Tannlegeveteran Astri Ragne: – Ei enorm utvikling i tannhelsa dei siste 60 åra

Astri Ragne var student på det første kullet som blei uteksaminert frå Det odontologiske fakultetet, Safiyye Süslü er fersk doktorgradskandidat. Rett før helga deltok begge på 60-årsjubileet. 

Ei ung og ei eldre kvinne står saman i foajeen til hovudkvarteret til Det odontologiske fakultetet i Geitmyrsveien.

TRIVEST: Både Safiyye Sülsü (t.v.) og Astri Ragne snakkar fint om det sosiale miljøet hos 60-årsjubilanten Det odontologiske fakultetet: – Det er ein god atmosfære, kanskje fordi me er litt isolert frå resten av Universitetet i Oslo, her i Geitmyrsveien, resonnerer Astri Ragne.

83 år gamle Astri Ragne begynte på Tannlegehøyskolen og avslutta studia på Det odontologiske fakultetet i 1960.

Det odontologiske fakultetet:

- etablert 1. september 1959 då Norges Tannlegehøyskole blei ein del av Universitetet i Oslo. Den hadde eksistert sidan 1909.

- klinikkbygningane ligg i Geirmyrsveien, men OD har også bygninen Domus Odontologica og Ferdigheitsenteret i tilbygget til Domus Medica på Gaustad

- var fram til 1962 den einaste tannlegeutdanninga i Noreg. Seinare kom det eit tilbod i Bergen (1962) og i Tromsø (2004)

- 270 tilsette og uteksaminerer 100 studentar i året

- fire personar har disputert for doktorgraden i 2019.

- dekan Pål Barkvoll, vald  2013-2016 og  2017-2020

(Kjelder: OD, UiO, UiB, UiT, Wikipedia)

– Den gongen var ein tredel av dei 38 studentane kvinner, fortel ho.

– I dag er det snudd heilt på hovudet, seier Safiyye Süslü (27).

– No er mennene i mindretal, legg ho til.

Uniforum treffer dei to kvinnene i foajeen i hovudbygningen i Geitmyrsveien under jubileumsmarkeringa torsdag 14. november. Me set oss ned i ein sofa, og dei mimrar om den gamle og den nye tida på Det odontologiske fakultetet.

Vende tilbake til odontologi etter praksis

Safiyye Süslü blei ferdig utdanna tannlege i 2017. Då blei ho også nominert til å bli årets studentforskar. ved Det odontologiske fakultetet. Så forsvann Grorud-jenta til Sogn og Fjordane der ho arbeidde som tannlege i eit halvt år før ho kom tilbake som doktorstipendiat ved fakultetet hausten 2018.

– Ja, eg trivst svært godt her for det er både sosialt og eit godt arbeidsmiljø, seier ho til Astri Ragna. Og ho er einig med den unge kollegaen sin.

– Det er ein god atmosfære, kanskje fordi me er litt isolerte frå resten av Universitetet i Oslo, her i Geitmyrsveien, resonnerer ho.

– Dei åra eg jobba her, blei det nesten den andre heimen min, smiler ho.

Sjølv drog også Haugesunds-jenta Astri Ragne bort frå Oslo etter at ho var ferdig utdanna tannlege.

– Eg gifta meg og flytta til Uppsala der eg arbeidde i 20 år på Akademiska sjukhuset. Seinare kom eg tilbake til Det odontologiske fakultetet der eg var universitetslektor og underviste i oralkirurgi. Det var svært morosamt og fint å kunna formidla vidare til studentane det eg hadde lært gjennom eit langt liv i praksis, tykkjer ho. Safiyye Süslü nikkar og eg heilt einig.

– Det er fint for oss studentar også, og eg vil også gjerne bli oralkirurg, avslører ho.

Forskar på bein

Då Safiyye Süslü begynte på doktoravhandlinga si, heldt ho fram med det same temaet ho hadde blitt nominert til prisen som årets studentforskar 2017 ved odontologi, for.

– Ja, eg forskar på å finna ut skilnadene mellom protein i friske bein og protein i sjuke bein. Derfor ser eg akkurat no på kjevebein og hoftebein, fortel ho.

For Astri Ragne  har utviklinga i tannhelsa vore svært stor sidan ho blei ferdig utdanna tannlege for 59 år sidan.

– Det er nesten som om det ikkje lenger er det same yrket. Mikronivået er heilt forskjellig, samtidig som utviklinga av utstyr og teknikkar har vore enormt stor. På dei 60 åra fakultetet har eksistert, har også breidda i odontologien auka, meiner ho.

– Lettare å gå vidare til forsking

Safiyye Süslü synest likevel mykje av den same behandlingsstrategien eksisterer.

– Men i dag har me meir forskingsbasert undervisning, understrekar ho. Det er Astri Ragne heilt einig i.

– Det er mykje lettare å gå vidare til forsking i dag enn det var for 60 år sidan, slår ho fast. Og for Grorud-jenta Safiyye Sülsü er det endå eit viktig poeng med dagens undervisning i odontologi.

– Det er meir populært å bli forskar enn det som var tilfellet før.

Meiner fluor har gitt betre tannhelse

Begge er opptekne av den teknologiske utviklinga i tannlegeyrket og i odontologien. Likevel er det på pasientsida Astri Ragne har merka den største skilnaden.

– Det har vore ei enorm utvikling i tannhelsa. No har dei fleste 25-åringar ikkje lenger teikn til karies i tennene. Det er utruleg og viser ei stor betring i tannhelsa. For samtidig har forbruket av mineralvatn og sjokolade skote i veret. Det er bruken av fluor som har gjort dette mogleg, er Astri Ragne overtydd om.  Og for begge er gebiss noko dei sjeldan ser noko til.

– Det er knapt nokon som lagar det lenger, repliserer Safiyye Süslü.

Ofte kjem tannhelsa i andre rekkje når det er snakk om helsa til folk. Dei er einige om at det er ei heilt feil prioritering.

– Det er viktig å sjå samanhengen mellom munnen og resten av kroppen. Tannlegen har ei viktig rolle når det gjeld å oppdaga lidingar i munnholen. Dei kan sjå samanhengen mellom tilstanden i munnhola og moglege sjukdomar som folk kan få,

understrekar Safiyye Süslü.

BETRE TANNHELSE: Både Safiyye Süslü og Astri Ragne trekkjer fram den generelt gode tannhelsa i Noreg som den største forandringa samanlikna med byrjinga på 1960-talet. –  No har dei fleste 25-åringar ikkje lenger teikn til karies i tennene, har Astri Ragne registrert. (Foto: Martin Toft)

–Tannlegane ser pasientane ein gong i året

Astri Ragne meiner tannlegane også har eit fortrinn framfor legane.

– Dei ser pasientane ein gong i året og har ei betre oppfylging enn det legane har. Pasienten må også gå gjennom ei sanering av moglege infeksjonar i munnhola før det er mogleg å starta opp med kreftbehandling eller strålebehandling, konstaterer ho.

Og for doktorstipendiaten er det også eit anna viktig arbeid tannlegane held på med.

– Me ser på kjevebeinsnekrose. Det er ein tilstand som viser i kva grad beina blir dårlegare på grunn av bruken av ulike typar kreftmedisinar, forklarar ho.

Hiistoria om dei 60 åra Det odontologiske fakultetet har eksistert, er også fortalt i ei heilt ny bok om fakultetet. Boktittelen er Det odontologiske fakultetet 1959-2019 og framsida er illustrert med ein jeksel med ei amalgamfylling. Midt i boka er det også eit bilete av doktorstipendiat Safiyye Süslü.

 – Det er kjekt, seier ho.

Så går begge inn igjen i det store auditoriet for å halda fram med feiringa av 60-årsjubileet.

Emneord: Odontologi Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2019 16:04 - Sist endra 19. nov. 2019 16:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere