Abels meisterverk i Georg Sverdrups hus

Ei utstilling over matematikaren Niels Henrik Abels liv og verk blei opna i Georg Sverdrups hus onsdag 22. mai. Utstillinga skal stå fram til 10. august og er ei av markeringane i samband med Niels Henrik Abels 200 års fødselsdag. Det var visestyrar Hans Brodersen ved Matematisk institutt som opna utstillinga.

Dette er dei siste sidene som er funne av Niels Henrik Abels Parisavhandling.
Foto: Trine Nickelsen

Hovudattraksjonen på utstillinga er Parisavhandlinga til Niels Henrik Abel, som no er brakt frå Moreniana-biblioteket i Firenze til Noreg for aller første gong. Den blir rekna som Abels hovudverk, og det var i denne avhandlinga han lanserte funnet av addisjonsteoremet. Abel formulerte ein heilt generell addisjonssetning for algebraiske funksjonar av to variable - to prinsipp som i lang tid har gitt atterklang i den matematiske forskinga.

Innanfor dette feltet held forskarane fram med å finna verdiar. På utstillinga blir det mogleg å bli enda betre kjent med dei matematiske teoriane til Niels Henrik Abel og på kva område dei blir nytta i dag.

Opplevde aldri gjennombrotet

Universitetslektor Nils Voje Johansen ved Matematisk institutt, synest det er spesielt trist å tenkja på at Abel sjølv aldri fekk oppleva det store gjennomslaget verken for teoriane sine eller som forskar.

- To dagar etter Abels dødsfall, sende Det franske akademiet eit brev til Abel med melding om at det ville publisera Parisavhandlinga hans. Og to dagar etter Abels død, sende også den tyske vennen hans, August Leopold Crelle, Abel eit brev der han gledesstrålande gjorde han merksam på at han hadde fått eit stilling ved universitetet i Berlin. Begge desse breva kom for seint til at Niels Henrik Abel kunne få oppleva at andre forskarar hadde begynt å setja pris på dei matematiske teoriane hans, fortel Voje Johansen.

Avhandlinga som forsvann

I Paris blei Abels avhandling funne fram igjen kort tid etter at han døydde. Det franske akademiet bestemte at avhandlinga skulle trykkast, og at Abel skulle få akademiet sin store pris trass i at han var død.. Avhandlinga forsvann nok ein gong, og dei klarte ikkje å finna den igjen då Abels samla verk skulle utgjevast i 1839. Først tre år etter dukka den opp, og blei då trykt i Paris. Nok ein gong forsvann originalmanuset like etterpå. No blei det ikkje funne igjen før professor Viggo Brun oppdaga det i Firenze i 1952. Då mangla det åtte sider, men fire av desse sidene blei funne igjen i Livorno i Italia så seint som i februar i år.

Verk om Parisavhandlinga

I samband med Abel-året har også Firenze fylke gitt ut eit praktverk om Niels Henrik Abels Parisavhandling med avtrykk av originalmanuset. Parisavhandlinga er nemleg Morenianabiblioteket i Firenze sin eigendom. Dit kom det etter at dei hadde kjøpt det frå dødsbuet til ein italiensk greve som hadde stole det under eit lengre opphald i Paris.

Niels Henrik Abel blei altså fødd i 1802 på Finnøy i Rogaland. Knapt 27 år seinare døydde han som ein av verdas fremste matematikarar gjennom tidene. Dei som vil vita meir om Abels liv og verk, kan ta turen til Georg Sverdrups hus (Nye UB) på Blindern, men dei må gjera det før den 10. august. Under Abelkonferansen i byrjinga av neste månad blir også verdas største og viktigaste matematikkpris lansert for første gong. Prisen får namnet Abelprisen, og renteinntektene til fondet på 200 millionar kroner, skal gå til prisvinnaren. Den aller første utdelinga av denne prisen, vil skje ein gong i løpet av 2003, opplyser kontorsjef Yngvar Reichelt ved Matematisk institutt til Uniforum.

Emneord: Internasjonalisering, Niels Henrik Abel Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2002 16:24 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere