Magnus Takvam:– Senterpartiet vil vinna bygdene medan venstresida og miljøpartia sigrar i dei store byane

– Eg spår at venstresida og miljøpartiet vil gå fram i dei store byane, medan Arbeidarpartiet må overlata mange ordførarar til Senterpartiet på bygdene.  Det sa politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam i ein debatt som UiO arrangerte om bruk av Big Data i valprognosar.

Magnus Takvam står på ein talarstol med ein laptop framfor seg

SPÅR: Politisk kommentator Magnus Takvam i NRK spår at Sp vil vinna bygdene, medan venstresida og mijøpartia vil sigra i dei store byane i kommune- og fylkestingsvalet 9. september.  

Foto: Martin Toft

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam er ikkje mellom dei som har tatt i bruk Big Data som analyseverktøy for å kunna koma med politiske kommentarar.

 – Nei, eg stolar mest på magekjensla, erfaringa og intuisjonen min, heller enn på harde fakta, sa Magnus Takvam i ein debatt på Arendalsuka om bruk av Big Data vil gi sikrare valprognosar. 

Dette er Big Data (stordata):

Stordata, teknologi og analysemetodikk knytte til datamengder som er for store, for mangearta og for ustrukturerte til at ein  kan nytta tradisjonelle teknikkar for å henta ut informasjon.

Det er vanleg å skilja ulike stordata ved hjelp av desse eigenskapane:

 

  • Volum: mengda av data
  • Innsamlingsfart: kor fort nye data kan genererast
  • heterogenitet: kor mange forskjellige typar data som vert samla inn, til dømes bilete aktivitet på sosiale media, eller sensoravlesingar.

Kjelde: Store norske leksikon

 

Arrangørane Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet hadde også invitert doktorstipendiat Emil Aas Stoltenberg og professor i statsvitskap, Bernt Aardal til å koma med sine synspunkt på bruk av Big Data eller stordata som eit supplement til meiningsmålingar. 

– Mest sans for å spørja folk kva dei vil gjera

Emil Aas Stoltenberg som held på med å skriva ei doktoravhandling i statistikk på UiO, var heilt klar på kva metodar han vil føretrekkja.

– Eg har mest sans for å spørja folk kva dei vil gjera enn å laga modellar for kva det er sannsynleg at dei vil gjera. Meiningsmålingar er målingar av ei ukjent sanning. Og er det mogleg å få til ein prediksjon av eit val med 100 prosent uvisse. Nei, svarte han.   Stoltenberg tok utgangspunkt i ein terning som har seks sider.  Så gav han kvar side ein bestemt kode P1, P2, P 3, P 4, P 5 og P 6.

– Eit terningkast kan gi seks forskjellige utfall. Vår uvisse er knytte til dei ulike P-ane.  Punktestimata er knytte til modellane, men det er uvissa rundt desse punktestimata også. Kor sikre kan valprognosane bli? Det er vanskeleg utan å ha ein modell av røyndomen, peika han på. 

Så viste han fram ein graf som viste Arbeidarpartiets oppslutnad på alle meiningsmålingar frå 1. januar 2016 til valresultatet 11. september 2017.  

– Kan Big Data eigentleg hjelpa oss? Ja, men me må bruka samfunnsvitarar og andre ekspertar på politikk som kan fortelja oss meir om kva som er støy og kva som er signal, konkluderte han med.  

– Hadde ikkje-representative utval

Ein av dei han truleg siktar til er Noregs mest kjente valforskar og ekspertkommentator, Bernt Aardal, som er professor i statsvitskap ved UiO. Også han tok utgangspunkt i meiningsmålingar, og spesielt i dei som hadde feila. Han viste først til korleis dei tok feil då Franklin D. Roosevelt vann presidentvalet i USA i 1936, og då Harry Truman gjorde det same i 1948.  Han trekte også fram korleis dei britiske meiningsmålingane tok heilt feil då dei spådde at det ville bli dødt løp mellom Arbeidarpartiet (Labour) og Det konservative partiet i parlamentsvalet i 2015.

VELKOMEN: – Me skal helsa velkomen ei betre modellering, slik som Emil (Stoltenberg) fortalde om. Eg seier likevel at det kan bli “garbage in, garbage out”, smilte Bernt Aardal. (Foto: Martin Toft)

– Resultatet blei at Det konservative partiet tok ein overlegen siger. Felles for alle desse meiningsmålingane var at dei hadde ikkje-representative utval i målingane sine.  Alt som du vel å leggja inn i ein modell må ha ein teoretisk referanse. Derfor må du alltid ha med dei verkeleg grunnleggjande linjene, understreka han.

Samtidig var han ikkje skeptisk til at nye metodar som Big Data kom inn i tillegg.

– Me skal helsa velkomen ei betre modellering, slik som Emil (Stoltenberg) fortalde om. Eg seier likevel at det kan bli “garbage in, garbage out”, smilte Bernt Aardal.  

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam opna innlegget sitt med å seia seg lei for ein ting.

 – Etter innlegget til Emil Aas Stoltenberg angrar eg på at eg ikkje fylgde betre med i mattetimane på skulen, sa han.

For Magnus Takvam er det også eit poeng å sjå på korleis partia driv med analysar.

– Partia brukar nye data for å sjå korleis veljarar reagerer.  Bruken av Big Data er avhengig av at det me brukar er representativt.  Det har vist seg at berre små endringar av matingar inn i statistikken har gitt store utslag på konklusjonane. Det viser at det er langt igjen før Big Data vil skapa ein revolusjon når det gjeld å førehandsvarsla valresultatet, konstaterte han. 

– Vil gi eit stort paradigmeskifte

Takvam peika på at det er ofte tilfeldige ting som påverkar endringar.

– Ved Stortingsvalet i 2017 var det sperregrensa på 4 prosent som gjorde at det ikkje blei regjeringsskifte, trekte han fram.

På oppfordring frå debattleiar Kristin Vinje, drista Magnus Takvam seg også til å koma med ein spådom om resultatet av kommune- og fylkestingsvalet:

- Venstrepartia og miljøpartia vil gå fram i dei store byane, medan Arbeidarpartiet vil måtte gi frå seg mange ordførarar til Senterpartiet på bygdene.  Arbeidarpartiet vil bli den store taparen. Og så vil bompengepartiet skapa kaos i Bergen og eit par andre stader, trudde han.  Men han var også overtydd om at miljøprotestane frå ungdomar i Noreg vil påverka valet.

– Det vil gi eit stort paradigmeskifte, trur eg, sa Magnus Takvam.

Bernt Aardal ynskte ikkje å koma med nokon spådom om valresultatet den 9. september.  

– Eg er verkeleg blitt vaksinert mot dette etter at eg var ein del av forskarlaget til Henry Valen. Han gjekk fem på fleire gonger, og det minna media han på i mange år etterpå, sa Bernt Aardal.

Varsla valsigeren til Donald Trump

Stipendiat Emil Aas Stoltenberg slo fast at det er fint med meiningsmålingar og Big Data.

MÅ BRUKA SAMFUNNSVITARAR:: – Kan Big Data eigentleg hjelpa oss? Ja, men me må bruka samfunnsvitarar og andre ekspertar på politikk som kan fortelja oss meir om kva som er støy og kva som er signal, konkluderte stipendiat Emil Aas Stoltenberg med.  (Foto: Martin Toft) 

– Ja, eg synest det er heilt fantastisk at stadig fleire i det offentlege, det private og i næringslivet snakkar om maskinlæring, kunstig intelligens og Big Data. Det viser at stadig fleire ser nytten av data, statistikk og vitskapleg metode når dei kan brukast av politikarar til å ta gode avgjerder. Han trekte også fram det faktum at det berre var den amerikanske statistikkguruen Nate Silver som gav Donald Trump 30 prosent sjanse for å vinna presidentvalet i USA i 2016.

– Det er eigentleg ganske imponerande, særleg fordi Donald Trump var ein så ny type kandidat. Og dette greidde Silver gjennom å arbeida tett med folk som har god peiling på politikk, og deretter ta kunnskapen deira med i dei statistiske modellane. Og dette ser ut til å fungera,  sa Emil Aas Stoltenberg.

Rundt 40 personar var til stades under debattmøtet på MS Sunnhordland, som er UiOs hovudkvarter under Arendalsuka.

Emneord: Arendalsuka, Statsvitenskap, Valg Av Martin Toft
Publisert 13. aug. 2019 15:49 - Sist endra 6. feb. 2020 11:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere