Dei inviterer til feiring av 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus

– Dette er bygningen alle veit om på UiO. Det seier fungerande leiar for HumSam-biblioteket, Live Rasmussen og påtrappande leiar Cecilia Ekström og viser til Georg Sverdrups hus. I morgon er det 20 år sidan bygningen blei opna av kong Harald.

20 ÅR: Georg Sverdrups hus på Blindern fyller 20 år. – Me håpar veldig mange vil koma på feiringa, oppfordrar Cecilia Ekström og Live Rasmussen.

Foto: Ola Sæther

Høvet til å markera 20-årsjubileet for Georg Sverdrups hus aktar verken fungerande leiar Live Rasmussen eller påtrappande leiar for HumSam-biblioteket Cecilia Ekström å gå forbi seg. Både studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo skal få merka at dei ynskjer å feira denne hendinga.

– Det begynner med gratis frukostservering fredag morgon klokka 8.30 der rektor Svein Stølen er til stades. Frå klokka 12.15 vert det utstillingsopning og kakeutdeling. Tidlegare leiar for HumSam-biblioteket Svein Engelstad skal fortelja om biblioteket og flytteprosessen før arkitekten for bygningen, Are Telje skal halda ein tale om bygningen. Kunstkurator Ulla Uberg skal fortelja om kunsten i bygningen før ho sjølv skal visa folk kunsten i huset, fortel Live Rasmussen og Cecilia Ekström.

– Heilt umogleg å gå seg bort i

Sistnemnde har nettopp kome til Oslo etter at ho fekk jobben som leiar for HumSam-biblioteket i mars i år.

– Då eg kom hit såg eg ein svart bygning med store, høge søyler. Den gav eit sterkt inntrykk. Då eg kom inn i bygningen opna den seg og eg fann fort ut at den var open og lett å finna fram i og heilt umogleg å gå seg bort i. Det er det nemleg lett å gjera i Uppsala universitetsbibliotek frå 1841, der eg hadde jobba i mange år, før eg fann ut at det var på tide å finna på noko nytt, fortel ho til Uniforum.

Både Cecilia Ekström og Live Rasmussen, som til dagleg er leiar for Realfagsbiblioteket, har store planar for korleis Georg Sverdrups hus kan bli eit endå meir sentralt punkt på Blindern enn det bygningen er i dag.

– Smeltedigel

– Eg håpar den kan bli ein smeltedigel for heile Universitetet i Oslo og at den kan brukast endå meir på endå fleire ulike måtar enn i dag, seier Cecilia Ekström. Live Rasmussen er opptatt av at heile huset må bli tatt i bruk.

– I kjellaretasjen er no alle garderobeskåp fjerna, så dermed blir det plass til ulike aktivitetar der også. Og frå nyttår skal Georg Sverdrups hus også vera open på sundagar frå klokka 10 til 18. Det vil kunna gjera det lettare å ha anna aktivitet i bygningen i helga og gi meir liv til campus, seier Live Rasmussen.

Cecilia Ekström vil gjera seg godt kjent med HumSam-biblioteket og Georg Sverdrups hus før ho avslører alle visjonane ho har om korleis huset kan utnyttast endå betre.

– Det eg i alle fall ynskjer er å ta kontakt med studentforeiningar og tilby dei gode lokale. Så er det opp til dei å organisera aktivitetar, for me kan ikkje gjera alt, understrekar ho. Live Rasmussen synest også det er viktig å kunna bruka lokale krefter.

– Ja, det er mange studentar som er tilsette på biblioteket. Dei er eit viktig bindeledd mellom oss og studentforeiningane, slår ho fast.  

MEIR OVERSYNLEG: Både påtrappande leiar Cecilia Ekström og fungerande leiar Live Rasmussen synest HUMSAM-biblioteket er blitt meir oversynleg og kunsten i huset meir synleg etter at hyllehøgda blei lågare. (Foto: Ola Sæther)

5000 besøkjande dagleg

Begge er glade for at dei kvar dag kan ta imot 5000 besøkjande i biblioteket. Og studentane kjem også dit for å gjera andre ting enn å låna bøker.

– Mange brukar biblioteket som lesesal. Studentane seier at det er både trygt og nøytralt. Miljøet inspirerer folk til å jobba. Med bokhyller rundt seg kjenner dei seg som ein del av ein akademisk tradisjon, trur både Cecilia Ekström og Live Rasmussen og syner fram ein publikasjon om temaet redigert av dei tilsette ved biblioteket. Den heiter Det åpne bibliotek: Forskningsbiblioteker i endring, og forfattar er Astrid Andersson med fleire.

- Meir oversynleg

For eitt år sidan var også arbeidet med å ommøblera og modernisera biblioteket ferdig.

– Eg trur det var eit viktig grep å redusera høgda på bokhyllene. Det gjorde biblioteket meir oversynleg og den flotte kunsten blei meir synleg, synest Live Rasmussen. Snart skal Live Rasmussen igjen bruka heile arbeidstida si som leiar for Realfagsbiblioteket og overlata den mellombelse ekstrajobben som leiar for HumSam-biblioteket fullt og heilt til Cecilia Ekström. Og den tidlegare Uppsala-bibliotekaren har planane for dei første vekene klare.

– Eg skal i møte med alle fakulteta som har eigarskap til HumSam-biblioteket, det vil seia Det humanistiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Det teologiske fakultetet, seier ho til Uniforum.

Forskingsmiljø er lokalisert i bygningen

Og Live Rasmussen er glad for at dei også har fått eit forskingsmiljø permanent i bygningen.

– Senter for framifrå undervisning /LINK er lokalisert her. Og at Universitetsbiblioteket og LINK saman kan bidra til å utvikla fleire gode læringsmiljø på Universitetet i Oslo, er ho sikker på.

No ser dei fram til markeringa av 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus.

– Me håpar veldig mange vil koma på feiringa, oppfordrar Cecilia Ekström og Live Rasmussen.

Dette er programmet for jubileumsdagen.

 

Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2019 04:30 - Sist endra 5. sep. 2019 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere