Kristian Gundersen: – Rart å diskutera Strategi 2030 bak stengde dører

Strategi 2030 skal diskuterast på eit seminar bak stengde dører i universitetsstyret 3. desember. – Det er rart med ei sak som er så prinsipielt viktig, synest biologiprofessor Kristian Gundersen. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forsvarar lukkinga.

Ein mann står ute og ser mot kameraet. Bak til høgre står ein ein annan mann og ser i mobiiltelefonen sin.

RART: Strategi 2030 skal diskuterast  bak stengde dører før styremøtet på tysdag:– Det er rart med ei sak som er så prinsipielt viktig, synest biologiprofessor Kristian Gundersen.

Foto: Ola Sæther

Førstkomande tysdag 3. desember skal Strategi 2030 diskuterast av medlemane i universitetsstyret.  Det skjer på eit seminar bak stengde dører før det ordinære styremøtet.  Det reagerer tidlegare styremedlem, biologiprofessor Kristian Gundersen  sterkt på.

– Hovudregelen i universitets- og høgskulelova er at styremøte skal vera opne. Det er rart at ei sak som er så prinsipielt viktig for universitetssamfunnet som Strategi 2030 skal haldast bak sterngde dører. Om det er ei sak som må haldast for opne dører, må det nettopp vera ei slik sak, seier Kristian Gundersen til Uniforum.  Om han hadde fått sjansen til å vera med på å bestemma det, veit han kva han ville ha gjort.

– Eg ville ikkje gått inn for å halda ei slik diskusjonssak for stengde dører, garanterer han.

Les saklista for møtet i universitetsstyret

Viktige milestolpar for Strategi 2030:

  • 12. april var frist for innspel. 
  • 24.april: Innspelmøte og påfylgjande verkstader (24,25,26.april).
  • 31.mai 2019: Første utkast til strategi klart.
  • 18-19. juni 2019: Styre- og dekanseminar diskuterte første utkast til strategi.
  • 10-11.september 2019: Justert utkast blei diskutert i styret. 
  • 24.september - 1. november (4 veker) 2019: Høyring på fakultet og museum.
  • 3. desember 2019: Strategien skal diskuterast i universitetsstyret.
  • Februar 2020:Strategien skal vedtakast i universitetsstyret.

– Vil vita korleis dei har tenkt

Olav Gjelsvik er representant for dei fast vitskaplege tilsette i universitetsstyret. Han  lurer også på kvifor diskusjonen skal haldast bak stengde dører:

– Eg vil gjerne vita korleis dei har tenkt og grunnane dei gjev for at det ikkje skal vera ope, og tenkjer be om at ein gjer greie for det. Det er heilt klart at dette ikkje er ei vedtakssak - men hovudprinsippet i diskusjonsssaker er at dei er opne. Eg vil ta stilling ut frå det som kjem fram - om eg tykkjer dette er rett eller ikkje i denne saka. Om opning er rett etter mitt syn, vil eg be om det, seier Olav Gjelsvik til Uniforum.

– Ikkje uvanleg

Uniforum har også vore i kontakt med ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer. Han meiner det ikkje er noko serskilt i å lata ein diskusjon om Strategi 2030 gå føre seg bak stengde dører.

– Det er ikkje uvanleg at administrasjonen ynskjer å ha nokre avklaringar med styret som et ledd i førebuingane til ei formell behandling av ei stor og viktig sak som dette. Det er jo lagt opp ein omfattande prosess med høyringar og innspel frå relevante partar, og eg vil tru dette er ei uformell avklaring av innretninga på saka som skal fremjast for styret, seier han til Uniforum.  Han meiner dette ikkje er dramatisk. 

– Det ligger ingen bindingar i ei slik drøfting, og når saka formelt vert fremja,  så vil normale prosedyrar bli fylgde. Trur ikkje det er grunnlag for å overdramatisera dette på det noverande tidspunktet, understrekar Idar Kreutzer. 

Heller ikkje styrerepresentant for dei mellombels vitskaplege tilsette, Kristian Bjørkdahl ser grunn til å slå alarm i denne saka.

– Eg har ikkje fått sett på styrepapira, så eg har ikkje noko veldig konkret formeining om det. Sånn eg har forstått det, innførte dei, før eg kom inn i styret, ein ny policy for kva som er ope og kva  som ikkje er det, seier han i ein kommentar til Uniforum.

– Ei førebels drøfting med styremedlemane

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forsvarar avgjerda med å halda diskusjonssaka om Strategi 2030 bak stengde dører.

– Dette er ikkje ei vanleg styresak som er til behandling, men ei førebels drøfting med styremedlemane. Derfor er saka heller ikkje sett opp som ei vanleg styresak, men den er tema på eit seminar før det ordinære styremøtet, forklarar han.

– Men på seminaret har de også ei anna diskusjonssak, nemleg klimagassavtrykkrapporten. Og den skal handsamast bak opne dører.  Kva er grunnen til det?

– Me har ikkje sett behov for å ta diskusjonen om klimagassavtrykksrapporten i lukka møte, og vil derfor gjera det me kan for meir openheit, slik me tidlegare har signalisert til Uniforum at me ynskjer, seier Arne Benjaminsen til Uniforum.

Strategi 2030 kjem opp til endeleg handsaming i universitetsstyret i februar neste år. Då blir det endeleg vedtatt korleis Strategi 2030 skal sjå ut.

60 innspel

Høyringsfristen for innspel til utkastet for Strategi 2030 gjekk ut 1. november. Det kom inn over 60 innspel, går det fram av saksdokumenta. Ein gjennomgang som Uniforum har gjort viste at mange ville leggja større vekt på berekraft, klima og utdanning, medan andre ville at livsvitskap skulle få ein endå større plass i strategien. Andre ville at livsvitskap skulle få mindre plass eller gå heilt ut. Dessutan meiner fleire at strategiforslaget manglar eit godt motto, er for lite ambisiøst, samtidig som dei synest språket er for dårleg eller for inkjeseiande.

Internasjonalt leiande i utdanning

Eit anna forslag som går igjen, er at UiO bør forandra ambisjonen om at alle fagområda skal bli leiande i Europa på sitt felt, men heller bør endra det til at dei skal bli internasjonalt leiande og til  at fleire av dei skal bli verdsleiande på sitt fagfelt. Fleire peikar også på at UiO no bør satsa på å bli internasjonalt leiande i utdanning, slik UiO til dels har blitt det i forsking i perioden til Strategi 2020.

Les diskusjonssaka om Strategi 2030 her

 

Av Martin Toft
Publisert 27. nov. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere