Kunnskapsdepartementet avgjer riving eller rehabilitering av Nemko-bygningen

Det er Kunnskapsdepartementet og ikkje prosjektrådet som tar avgjerda om riving/nybygg eller rehabilitering av Nemko- bygningen skal leggjast til grunn for den vidare prosjektplanlegginga av det nye odontologibygget. Det understrekar ekspedisjonssjef Toril Johansson overfor Uniforum.

IKKJE AVGJORT: Det er endeleg ikkje avgjort om Nemko-bygningen blir riven for å gi plass til nytt klikkbygg for odontologi. Alternativer er at bygningen blir rehabilitert. I første omgang avgjer Kunnskapsdepartementet spørsmålet. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

I går skreiv Uniforum at prosjektrådet for den nye klinikkbygningen til odontologi skulle ha eit møte der dei skulle avgjera om Nemko-bygningen måtte rivast eller skulle rehabiliterast for å gi plass til nybygg.

 

Ikkje mandat

No viser det seg at prosjektrådet likevel ikkje har mandat til å avgjera dette spørsmålet, sjølv om det var det inntrykket leiinga ved Det odontologiske fakultetet hadde fått.

– Eg håpar verkeleg dei landar på at det er behov for å byggja ein heilt ny klinikk frå grunnen av, sa instituttleiar Jan Eirik Ellingsen ved Institutt for klinisk odontologi i gårsdagens artikkel i Uniforum. Då trudde han at prosjektrådet ville koma med ei tilråding i det spørsmålet. I rådet sit også dekan Pål Barkvoll. Sidan Barkvoll ikkje kunne møta i går, representerte fakultetsdirektør Tove Langhaug OD-leiinga på møtet.

 

– Berre rådgjevande organ

I Kunnskapsdepartementet blir ikkje prosjektrådet tillagt ei så viktig rolle.

– Prosjektrådet er berre eit rådgjevande organ for Kunnskapsdepartementet. Det er leidd av KD, og har deltaking frå Statsbygg, brukarinstitusjonar, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og ev. andre fagdepartementet, i dette tilfellet Helse- og omsorgsdepartementet. Det er derimot KD som til sist tar avgjerdene, opplyser ekspedisjonssjef Toril Johansson til Uniforum.

I Kunnskapsdepartementet får Uniforum også opplyst at Statsbygg allereie har levert ei tilråding til departementet når det gjeld riving eller rehabilitering av Nemko-bygningen. Førebels er ikkje den tilrådinga gjort kjent. 

 

Regjeringa avgjer til slutt

Kunnskapsdepartementet vil bestemma om riving/nybygg eller rehabilitering skal leggjast til grunn for den vidare prosjektplanlegginga av bygget.

Endeleg avgjerd om dette og andre forhold i prosjektet vil bli tatt i regjeringa, før oppstart av forprosjekteringa, opplyser Toril Johansson til Uniforum.

Les også gårsdagens artikkel i Uniforum.

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk
Publisert 24. jan. 2017 11:15 - Sist endra 24. jan. 2017 11:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere