For ei veke sidan gjekk fristen for å koma med høyringsinnspel til utkastet til Strategi 2030, ut. Uniforum har gått gjennom fleire av høyringstekstane som har kome inn frå både fakulteta, sentra og frå eksterne samarbeidspartnarar. Gjennomgangstonen er at livsvitskap anten får for stor eller for liten plass i det utkastet som no ligg føre. Dessutan meiner fleire at strategiforslaget manglar eit godt motto, er for lite ambisiøst, samtidig som dei synest språket er for dårleg eller for inkjeseiande.
Eit anna forslag som går igjen, er at UiO bør forandra ambisjonen om at alle fagområda skal bli leiande i Europa på sitt felt, men heller bør endra det til at dei skal bli internasjonalt leiande og til at fleire av dei skal bli verdsleiande på sitt fagfelt. Fleire peikar også på at UiO no bør satsa på å bli internasjonalt leiande i utdanning, slik UiO til dels har blitt det i forsking i perioden til Strategi 2020.
Dette er dei fire ambisjonane til UiO i utkastet til Strategi 2030:
• UiO skal fremja open, banebrytande og langsiktig forsking
• UiO skal utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei betre verd
• UiO skal dela kunnskap og bidra til at den vert tatt i bruk
• UiO skal byggja ein fleksibel organisasjon og vera ein attraktiv arbeidsplass for studentar og tilsette
Les heile utkastet til Strategi 2030
Åtvarar mot at livsvitskap får for stor plass
Dekan Aud Tønnessen ved Det teologiske fakultetet skriv at det er viktig for heile UiO at livsvitskap lykkast, men ikkje dersom det fører til at humaniora, inkludert teologi og samfunnsfag, inkludert jus, ikkje blir prioriterte på same tydelege måte. Ho peikar også på at det er nettopp i humsamfaga UiO ligg på topp internasjonalt. Som prov på det viser ho til QS World Ranking).
Heller ikkje Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved dekan Morten Dæhlen er overvettes begeistra for den breie plassen livsvitskap får samanlikna med dei andre forskingssatsingane til Universitetet i Oslo. Etter fakultetets oppfatning er ikkje det sikkert det er så lurt: «MN mener det ikke er klokt å løfte frem livsvitenskap uten å løfte frem andre satsinger. Hva med f.eks. bærekraft/energi/klima, digitalisering, mangfold og demokrati? Fakultet meiner derfor at målet kan endrast slik at det får fylgjande tekst:
«UiO skal videreutvikle de tverrfaglige satsingene UiO:Livsvitenskap, UiO: Energi og UiO: Norden.»
MN-fakultetet rår også UiO til å trekkja fram arbeidet med Oslo Science City og utviklinga av langsiktig, strategisk partnarskap med utvalde bedrifter og einingar i offentleg sektor.
Viktige milestolpar for Strategi 2030:
- 12. april var frist for innspel.
- 24.april: Innspelmøte og påfylgjande verkstader (24,25,26.april).
- 31.mai 2019: Første utkast til strategi klart.
- 18-19. juni 2019: Styre- og dekanseminar diskuterte første utkast til strategi.
- 10-11.september 2019: Justert utkast blei diskutert i styret.
- 24.september - 1. november (4 veker) 2019: Høyring på fakultet og museum.
- 3. desember 2019: Strategien skal diskuterast i universitetsstyret.
- Februar 2020:Strategien skal vedtakast i universitetsstyret.
- (Kjelde: Universitetet i Oslo)
Vil gi livsvitskap meir plass
Oslo universitetssykehus og A-hus skriv begge i sine høyringsinnspel at livsvitskap bør få ein endå større plass i strategien. Medan Oslo universitetssykehus føreslår at satsinga på livsvitskap får ein betre og tydelegare plass blant ambisjonane til UiO, kjem A-hus med ei konkret setning som det vil ha inn i strategien. Den går ut på at satsinga på livsvitskap må skje «i nært samarbeid med universitetssykehusene Oslo universitetssykehus og Akershus universitetssykehus og de kliniske miljøer ved Institutt for klinisk medisin», går det fram av teksten frå direktør Øystein Meland ved A-hus.
«Mangler en overordnet strategi»
Det medisinske fakultetet nemner ikkje i like stor grad livsvitskap i høyringsteksten sin. Derimot er dekan Ivar Prydz Gladhaug opptatt av mangelen på mål og ambisjonar i utkastet til strategi. Han gir utkastet ein svært dårleg karakter. Fakultetet meiner det heilt manglar mål og meining for kvar UiO skal gå vidare. «Helt overordnet mener vi slik dokumentet foreligger nå, mangler det en overordnet strategi for hvor universitetet vil. I dokumentet savner vi en klar adresseringen av de store samfunnsutfordringer som universitetet vil stå ovenfor i den kommende tiårsperioden»
Og ikkje nok med den strenge evalueringa. Det held fram skjennepreika med å visa til at «dokumentet er i for stor grad preget av generelle, konsensussøkende og uforpliktende målformuleringer» Det medisinske fakultetet etterlyser også ein overordna analyse av forhold og faktorar som kan reknast å «kjennetegne forskning, formidling og innovasjon ved UiO frem mot 2030.» Fakultetet etterlyser og ei skissering av moglege framtidige vegval. I tillegg etterlyser MED ei betre synleggjering av rolla universitetssjukehusa spelar som samarbeidspartnarar for UiO. Dei trekkjer fram rapporten til Grimstad-utvalet som gir tydelege signal om at utdanningskapasiteten av legar må aukast kraftig dei neste åra.
«Et nav for industriell utvikling»
Medan Det medisinske fakultetet ikkje let livsvitskap få så stor plass i høyringsteksten sin som til dømes OUS og A-hus, er det heilt sentralt i høyringsteksten frå Oslo kommune. Kommunaldirektør Eli Vorkinn skriv at dei ventar mykje av den satsinga og fylgjene den kan få for Oslo. « Oslo kommune er positiv til at UiO løfter frem livsvitenskap som et satsingsområde i høringsutkastet. Det bør imidlertid komme tydeligere frem at det er forventninger om at livsvitenskapsbygget ikke bare skal bli et senter for fremragende forskning og utdanning, men også et nav for industriell utvikling som gir arbeidsplasser i Oslo og langsiktig økonomisk vekst, står det i innspelet frå Oslo kommune.
OD likar ikkje uttrykket «klimagenerasjonen»
Dekan Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultetet støttar stort sett opp om formuleringane rundt livsvitskap i forslaget til ny strategi for UiO. Derimot er ikkje fakultetet nøgd med bruken av uttrykket «klimagenerasjonen» om framtidas studentar ved UiO. Derfor føreslår fakultetet at dette ordet blir stroke heilt ut av teksten. Fakultetet føreslår også å ta med ei nytt mål i utkastet: «UiO skal verne om sin autonomitet og være en premissleverandør av kunnskap til samfunnet», står det i setninga som fakultetet vil ha inn.
Også UV-fakultetet og dekan Sten Ludvigsen meiner at livsvitskap er viktig for UiO, men det meiner at det bør nemnast saman med UiO:Energi og UiO:Norden og moglege andre tunge satsingar. Heller ikkje dette fakultetet er særleg begeistra over uttrykket «klimagenerasjonen». Det vert vist til at dei ikkje representerer det store studentmangfaldet åleine, og «den er heller ikke alene den viktigste brobyggeren mellom universitetet og samfunnet» peikar høyringsteksten frå fakultetet på.
«Uheldig/kritikkverdig»
Elles gir også dette fakultetet utkastet til Strategi 2030 det glatte lag, og meiner det er uferdig og lite gjennomarbeidd. «At man sender ut dette til høring uten at man har en god beskrivelse av UiOs ambisjoner og dermed retning, mener vi er uheldig/kritikkverdig», slår fakultetet fast.
Dette synspunktet deler Det utdanningsvitskaplege fakultetet i stor grad med Det humanistiske fakultetet. I høyringsteksten frå dekan Frode Helland står det at «utkastet til strategi ikke er ambisiøst nok, og den mangler retning og prioritering. Den bør tydeligere vise hvor UiO ønsker å flytte seg de neste ti årene.» HF peikar også at strategiutkastet manglar eit forslag til felles motto, og rår UiO til å halda fram med det same mottoet som Strategi 2020 har «Et nos petimus astra» altså at «Me søkjer stjernene» Det viser til at UiO dermed har ambisjonar om å nå det høgaste nivået. HF vil også at studium skal koma før forsking i strategien. Og utdanning skal vera eit satsingsområde.
Vi ha det godkjent av dekanane før styret får det på sitt bord
HF reknar også med at heile utkastet blir vesentleg forandra etter denne høyringsrunden,. Samtidig krev fakultetet at det må spegla tilbakemeldingane og bli godkjent av dekanane før det blir lagt fram for universitetsstyret.
Også HF vil ha med berekraft som eit berande element både i forsking, utdanning og i forvaltinga av eigedomane til UiO. Det er ein raud tråd som går igjen i nesten alle høyringsspela til Strategi 2030. Det same gjeld forslaget om heller å bruka ei formulering om at UiOs forskingsmiljø skal ha som mål å bli leiande internasjonalt i staden for å vera leiiande i Europa. Fleire fagområde bør også ha som ambisjon å vera verdsleiande, slår blant anna Oslo universitetssykehus fast i innspelet sitt.
Mange fakultet har også eit ynske om ei endå sterkare satsing på utdanning. Det utdanningsvitskaplege fakultetet legg vekt på at profesjonsutdanningane manglar i strategien. Fakultetet trekkjer fram at UiO har ei rekkje profesjonsutdanningar som til dømes, lærar, prest, jurist, tannlege, lege, farmasøyt og psykolog. Og fakultetet viser til at flesteparten av studentane går på ei profesjonsutdanning.
Administrerande direktør Lisbeth Dyrberg i Studentsamskipanden i Oslo og Akershus skriv også at UiO bør ha som ambisjon å gjera Oslo til Europas mest attraktive studentby i 2030.
Studentparlamentet vil ha med ei sterkare formulering om akademisk fridom: «UiO skal være en forkjemper for akademisk frihet og institusjonell autonomi og bidra til tillit til vitenskap i samfunnet», føreslår det høgaste organet til studentane på UiO.
Vil ha med kjønnslikestilling
Både Det teologiske fakultetet og HF vil ha like stor vekt på kjønnslikestilling som mangfald og vil at begge måla skal vera med i strategien. Det same kravet kjem frå MN-fakultetet. «På lik linje med Strategi 2020 må kjønnsbalanse være en del av Strategi 2030», heiter det.
Senter for utvikling og miljø er opptatt av å få med berekraft og klimamåla i Strategi 2030. Men det understrekar også kor viktig det er med internasjonalt samarbeid på tvers av grenser og kontinent. SUM vil derfor ha fylgjande formulering med i strategien: «UiO skal styrke sin internasjonale utdanningsvirksomhet gjennom samarbeid med universiteter over hele verden, og våre kandidater skal ta del i og bidra med forskningsbasert kunnskap fra og i hele verden», står det i teksten som er underteikna av senterleiar Sidsel Roalkvam.
På dette området får Senter for utvikling og miljø godt selskap av Det juridiske fakultetet når det gjeld ambisjonane UiO må ha i forsking. Fakultetet føreslår nemleg at det bør stå «UiO er et fremragende, internasjonalt, forskningsintensivt breddeuniversitet som skal være i den internasjonale forskningsfronten.»
Uniforum har i denne artikkelen prøvd å få med seg dei viktigaste nye innspela i dei høyringstekstane som kom inn til høyringsfristen 1. november. Alle som vil, kan også gå inn på nettsidene til Strategi 2030 og lesa alle tekstane som er komne inn.
UiO-leiinga bestemte etter det siste møtet i universitetsstyret å utsetja den endelege datoen for når Strategi 2030 skal vedtakast frå desember til februar. Det vil seia at UiO sentralt har meir tid på seg til å sy saman dei nye innspela og forslaga før eit nytt dokument skal leggjast fram som eit forslag til vedtak i universitetsstyret i februar.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere