UiO får truleg eit rammekutt på 74 mill. kr i 2019

UiO kan få eit samla rammekutt på 144 millionar kroner frå budsjettåret 2019. Om rehabiliteringa av Eilert Sundts hus blir utsett til 2020, blir derimot rammekuttet redusert til 74 millionar kroner.

AVGJERANDE REHABILITERING: Om rehabiliteringa av Eilert Sundts hus tar til i 2019, vil UiO få eit rammekutt på 144 millionar kroner.  Om arbeidet blir utsett til 2020 blir rammekuttet redusert med 70 millionar.

Foto: Francesco Saggio /UiO

Dette går fram av universitetsdirektørens framlegg til årsplan for 2019. For førstkomande tysdag skal Universitetsstyret vedta eit stipulert årsbudsjett for 2019. Då har dei rekna ut kva løyving UiO truleg vil få i framlegget il statsbudsjett for 2019, på grunnlag av det universitetet har fått tidlegare år.

I saksdokumenta går det klart fram at Universitetet i Oslo går mot hardare økonomiske tider, akkurat som rektor Svein Stølen varsla i Uniforum for tre vekar sidan. Då opplyste han at UiO måtte kutta budsjettet med 100 millionar kroner i 2019. Grunnen var at det ikkje lenger er mogleg å finansiera investeringar gjennom mindreforbruk . Dermed må rehabiliteringar og vedlikehald av bygningar finansierast gjennom å kutta ned på andre delar av budsjettet, varsla Svein Stølen.

• Les meir i Uniforum: – UiO må rekna med rammekutt på 100 millionar neste år

220 millionar i investeringar

No er framlegget til årsplan for 2019 klart, og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe legg heller ikkje skjul på at det må skjerast ned på enkelte postar. UiO har forplikta seg til 220 millionar kroner til i hovudsak rehabilitering av bygningar. Det svarar til dei midlane som er tilgjengelege til fordeling i 2019, står det i budsjettdokumentet.

Den største investeringa er rehabiliteringa av Eilert Sundts hus på Blindern. Det samla rammekuttet er altså avhengig av om universitetsstyret vedtar å setja i gang med rehabiliteringa av Eilert Sundts hus i 2019 eller i 2020. Om styret vel å setja det i gang allereie frå neste år, vil det altså gi eit samla kutt på 144 millionar kroner, medan det blir redusert med 70 millionar kroner, om dei endar med å utsetja rehabiliteringa til 2020.

Argumentet for å gjera det, er at det vil gi fakulteta og andre einingar lenger tid til å tilpassa aktivitetsnivået og rom til å gjennomføra tiltaka i årsplanen, heiter det. Samtidig får UiO-leiinga høve til å sjå på alternativ til flate kutt. Om UiO tar heile rammekuttet i 2019, vil det gi organisasjonen ein god grunn til å gjennomføra omstillingstiltak, står det i styredokumenta.

UiO har lånt 1 milliard av seg sjølv

Tidlegare har universitetet lånt av ubrukte midlar på einingane og av framtidige løyvingar. Til saman er dei samla førehandsdisponeringane no på 1 milliard kroner, og universitetsdirektøren meiner det ikkje er økonomisk ansvarleg å nytta dette som verkemiddel i tida framover. Derfor vil oppfylginga av den vedtatte masterplanen for eigedom og nye prioriteringar føra til omprioriteringar, heiter det.

44 millionar skal sparast inn

Som Uniforum tidlegare har meldt, er UiO også nøydd til bruka pengar på å investera i infrastrukturen for IT-tenestene ved UiO. Dessutan føreslår universitetsdirektøren også ein del nye tiltak til investeringar i bygg. Til dette er det sett av 30 mill. kr. Dei nye tiltaka skal finansierast gjennom å omdisponera midlar frå fakulteta og andre einingar gjennom rammekutt. Det blir også kalkulert med ein innsparing på 44 millionar kroner som fylgje av ei mogleg opptrapping av avbyråkratiseringsreforma til regjeringa.

Størst uvisse rundt Vikingtidsmuseet

I  budsjettdokumenta står det også at den største økonomiske uvissa i 2019 heng saman med finansieringa av nytt Vikingtidsmuseum. Så langt har det ikkje kome noka endeleg avklaring om finansieringa av bortfallet av inntekter ved stenging av Vikingskipshuset i byggjeperioden og ei full finansiering av sikringsprosjektet.

Om dette ikkje blir dekt over byggjeprosjektet, fryktar UiO-leiinga at det kan innebera eit mogleg behov for finansiering av tapte billettinntekter og sikringsprosjektet på rundt 100-130 millionar kroner.  I tillegg reknar dei også med ein del utgifter til innflytting i nytt bygg for livsvitskap. Også naudsynt utbetring av ein gammal dyrestall på Det medisinske fakultetet står på lista til UiO over prioritert vedlikehald.

Går inn for rammekutt på 74 mill. kr.

I framlegget til vedtak går universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe inn for at universitetsstyret vedtar eit årsbudsjett med eit rammekutt på 74 millionar kroner i 2019. Det inneber også at rehabiliteringa av Eilert Sundts hus blir utsett til 2020.

Prioriterte tiltak i 2019

I UiOs årsplan for 2019 er det også lagt fram fleire tiltak som skal gjennomførast av einingane på universitetet:

Framifrå utdanning og læringsmiljø:

Einingane skal mellom anna styrkja studentane si integrering i fagmiljøet og gi god oppfylging undervegs i studia. Det skal også satsast meir på eit digitalt læringsmiljø.

Grensesprengjande forsking

Einingane skal ha ei betre utteljing i EUs rammeprogram med særleg vekt på prioriteringane i utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet og Det europeiske forskingsrådet (ERC) .

Ta kunnskap i bruk

Einingane skal utarbeida mål og tiltak i næringsretta og sosial innovasjon, kommersialisering, entreprenørskap og formidling.

Ein heilskapleg personalpolitikk

Einingane skal ta i bruk målretta tiltak for å redusera talet på mellombels tilsette der det i dag er mange som er tilsette i mellombelse stillingar. Einingane skal styrkja arbeidet mot trakassering i samsvar med handlingsplanen for likestilling, kjønnsbalanse og mangfald.

Verksemdsovergripande tiltak

Dette er tiltak som UIO-leiinga og støtteeiningane (LOS) har det koordinerande ansvaret for.

Administrativ digitalisering og forenkling

Masterplan for IT

Vegkart for forskingsinfrastruktur

Utvikling av universitetsområda og integrering i byen og samfunnet

The Guild og European Research-Intensive Universities

Tiltaksplan for humaniora

Dette er hovudinvesteringane i 2019:

I bygningar:

Investeringar i bygningar utgjer 180 mill. kroner av forpliktingane i 2019 og knyt seg til fylgjande bygningar:

Historisk museum – Rehabilitering i form av tetting av tak og fasadar - 30 mill. kroner

Domus Juridica - Samla arealløyning for Det juridiske fakultet på Tullinløkka - Midlar til møblar og inventar til 1.-8. etasje - 100 mill. kroner

Kristian Ottosens hus - Oppgradering av siste halvdel av bygningen - 20 mill. kroner

Waldemar C. Brøggers hus – Planlegging og etablering av utstillingar når bygningen er rehabilitert - 30 mill. kroner

 

Andre investeringar:

Andre forpliktingar utgjer ein sum på  40,5 mill. kroner og knyt seg i hovudsak til fylgjande tiltak:

Faglege satsingar: LINK - 6,5 mill. kroner (Senter for læring og utdanning)

Mellombelse tiltak: Diverse enkelttiltak: Samarbeidsavtale med Berkeley, Scholars at Risk, kompensasjon for særskilt høg prisvekst til mediekjøp, fylgjekostnader knytte til å flytta samlingar frå Historisk museum til magasin på Økern m.m., kostnader til investeringar knytte til DFØ-prosessen – 21 mill. kroner

Varige tiltak: Forvaltning av UiOs nye læringsplattform CANVAS, strategisk forskingssamarbeid, rektor sin reserve m.m. – 13 mill. kroner

Finansieringsplan

Det går  fram av budsjettdokumenta at UiO har nok pengar til å finansiera dei samla forpliktingane for 2019 på 220 millionar kroner.Universitetsdirektøren føreslår at dei blir finansierte på fylgjande måte:

- 130 mill. kroner i tilgjengelege midlar i 2019, av dette er 80 mill. kroner eittårige midlar

- 60 mill. kroner av den årlige avsetninga på 194 mill. kroner til Større Vedlikehald/Investeringar (SVI) vert omdisponerte for å redusera vedlikehaldsetterslepet .

5,6 milliardar

UiO reknar med å få ei løyving på rundt 5,6 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2019. Det vil vera 2,1 prosent meir enn løyvinga på statsbudsjettet for 2018. Etter å ha rekna med ein samla lønns- og prisvekst på 2,4 prosent for 2019, vil det dermed seia at det blir ein realnedgang på 0,3 prosent.

Les heile framlegget til årsplan for 2019

Møtet i universitetsstyret skal vera tysdag 19. juni klokka 10-18 i Professorboligen i sentrum.  UiO og Uniforum vil ha lydoverføring av møtet.

Les heile saklista til møtet i Universitetsstyret 19. juni 2018

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. juni 2018 15:57 - Sist endra 13. juni 2018 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere