UiO sentralt og odontologi må spara pengar

Både Sentraladministrasjonen (LOS) og Det odontologiske fakultetet har hatt for stort meirforbruk og må spara på utgiftene sine. Det går fram av verksemdsrapporten frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen til universitetsstyret.

Universitetsdirektør Arne Benjaminisen sit og ser framover

SKAL FYLGJA TETT: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen skal no fylgja den økonomiske situasjonen ved UiO sentralt og ved odontologi tett. Begge einingane kan få eit meirforbruk på høvesvis 26 millionar og 25 millionar i 2019.

Foto: Ola Sæther

Det er altså sentraladministrasjonen (LOS) og odontologi som har brukt for mykje pengar som dei ikkje har, og no får streng beskjed frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen om å få budsjettet i balanse igjen i 2023. Det blir rekna med at LOS (Leiinga og støtteeiningar) vil ha eit meirforbruk på 26 millionar kroner når året 2019 er over.

Fylgjer dei tett

I fjor enda talet på 17,6 millionar kroner i overforbruk. Odontologi har brukt om lag like mykje pengar ekstra. I 2017 var meirforbruket på 19 millionar kroner, i 2018 på 10 millionar, medan prognosen seier at odonologi vil koma til å bruka 25 millionar som fakultetet ikkje har i 2019. I grunnlagspapira går det fram at universitetsdirektøren spesielt peikar på at økonomien til LOS og odontologi gir grunn til uro. Derfor skal økonomien til dei to einingane fylgjast tett.

For sentraladministrasjonen (LOS) er det universitetsdirektør Arne Benjaminsen som også er øvste adminstrative ansvarlege, samtidig som han som universitetsdirektør ber sentraladministrasjonen om å spara på pengeforbruket. Det er derfor Arne Benjaminsen Uniforum må spørja om grunnane til meirforbruket i den avdelinga som han også er øvste leiar for.
– Årsakene til meirforbruket i LOS er samansette. Det skuldast både IHR-prosessen (Internt handlingsrom/red.merknad), som frigjorde 50 millionar kroner frå sentraladministrasjonen til fakulteta frå 2012, ABE-reforma og rammekutt. I tillegg er det investert i digitaliseringstiltak som aukar felles systemkostnader og nokre sentraliserte tjenester som juridiske tenester som kjem heile UiO til gode, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ein epost til Uniforum.

Har innført restriktiv tilsettingspolitikk

Han kjem også inn på kva tiltak som no er sette i verk for å spara inn pengar. – For å koma i balanse har me innført ein restriktiv tilsettingspolitikk, me ser på ytterlegare høve til forenkling og digitalisering og me prioriterer oppgåver og servicenivå, seier Benjaminsen.

Av sakspapira går det fram at universitetsdirektøren også vil setja ned ei intern arbeidsgruppe som skal bistå med analysar, planlegging og oppfylging av tiltak.  Eit av dei tiltaka som blir vurdert, er å utsetja ombygginga av første etasje i Lucy Smiths hus (Administrasjonsbygningen). Også på område som lønn, økonomi og arkiv vil ulike prosessar bli gått gjennom med mål om å forenkla, fornya og standardisera arbeidsprosessar, står det i rapporten frå universitetsdirektøren.  

Slutt på inntekter frå UDI og Helsedirektoratet

Ei anna eining som får streng beskjed om å tetta igjen utgiftshola og få budsjettet i balanse i løpet av 2023, er Det odontologiske fakultetet. Det blir rekna med at fakultetet kan få eit meirforbruk på 25 millionar kroner i 2019. Derfor ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen om at budsjettet til fakultetet må koma i balanse igjen i 2023.

INNTEKTER FALL BORT: Det avslutta samarbeidet med UDI om aldersvurdering av asylsøkjarar og reduksjon i tilskotet frå Helsedirektoratet til spesialistutdanning av tannlegar er to av grunnane dekan Pål Barkvoll gir opp som grunnar til at Det odontologiske fakultetet truleg vil vera oppe i eit underskot på 25 millionar kroner i 2019. (Foto: Ola Sæther)

Dekan Pål Barkvoll peikar på at hovudgrunnen til den vanskelege økonomiske situasjonen er bortfall av tidlegare inntekter.

– OD har ikkje eit reelt meirforbruk samanlikna med tidlegare år. Kostnadene er på same nivå som tidlegare, men inntektene har gått vesentleg ned, forklarar han. Pål Barkvoll peikar også på hovudgrunnane:

– OD avslutta samarbeidet med UDI om aldersvurdering av mindreårige asylsøkjarar. Tilskotet frå Helsedirektoratet til spesialistutdanning av tannlegar har gått ned dei siste åra, etter fleire år med auka løyvingar. OD får ikkje lenger tilskot til alle kandidatar som vert tekne opp på spesialistutdanningsprogramma. Tilskottet blei redusert i 2019 og endå meir i 2019.

– Kva tiltak vil de setja i verk for å få økonomien i balanse igjen i 2023?

– Ein gjennomgang av prisar ved pasientbehandling – prisauke. Me skal utarbeida bemanningsplanar for begge institutta og fakultetsadministrasjonen, slik at desse er i samsvar med dei studieplanane som fakultetet i dag arbeider etter, svarar Pål Barkvoll i ein epost til Uniforum.

Må gå i balanse i 2023

I saksdokumentet frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen vert det understreka at einingane no skal fylgjast opp i i eit fem år langt perspektiv. For einingar som har eit vesentleg akkumulert meirforbruk, er prosedyren at tidspunktet for å oppnå økonomisk balanse vert frose.

Dette inneber at LOS og OD må setja i verk tiltak, slik at drifta igjen går i balanse seinast i løpet av 2023. Inntil balanse er oppnådd vil universitetsdirektøren fylgja utviklinga tett, blir det understreka.

UiO har 29 millionar i mindreforbruk

Derimot ser resten av Universitetet i Oslos økonomi god ut, ifylgje denne verksemdsrapporten. Det vert vist til at UiO samla sett framleis har ein god økonomi og eit stabilt inntekts- og kostnadsnivå. UiOs mindreforbruk på basiverksemda er lågast i universitets- og høgskulesektoren, og det gjekk ned til 29 mill. kroner i dei første tre månadane av 2019.  Nedgangen er i all hovudsak knytt til fakulteta og liknande einingar, står det i rapporten. Samtidig er alle einingane med på å bidra til meirforbruket.

No er mindreforbruket på fakulteta og andre liknande einingar på  12,7 prosent, noko som blir rekna som for høgt.  UiO har likevel eit lågt mindreforbruk på grunn av UiOs interne lån, også kalla for «førehandsdisponeringar».

MN og SV har mest på bok av fakulteta

Når det gjeld fakulteta, har Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet det høgaste mindreforbruket. Det ligg på 20 prosent og det vert forklart med det høge inntektsnivået til fakultetet dei siste åra. Ein av grunnane er den store offentlege satsinga på realfag og IKT.  Det har gitt både nye studieplassar og rekrutteringsstillingar. Dei eksterne inntektene har også auka. 

Det samfunnsvitskaplege fakultetet har eit like høgt mindreforbruk, altså 20 prosent, og det skuldast både vekst i studieplassar og i eksterne inntekter. Det har gitt utteljing i resultatinntekter, går det fram av verksemdsrapporten.

Det utdanningvitskaplege fakultetet har klart å redusera mindreforbruket sitt dei siste åra. Det har fakultetet klart gjennom å setja i gang med å auka aktivitetane gjennom å etablera fleire rekrutteringsstillingar og å forskottera stillingar ved avgangar. Derfor har mindreforbruket gått ned, og situasjonen ser ut til å vera under kontroll, kommenterer universitetsdirektøren i rapporten. 

Det juridiske fakultetet har også hatt nedgang i mindreforbruket i åra frå 2015 til 2018. Årsaka er fallande inntekter og auka kostnader. For å bøta på dette har fakultetet redusert årsverk og kutta kostnader. Så også på det fakuletet er mindreforbruket i ferd med å flata ut.

Skal bruka billettinntekter til å fornya utstillingar

Av dei to universitetsmusea, er det Kulturhistorisk museum som har mest pengar på bok, og som det ikkje har klart å bruka opp. Det er eit resultat av at museet har bygt opp kapital gjennom billettsalet, først og fremst frå Vikingskipshuset. Det blir no lagt ein plan som går ut på å setja midlar inn i å fornya utstillingane i Historisk museum i sentrum.

Mindreforbruket på Naturhistorisk museum ligg på rundt 9 prosent. Der har også publikumsinntektene og prosjektinntektene auka den siste tida.  

Det er likevel sentra som tar førsteplassen når det gjeld å ikkje bruka pengar dei har fått tildelt. Til saman ligg nivået på 102 prosent. For UiO:Energi og UiO:Livsvitskap er grunnen til dette konkrete forseinkingar av planlagde aktivitetar, og det er derfor sannsynleg at mindreforbruket vert redusert dei næraste åra, står det i verksemdsrapporten.

Senter for utvikling og miljø har også ein høg del med tildelte pengar som det enno ikkje har fått brukt. Ifylgje denne rapporten ligg mindreforbruket på 66 prosent. 

Økonomien til Universitetsbiblioteket går derimot i tilnærma balanse med eit mindreforbruk på 1 prosent.

Verksemdsrapporten skal handsamast på møtet i universitetsstyret onsdag 19. juni.

Les heile sakslista for møtet i universitetsstyret.

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2019 13:54 - Sist endra 17. juni 2019 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere