Rektorar seier nei til å måla universiteta på berekraft

Planen om å innføra eit poengkort for å måla kva universitet som er best på berekraft, får ei kald skulder frå UiO-rektor Svein Stølen. Heller ikkje rektorane i Agder og Stavanger applauderer ideen.

INGEN GOD IDÉ:  – Det er ingen god idé å måla berekraft innan forsking og utdanning. Me nektar å vera med på rangeringar i berekraft, sa UiO-rektor Svein Stølen på konferansen til Universitets- og høgskulerådet denne veka.

Foto: Ola Gamst Sæther

No skal det utviklast eit poengkort (scorecard) som skal visa fram kor langt universiteta og høgskulane har kome på vegen mot å bli berekraftige institusjonar innan 2030. Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i Bergen som har fått i oppdrag å utvikla dette poengkortet saman med Universitets- og høgskulerådet.

Det skal også gjera arbeidet med å utvikla og synleggjera aktivitetane til institusjonane og resultata som er knytte til det grøne skiftet. Det opplyste avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik i Diku på konferansen til Universitets- og høgskulerådet, tysdag denne veka.

Skal inkludera det grøne skiftet og berekraft i alt

Planen er at det skal bli ei mobilisering langs to dimensjonar. Den første går ut på å inkludera det grøne skfitet og berekraft i utdanning, forsking, formidling, samfunnskontakt, innovasjon og utvikling.

Den siste dimensjonen handlar om utvikling og synleggjering av grøn profil, campusutvikling, miljøsertifisering, administrative rutinar og reiseverksemd. Utkastet til forslag har no enda opp med 8 hovudkategoriar: reise og transport, avfall, innkjøp, bygg og materialbruk, energi, vassforbruk, mat og servering og økologi.

Meininga er at bruken av desse indikatorane skal kunna synleggjera og overvaka klima og miljø på norske lærestader. Dei skal også gi gode og pålitelege målingar over tid, går det fram av forslaget.

Må svara på spørjeskjema

Om to veker, den 9. desember, vil alle universitet og høgskular få eit spørsjeskjema som dei skal svara på innan 20. desember. Dermed kan den første versjonen av poengkortet (scorecard) for det grøne skiftet vera klart til å bli vist fram på Kontaktkonferansen til Kunnnskapsdepartementet i januar neste år.

Seinare er planen også å leggja inn indikatorar som gjeld forsking, utdanning og innovasjon. Det gjekk fram av innlegget til Ragnhild Tungesvik på UHR-konferansen tysdag.

– Ingen god idé

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo var første ute med å kommentera dessse planane. Han gjorde det heilt klart at dette er ein konkurranse som UiO ikkje har planar om å vinna.

 – Det er ingen god idé å måla berekraft innan forsking og utdanning. Me nektar å vera med på rangeringar i berekraft. For oss er det viktigare å visa kva me gjer, sa Svein Stølen frå talarstolen i Radisson Blue Plaza.

Derfor peika han på klimagassrekneskapen til UiO som skal opp som diskusjonssak i universitetsstyret førstkomande tysdag.

– Det er ein heilskapleg klimarapport for heile institusjonen. Målet vårt er at me i 2021 skal vera heilt fremst i å ha klimavennlege løysingar, sa UiO-rektoren.

Han viste til at tiltaka ved UiO skal støtta opp om målet i Paris-avtalen om ikkje å auka den globale oppvarminga med meir enn 1,5 grader.

Ynskjer ikkje poengkort

Når det gjeld forslaget om å innføra eit poengkort som skal visa kor bra kvar enkelt institusjon gjer det i utviklinga mot det grøne skiftet, var han nøgd med ein ting.

 – Eg er glad for at det er blitt færre enn dei 98 parametra som var med frå byrjinga. Ved UiO har me som mål å få ned bruken av kjemikaliar. Me vil også sjå på korleis me jobbar med forsking og korleis me kan kopla teknologi og menneske. For oss er ikkje eit poengkort eller scorecard den modellen me vil bruka for å måla dette, gjorde Svein Stølen heilt klart.  

– Like skeptisk

Det var ikkje berre Svein Stølen blant universitetsrektorane som var lite imøtekomande overfor forslaget frå Diku. Rektor Sunniva Whittaker ved Universitetet i Agder likte heller ikkje forslaget.

KRAV TIL UNIVERSITETA OG HØGSKULANE:  – Dei blir oppfordra til internasjonalisering, samtidig som dei skal premierast for å reisa minst mogleg, Det er sjølvsagt mogleg å bruka Skype av og til, men nokre gonger går det ikkje, sa rektor Sunniva Whittaker ved Universitetet i Agder (Foto: Ola Sæther)

– Eg er like skeptisk til konkurranse om dette som Svein Stølen. Samtidig merkar eg presset utanfrå, frå Kunnskapsdepartementet og innanfrå, frå dei tilsette, og ikkje minst frå studentane. Om me ikkje arbeider med berekraft, vil me ikkje få studentar i framtida, slo ho fast.

Etter hennar oppfatning er det nettopp blant studentane at klimaendringane har størst effekt på kva haldningar og meiningar dei har.

– Mange studentar lurer på om dei skal velja å setja barn til verda, konstaterte ho.

Sunniva Whittaker meinte at institusjonane også kunne pressa nokre aktørar i ei meir klimavennleg retning.

– Det er viktig med eit nytt rammeverk for avtalar som gjer det mogleg å pressa leverandørane våre. I dag har reiseoperatøren vår ingen alternativ til fly, nemnde ho.

Dobbeltkommunikasjon

Etter hennar meining var det også ein utstrekt dobbeltkommunikasjon i forventningane til universiteta og høgskulane.

– Dei blir oppfordra til internasjonalisering, samtidig som dei skal premierast for å reisa minst mogleg, Det er sjølvsagt mogleg å bruka Skype av og til, men nokre gonger går det ikkje. Derfor må me ha to tankar i hovudet samtidig. Me må sjå utover globalt og ikkje berre på Noreg, understreka ho.

Universitetet i Agder har også eit studiesenter på Lesbos i Hellas. Det tykkjer UiA-rektoren kan vera problematisk.

– Om me legg ned det senteret, kva vil det få å seia for dei lokale innbyggjarane eller flyktningane? Dugnad og samarbeid og konkurranse passar ikkje alltid saman, var dilemmaet ho trekte fram.

– Samarbeid er nøkkelen til løysinga

Rektor ved Universitet i Stavanger, Klaus Mohn gav også ei klar melding om kva institusjonane bør gjera når det gjeld klimaendringane.

– Me har eit moralsk imperativ til å ta vare på ressursane og til å ta vare på natur og miljø. Men har ikkje ei felles oppfatning av kva som gir best mål og meining, sa Klaus Mohn. Han var likevel heilt sikker på ein ting.

TIDSBRUK: – Så langt har me brukt mykje meir tid på å snakka om kva me skal gjera enn korleis me skal løysa oppgåvene, slo rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger fast. (Foto: Ola Sæther)

– Samarbeid er nøkkelen til løysinga på klimautfordringane. Er det sykkelparkering og søppelsortering som skal gi oss bonuspoeng? Det kan sikkert skapa gode haldningar, men universitets- og høgskulesektoren kan bidra på heilt andre måtar til å gjera noko med den utfordringa, nemleg med forsking, utdanning, innovasjon, formidling og samfunnskontakt, understreka Mohn.

Rett før jul blir det klart kor mange institusjonar som har svart på spørsmåla om berekraft frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku). Det blir grunnlaget for den første versjonen av poengkortet for det grøne skiftet, som skal presenterast på Kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet om to månader.

Emneord: Universitetspolitikk, Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. nov. 2019 17:13 - Sist endra 27. nov. 2019 17:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere