Dekan Pål Barkvoll fryktar for framtida til spesialistutdanninga for tannlegar

Det odontologiske fakultetet får truleg sju millionar kroner mindre til spesialistutdanninga for tannlegar. – I verste fall kan det føra til nedbemanning, seier dekan Pål Barkvoll.

FORSKINGSBASERT: – Kravet er at undervisninga på utdanninga må vera forskingsbasert. Det blir den ikkje om kompetansesentra for tannhelsetenesta skal overta den oppgåva, slår odontologidekan Pål Barkvoll fast.

Foto: Ola Sæther

No vil dekan Pål Barkvoll saman med leiarane ved dei odontologiske institutta i Bergen og Tromsø gå saman for å få regjeringa og stortingspolitikarane til å få inn igjen dei millionane som er kutta i  løyvingane til spesialistutdanninga i forslaget til statsbudsjett for 2020. Derfor vert det no i samarbeid med universitetsleiinga arbeidd overfor både Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Spesialistutdanning for tannlegar:

Programma er 3-årige med unntak av oral kirurgi & oral medisin som er 5-årig. Programma er normerte til 40 undervisningsveker pr år. Innanfor ein del av fagretningane er klinisk verksemd utanfor fakultetet inkludert i denne normeringa. Etter fullført utdanning tek kandidatane eksamen og får tildelt vitnemål for gjennomført spesialiststudium i vedkommande fag.

(Kjelde: Det odontologiske fakultetet, UiO)

– Mange arbeidsoppgåver kan falla bort

– Spesialistutdanninga er viktig for kvaliteten i tannlegeutdanninga ved dei tre universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Om dette fell vekk, vil fleire av arbeidsoppgåvene ved fakulteta våre kunna falla bort. Konsekvensen for fakultetet i Oslo kan bli nedbemanning, i praksis vil det seia at ledige stillingar ikkje lenger blir lyste ut, og at dei som går av for aldersgrensa, ikkje lenger blir erstatta, fortel dekan Pål Barkvoll til Uniforum.  

Han viser til korleis spesialistutdanninga er ein viktig integrert del av utdanningstilbodet ved dei odontologiske lærestadene. Etter ei føreskrift frå 2007 må dei som skal bli oralkirurgar ta fem års etterutdanning etter det ordinære tannlegestudiet. . Med grunnlag i den same føreskrifta må andre spesialistar som til dømes dei som skal bli ekspertar i tannregulering eller i tannkjøtsjukdomar, ta ei vidareutdanning som varer i tre år. Om dei ynskjer å ta ein doktorgrad i fagområdet sitt, må dei bruka endå fleire år. 

Bad om 60 millionar for 2019

Pål Barkvoll viser til at dei samla løyvingane til spesialistutdanningane i Noreg var på 53 millionar kroner i 2019, trass i at det i Stortinget var blitt vedtatt ei overføring på 60 millionar kroner. I forslaget til statsbudsjett for 2020 kan tildelinga i beste fall koma på 51 millionar kroner, men den den samla overføringa til universiteta kan då ha kome ned i 46 millionar kroner,om ein brukar dei same prinsippa som blei brukt då statsbudsjettet for 2019 blei vedtatt.  Då vil pengeoveføringa til Det odontologisk fakultetet ved UiO ha blitt redusert med 7 millionar kroner sidan 2017.

– Må vera forskingsbasert undervisning

Dekan Pål Barkvoll meiner dette også handlar om forholdet mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. – Ja, det har eg grunn til å tru. Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer at meir av finansieringa av spesialistutdanninga skal gå frå basisfinansieringa som Universitetet Oslo får tildelt frå Kunnskapsdepartementet. Samtidig ynskjer dei også at meir av spesialistutdanninga av tannlegar skal gå føre seg i regi av dei fylkeskommunale kompetansesentra for tannhelsetenesta, seier Pål Barkvoll.

Sjølv meiner han at dette kan  forringa spesialistutdanninnga. – Kravet er at undervisninga på utdanninga må særleg tverrfagleg og vera forskingsbasert. Det blir den ikkje om kompetansesentra skal overta den oppgåva, slår Barkvoll fast. Han er overtydd om at ein reduksjon av spesialistutdanninga ved fakultetet vil forringa grunnutdanninga da denne er nært knytt opp mot spesialistutdanninga som blant anna gjer at fakultetet får tatt imot  mange fagleg interessante pasientar som studentane kan få nytte av i undervisninga. 

– Kan risikera at færre tannlegar får spesialistutdanning i Noreg

Både han og dei andre odontlogileiarane får støtte for synet sitt frå Den norske tannlegeforeininga. – Om budsjettforslaget blir ståande utan endringar, kan me risikera at færre tannlegar kan få spesialistutdanning i Noreg.  Spesialistutdanninga av tannlegar blei starta på femtitalet fordi lærestadene ynskte lærarar med  kompetanse utover det allmenntannlegen hadde. Det er ei dårleg jubileumsgåve å gi oss like før me skal feira 60-årsdagen til Det odontologiske fakultetet ved UiO, synest han.

Pål Barkvoll er også opptatt av oppgåva med å få budsjettet til fakultetet i balanse i 2023.

– Det målet skal me nå, og resultatet kan bli nedbemanning, dersom me ikkje får dei løyvingane me treng til spesialistutdanninga, seier han.  

– Men kan det bli aktuelt også å bruka mindre pengar på den elektroniske pasientjournalen Salud, dersom OD ikkje får dei pengane de treng på statsbudsjettet for 2020?

– Her er me bundne av kontraktar som resultat av offentlege innkjøpsordningar. Det er neppe nokon god idé å gå tilbake til penn og papir. Gledeleg er det at det kjem ein heilt ny og meir brukarvenleg versjon av SALUD i 2020 som me håpar vil bidra til større effektivitet i pasientbehandlinga og til reduserte kostnader, svarer Pål Barkvoll. 

– Urovekkjande

Også universitetsdirektør Arne Benjaminsen er uroleg for den manglande løyvinga til spesialistutdanninga for tannlegar ved UiO.

– Me er kjende med denne utfordringa etter fleire år med  kutt i tilskotet frå Helsedirektoratet. Etter vår oppfatning er dette svært urovekkjande – naturlegvis for spesialistutdanninga sjølv, men ikkje minst med tanke på kvaliteten i grunnutdanninga av tannlegar, som trekkjer vekslar på spesialistutdanninga, seier Arne Benjaminsen til Uniforum.

UiO er no i gang med arbeidet med å gjera departementet og stortingspolitikarane merksame på den alvorlege økonomiske situasjonen.

– Me har formulert eit innspel til budsjettet for 2021 og er i ferd med å skriva eit brev til Kunnskapsdepartementet og Stortingets helse- og omsorgskomité, der me ber om støtte til å få omgjort nedskaleringa av tilskotet. Til Utdannings- og forskingskomiteen har me allereie formidla ei uro for kutta i tilskotet ved å peika på at nedgangen også har konsekvensar for grunnutdanninga av tannlegar, understrekar Arne Benjaminsen.

Emneord: Odontologi, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2019 03:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere