Trygve Wyller: – Sivilsamfunnet står for gjestfridomen for flyktningar i Noreg

 – Ivaretaking av liv er også mellom verdiane våre. Det understreka teologiprofessor Trygve Wyller ved UiO i ein debatt om det er plass for gjestfridom i norsk asyl og innvandringspolitikk.

Trygve Wyller står på talarstolen og snakkar om gjestfridomen overfor flyktningar blant sivilsamfunnet  i Norden

SIVILSAMFUNNET: – I dag går denne gjestfridomen føre seg i sivilsamfunnet og ikkje i velferdssamfunnet, sa Trygve Wyller i ein debatt om norsk asylpolitikk under Arendalsuka. 

Foto: Martin Toft

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

Det var Det teologiske fakultetet som hadde tatt initiativet til å setja norsk gjestfridom i asyl- og innvandringspolitikk under lupa. Teologidekan Aud V. Tønnessen hadde invitert teologiprofessor Trygve Wyller, seniorrådgjevar Pål Nesse frå Flyktninghjelpen og politikarane Torhild Bransdal (KrF) og Kristin Ørmen Johnsen (H) til å drøfta spørsmålet.

Teologiprofessor Trygve Wyller leier forskingsprosjektet NordHost, som handlar om nordisk gjestfridom. Han innleidde med å visa til moskéåtaket i Bærum førre helg og drapa på 77 personar i regjeringskvartalet og på Utøya i 2011.

– Både den nye terroristen som stod bak åtaket på moskeen i Bærum førre helg og den gamle terroristen som stod bak 77 drap i regjeringsbygningen og på Utøya i 2011, seier begge at dei representerer våre verdiar som dei kallar for kristendom, peika han på.

– Ivaretaking av liv

Trygve Wyller meinte likevel det var noko heilt anna som kjenneteiknar våre verdiar.

– Ivaretaking av liv er også blant våre verdiar. Tradisjonen med at kyrkjene og hospitala var begge delar går 800 til 1000 år tilbake i historia, trekte han fram og viste eit bilete frå Tøyenkirken på Grønland der Kirkens Bymisjon hadde lagt ut madrasser i kyrkja til romfolk som var utan husrom.

– Dette er ei gjenoppretting av det gamle klosterhospitalet. I dag går denne gjestfridomen føre seg i sivilsamfunnet og ikkje i velferdssamfunnet, slo han fast. – Velferdssamfunnet tar seg i dag av nesten alle som treng hjelp, men dei er nesten alle norske, hadde han merka seg.

– Svenske tilstandar

Trygve Wyller viste også til døme på det frå andre delar av Norden. I Helsingfors bur flyktningar i langt tid hos familiar. I Kirkenes var det ein brei folkeleg solidaritet med dei syriske flyktningane i 2015. I Århus har kyrkjelydane blitt fleirkulturelle og i Göteborg gir dei hjelp til dei papirlause.

– Det siste dømet er dei eigentlege svenske tilstandar, meinte han.

– Må få hjelpa seg sjølve

Seniorrådgjevar Pål Nesse i Flyktninghjelpen var glad for å ha kunna vore til hjelp for flyktningar over store delar av verda. – Det er ein meiningsfull jobb. Samtidig er det frustrerande fordi det er resultatet av eit regime som ikkje vil dei vel. Akkurat no er problemet at mange av dei ikkje kan dra heimatt. Dei må få lov til å hjelpa seg sjølve. Det er mykje betre at dei får seg ein jobb, slik at dei kan greia seg sjølve, i staden for at dei får utdelt ei seng, tykte han.

– Tok imot 1 million flyktningar

Debattleiar Aud V. Tønnessen ville gjerne vita om han meinte at Noreg burde ta imot fleire flyktningar enn landet tar imot i dag.

– Du må leggja etikken til grunn. Me jobbar ute i verda der dei stor tala er. Me må kunna handla utifrå ein etisk samanheng. Då må me gå føre med eit godt døme. Libanon er like stort som Rogaland og har tatt imot 1 million flyktningar. Der må dei ta imot fleire fordi mottaket i Noreg er sprengt., noko han tykte var eit stor paradoks.

Samtidig gav han skryt til lokalpolitikarane.

– Norske kommunepolitikarar er langt flinkare enn dei sentrale politikarane til å seia at dette klarar me, var inntrykket hans.

– ALTFOR STILLE: – De er altfor stille i media, sa Pål Nesse frå Flyktninghjelpen til stortingsrepresentantane Kristn Ørmen Johnsen (H) og Torhild Bransdal (KrF). –Det er fordi me er leie av debattar mot Tybring-Gjedde og Helgheim i Dagsnytt Atten og andre media. Når me seier at me vil heller ha ein motdebattant frå Arbeidarpartiet, ringjer dei oss opp etterpå og seier at dei ikkje ville stille, sa Kristin Ørmen Johnsen med full støtte frå Torhild Bransdal. (Foto: Martin Toft)

Flinkast til å stengja grensene

Stortingsrepresentant Torhild Bransdal frå Kristeleg Folkeparti gav han stort sett rett i den analysen.

– Den sentrale politikken ber preg av kven som er flinkast til å stengja grensene, konstaterte ho. – Med 18 år i ordførarstolen i Vennesla kan eg snakka med ein viss autoritet. På den tida ville kommunepolitikarane gjerne ha færre flyktningar. Sidan 2015 har dei heile tida bede om å få fleire, var røynsla hennar.

– Har gjestfridom ein plass i politikken? lurte debattleiar Aud. V. Tønnessen på.

– Ja, klart, svarte Torhild Bransdal. – Det er viktig for nordmenn å vera noko i andre sine liv, la ho til.

Stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen har tidlegare vore innvandringspolitisk talsperson for Høgre. Og ho meinte det var viktig å vera realistisk.

– Noreg og Europa kan ikkje ta imot flyktningar frå heile verda. Me må bestemma kor mange me kan klara. Men dei som er komne hit, dei må me alle møta med gjestfridom, understreka ho.

Ørmen Johnsen stilte også spørsmål ved om nordmenn er så gjestfrie som me trur.

– Kor mange inviterer me heim til jul? Kven tar me kontakt med i butikken og kven går me forbi?,spurde ho. Høgre-politikaren brukte også Tysklands forbundskanslar Angela Merkel som eit godt døme på kva ein for gjestfri flyktningpolitikk kan føra til.

 – Kom til Tyskland! sa ho til dei syriske flyktningane. 800 000 tok oppfordringa og kom dit. Det førte til eit så stor politisk press på henne at det truleg var grunnen til at ho gjekk av som partileiar og truleg også går av som forbundskanslar, trekte ho fram.

Teologidekan Trygve Wyller meinte at norske styresmakter kunne nytta seg av den positive haldninga blant folk flest.

– Det er ikkje mi rolle som forskar å vera politikar, men kunne ikkje denne gjestfridomen brukast til å ta imot fleire flyktningar?

– Nordmenn flest er gjestfrie

 Pål Nesse var også overtydd om at gjestfridomen levde i beste velgåande blant folk flest.

– Nordmenn flest er gjestfrie, men berre litt trege. Derfor treng me ikkje lenger slike formuleringar som at Noreg og Europa ikkje kan ta imot alle. Uganda tok eitt år imot fleire flyktningar enn det Europa tok imot til saman etter flyktningkrisa i 2015, brukte han som eit døme. Kristin Ørmen Johnsen let seg likevel ikkje rikka.

– Me som politikarar må bestemma og handla. Derfor må me avgjera om me skal ta imot 5000, 10 000 eller 15 000 i året. Men eg er opptatt av at det må vera konsensus om politikken på dette området, understreka ho.

 – Denne regjeringa har auka kvoten og me har gitt asylsøkjarar høve til å arbeida, la ho til. Torhild Bransdal gjorde også eit poeng av at nokon overdriv kor mykje hjelp dei kan gi.

– Nokon har eit hjarte som går langt utanfor kroppen.

– Ikkje interessante for media

Både Pål Nesse og Trygve Wyller syntest det var positivt at dei to politikarane viser så stort engasjement i flyktningpolitikken. Derfor tykte dei det var synd at dei var heilt stille i media. Det fekk dei eit klart svar på frå Torhild Bransdal og Kristin Ørmen Johnsen.

– Me er ikkje interessante for Dagsnytt Atten eller andre media. Me er ikkje stille, men me er ikkje ute i media. Men me er leie av debattar mot Tybring-Gjedde eller Helgheim. Når me føreslår at me heller vil ta ein debatt mot ein politikar frå Arbeidarpartiet, ringjer dei tilbake og seiar at politikaren frå Ap ikkje ville stilla opp, sa Kristin Ørmen Johnsen og ho fekk full støtte frå Torhild Bransdal.

– De må ta mot til dykk og seia det som det seier her også ute i samfunnet. Me må ta vare på det gode som skjer i sivilsamfunnet, var appellen dei fekk med seg frå Trygve Wyller.

Over 70 personar kom til debatten om bord i MS Sunnhordland. Mellom dei var også representantar for dei papirlause flyktningane i Noreg.

STOR INTERESSE: Det var stor interesse for møtet som Det teologiske fakultetet skipa til på Arendalsuka om det er plass for gjestfridom i norsk asyl- og innvandringspolitikk. Nærmare 70 personarar møtte opp. (Foto: Martin Toft

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Etikk, Teologi, Innvandring Av Martin Toft
Publisert 16. aug. 2019 20:07 - Sist endra 22. aug. 2019 09:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere