Strategi 2030 og klimagassreduksjon skal diskuterast i universitetsstyret

Diskusjonen om Strategi 2030 og reduksjon av klimagassutsleppa til UiO er mellom dei viktigaste sakene som kjem opp på møtet i universitetsstyret 3. desember. Medan diskusjonen om klimagassutsleppa skal gå føre seg for opne dører, vil drøftinga om Strategi 2030 skje bak stengde dører.

Medlemane i universitetsstyret er samla rundt møtetbordet i Professorboligen

MEIRFORBRUK PÅ BORDET: Universitetsstyret får ei oppdatering på meirforbruket ved odontologi og UiO sentralt (LOS) på bordet når det kjem saman tysdag 3. desember. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Tidlegare i haust avgjorde UiO-leiinga at det endelege vedtaket om Strategi 2030 skal utsetjast frå 3. desember til februar neste år. Men strategien kjem likevel opp som ei diskusjonssak i seminardelen på møtet i universitetsstyret førstkomande tysdag. Som Uniforum tidlegare har skrive, skal den diskusjonen gå føre seg bak stengde dører.  Det einaste som kan endra på det, er at styret sjølv bestemmer seg for likevel å opna dørene.

Høyringsfristen for innspel til utkastet for Strategi 2030 gjekk ut 1. november. Det kom inn over 60 innspel, går det fram av saksdokumenta. Ein gjennomgang som Uniforum har gjort viste at mange ville leggja større vekt på berekraft, klima og utdanning, medan andre ville at livsvitskap skulle få ein endå større plass i strategien. Andre ville at livsvitskap skulle få mindre plass eller gå heilt ut. Dessutan meiner fleire at strategiforslaget manglar eit godt motto, er for lite ambisiøst, samtidig som dei synest språket er for dårleg eller for inkjeseiande.

Internasjonalt leiande i utdanning

Eit anna forslag som går igjen, er at UiO bør forandra ambisjonen om at alle fagområda skal bli leiande i Europa på sitt felt, men heller bør endra det til at dei skal bli internasjonalt leiande og til at fleire av dei skal bli verdsleiande på sitt fagfelt. Fleire peikar også på at UiO no bør satsa på å bli internasjonalt leiande i utdanning, slik UiO til dels har blitt det i forsking i perioden til Strategi 2020.

Vil setja i verk tiltak for å redusera klimagassutsleppa

Møtet i universitetsstyret startar med ei anna diskusjonssak som det også er stor interesse for. Den handlar om klimagassutsleppa til UiO og om kva tiltak UiO planlegg å setja i verk for å få redusert klimagassavtrykket sitt. Etter planen skal den endelege handlingsplanen for å redusera klimagassavtrykket til UiO vedtakast av universitetsstyret på møtet i juni.

I det utkastet til tiltaksplan for klimagassreduksjon som no er klart, finst det fleire konkrete forslag til kva som må til. Innanfor bygg og eigedom og energi skal UiO mellom anna sikra maksimal grad av energieffektive løysingar både i dei bygningane som er i bruk i dag og i nye byggjeprosjekt. 

Fossilfri bilpark i 2020

Eit anna mål er å sikra ein fossilfri bilpark i løpet av 2020. Unntaket er område der det ikkje finst gode alternativ. Eksterne leverandørar skal også få krav om fossilfri transport. Det er også snakk om å innføra ei ordning med utlån av elbilar til tilsette.

Når det gjeld innkjøp og  gjenbruk  føreslår universitetsdirektør Arne Benjaminsen at UiO skal innføra eit betra system for å bruka IT- og mobilutstyr om att. I utkastet går det også fram at det skal innførast eit endå betre system for styring av kjemikalier. Målet er at det skal minska risikoen ved bruk av kjemiske stoff og at tilsette og studentar skal bruka dei minst helse- og miljøskadelege produkta.

Møtekaffi kan lagast lokalt

Innanfor mat og servering skal UiO gjennom eit tett samarbeid med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus sikra eit mest mogleg klimavennleg serveringstilbod ved UiO. Det vert også føreslått å innføra eit forbod mot unødvendige eingangsprodukt i plast og papp. Alle einingane skal verta oppfordra til å unngå eingongsservise og leggja til rette for at møtekaffi kan lagast lokalt.

Ti prosent færre flyreiser i 2020

I utkastet går universitetsdirektøren også inn for at talet på flyreiser skal reduserast med ti prosent i 2020. Det skal også arbeidast for at anna transport enn fly blir ein del av tilbodet frå reisebyrået UiO har ein  rammeavtale med, heiter det. Det skal i større grad enn i dag også nyttast videkonferanseutstyr ved sensur og gjesteførelesingar. Det vert også rådd til at andreopponentar i disputasar bør delta via videokonferanse når det er mogleg.

Alle plasseringane UiO har gjort gjennom fonda sine er no fossilfrie. I utkastet vert det understreka at plasseringane skal fylgjast opp for å sikra ei mest mogleg berekraftig forvaltning av midlane. 

Tilsetting av direktør for Kulturhistorisk museum

Universitetsstyret skal bak stengde dører også bestemma kven som skal tilsetjast i åremålsstillinga som direktør for Kulturhistorisk museum.  Blant søkjarane er dagens direktør Håkon Glørstad og Nils Rune Langeland, historieprofessoren som for eitt år sidan fekk sparken frå Universitetet i Stavanger.  Styret skal også bestemma kven som skal utnemnast til æresdoktorar ved UiO i 2020.  Status for BOTT universitetssamarbeidet om administrative system kjem opp som ei orienteringssak. Denne gongen handlar det om økonomi og lønn, og den diskusjonen skjer bak stengde dører.

Odontologi og LOS må redusera utgiftene for å få budsjettbalanse i 2023

Universitetsstyret får også på bordet eit oversyn av den økonomiske situasjonen ved Det odontologiske fakultetet og ved UiO: Leiinga og støtteeiningar (LOS).  I junimøtet vedtok universitetsstyret at  det må setjast i verk tiltak for at drifta  til dei to einingane igjen skal gå i balanse seinast i løpet av  2023.

 For Det odontologiske fakultetet viser status så langt at OD har gjort mykje for å auka inntektene og å redusera utgiftene. Mellom anna er det sett i gang tiltak for å auka pasientinntektene, medan delar av narkoseverksemda er leigde ut til Oslo kommune. Fakultetet har også som mål  å redusera bemanninga gjennom  ei omlegging av studieplanar og bemanningsplanar, går det fram av saksdokumenta.  Der går det også fram at fakultetet fekk eit nytt skot  for baugen, då regjeringa i budsjettforslaget for 2020 hadde skåre kraftig ned på tilskotet til spesialistutdanninga. UiO arbeider aktivt for å hindra at det føreslåtte kuttet vert gjennomført.  Langtidsprognosen for OD viser at fakultetet vil få eit sannsynleg meirforbruk på 42 millionar i 2023. Det må derfor setja  i verk fleire tiltak for å koma i balanse innan fristen.

LOS får 146,5 millionar i meirforbruk i 2023

For UiO sentralt, som no offisielt heiter UiO: Leiinga og støtteeiningar (LOS) er utfordringane knytte til drifta. Det isolerte meirforbruket vil truleg liggja på 10,4 millionar kroner på slutten av 2019. Langtidsprognosen viser derimot at meirforbruket kan koma opp i  heile 146,5 millionar kroner i 2023.

Eit kortsiktig tiltak som er gjennomført så langt, er ein streng tilsettingspolitikk. Personallkostnadene utgjer 70 prosent av alle kostnadane til LOS. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og leiargruppa hans held no på med å gå gjennom oppgåveporteføljen og tenestenivå i LOS Drift, står det i saksdokumenta. Eit tiltak som skal redusera kostnader til drift, er å få til auka mobilitet av arbeidskraft internt i UiO. Det er også på tale å gjera organisatoriske tilpassingar, heiter det i saksdokumentet.

Neste gong universitetsstyret vil få på bordet oppdatert informasjon om den økonomiske utviklinga ved OD og LOS, blir den 10. mars 2020.

Dette er heile saklista for møtet i universitetsstyret 3. desember:

Møte nr. 8/2019 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 8/2019 i universitetsstyret 3. des. 2019 10:00–18:00, Professorboligen, Karl Johansgate 47

Legg til i kalender

Seminar

Åpen del


D-SAK 1: Reduksjon av UiOs klimagassutslipp - status, tiltak og videre prosess

Saksnr.

Saksdokumenter:


Lukket del


D-SAK 2: Strategi 2030 - høringsinnspill og veivalg

Saksnr.

Saksdokumenter:


Ordinært styremøte

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Vedtak om engasjement i universitetsalliansen Circle U.

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 14 og 23


V-SAK 3 Ansettelse av ny direktør for Kulturhistorisk museum

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-SAK 4 Utnevning av æresdoktorer ved UiO 2020

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 14


Orienteringssaker


O-SAK 1 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer: Økonomi og lønn

Saken er unntatt offentligjet etter offl § 14 og 23


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 5 Etablering av utviklingsplaner ved fakulteter og tilsvarende enheter

Saksnr.

Vedtaksforslag:

1. Det etableres utviklingsavtaler med fakulteter og tilsvarende enheter.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 Endring i forskrift om ansettelser og opprykk - utdanningsfaglig kompetanse

Saksnr. 2014/4145

Vedtaksforslag

Saksdokumenter:


V-SAK 7 UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon - forslag til justering av statuttene

Saksnr. 2014/9174

Vedtaksforslag:

Universitetsstyret slutter seg til vedlagte forslag til justering av statuttene for UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon.

Saksdokumenter:


V-SAK 8 Forslag til årsplan Enhet for intern revisjon (EIR) 2020

Saksnr.

Vedtaksforslag:

Universitetsstyret godkjenner forslag til årsplan for EIR for 2020.

Saksdokumenter:


V-SAK 9 Adgang til utsatt sensurfrist ved helligdager i sensurperioden

Saksnr.

Vedtaksforslag:

Universitetsstyret vedtar midlertidig forskrift om tillegg til forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo.

Saksdokumenter:


V-SAK 10 Den sentrale klagenemd - oppnevning av medlemmer for perioden 2020-2022

Saksnr. 2008/12121

Vedtaksforslag:

Følgende oppnevnes som nye faste medlemmer for de vitenskapelig tilsatte for perioden 01.01.2020 – 31.12.2022

  • Professor Tore Jahnsen - vara oppnevnes på fullmakt
  • Professor Ingjerd Hoëm - vara oppnevnes på fullmakt

Rektor gis fullmakt til å oppnevne varamedlemmer, leder og vara for leder, samt studentrepresentanter.                    

Saksdokumenter:


Ordinære saker


O-SAK 2 Prosess for årsplan 2021-2023 og fordeling 2021

Saksnr. 2019/12930

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Oppfølging av økonomisk utvikling ved Det odontologiske fakultet (OD) og UiO: Ledelsen og støtteenheter (LOS)

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-sak 6 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak 11 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Av Martin Toft
Publisert 29. nov. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere