesentleg mindre og mindre kompleks bygningsmasse enn dei fem store sjølvforvaltande universiteta me no har konkludert med, og at behovet for ei eiga stor eigendomsavdeling derfor er mindre, svarar statsråden i ein epost til Uniforum.

Rektor Lars Tore Ronglan sa til Uniforum på onsdag at han meinte at det er heilt feil om Noregs idrettshøgskule skal bli behandla annleis berre fordi den er den minste institusjonen.

– Styresmaktene har heller ikkje hatt nokon eigen dialog med oss om denne situasjonen. Derfor er det veldig vanskeleg å forstå at regjeringa har behandla Noregs idrettshøgskule annleis enn dei andre sjølvforvaltande institusjonane i denne saka, sa Ronglan.

– God dialog

Henrik Asheim viser til at Statsbygg forvaltar eigedomane til andre høgskular.

– Bygg og eigedomar ved fleire andre høgskular vert forvalta av Statsbygg, seinast no i 2019 med Noregs Handelshøgskule. Eg er opptatt av at me skal ha ein god dialog med idrettshøgskulen, før me konkluderer i dette spørsmålet, lovar Henrik Asheim.

"Glad"

Uniforum har tatt kontakt med rektor Lars Tore Ronglan for å  å høyra kva han tykkjer om den siste bodskapen frå forskings-og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Han meiner det gir rom for ein vidare dialog med Kunnskapsdepartementet: 
‘Vi er glad for at departementet ikke har konkludert, og ser frem til en konstruktiv dialog om veien videre. Det gir oss mulighet til å utdype våre argumenter om at fortsatt eierskap og forvaltning av egen campus er den beste løsningen fremover, både for NIH, for studentene våre og for idrettsforskningen i Norge." Det skriv Lars Tore Ronglan til Uniforum i ein epost. 
 

(Oppdatert klokka 16:41 med ein kommentar frå rektor Lars Tore Ronglan ved Noregs idrettshøgskule

 

Emneord: eiendom, Universitetspolitikk, Bygninger, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2020 15:03 - Sist endra 27. mai 2020 12:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere