UiO satsar tungt på Arendalsuka

Både val, bompengar, vindkraft og asylpolitikk vert tema for debattar Universitetet i Oslo står bak på Arendalsuka i neste veke. Rektor Svein Stølen synest det er ei viktig satsing.

SATSAR: UiO satsar på å vera mest mogleg synleg på Arendalsuka som startar neste veke. 

Foto: Ola Sæther

I fjor leigde Universitetet i Oslo den gamle fjordabåten «Sunnhordland» for både å innkvartera eigne medarbeidarar og for å ha ein debattarena under Arendalsuka. UiO gjentar i år prosedyren frå 2018, og skal denne gongen ha til saman over 25 arrangement under Arendalsuka, fleire av dei om bord i MS Sunnhordland. Det vert også fire båtturar med forskingsfartøyet  “Trygve Braarud”. Arendalsuka startar måndag 12. august og held på fram til og med laurdag 17. august. UiO vil vera til stades fram til fredag 16. august. 

– Viktig for oss å delta

 Rektor Svein Stølen har ingen problem med å forsvara den sterke satsinga UiO gjer for å vera synleg på Arendalsuka.

– Mange viktige debattar vet tekne i Arendal den veka. Derfor er det viktig for oss å delta, slik at forskarane våre bidrar til at den offentlege samtalen blir basert på forsking og fakta. Eit av samfunnsoppdraga våre er å vera i dialog med ulike delar av samfunnet, og å bidra til ein faktabasert offentleg samtale, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.

Han peikar på den viktige rolla forskarane frå UiO har under Arendalsuka.

– Under Arendalsuka er det dei engasjerte forskarane våre som tar initiativ til viktige tema for debatt. UiO har over 2000 opne arrangement årleg. I løpet av denne veka i Arendal bidrar me med 25, samtidig som me blir inviterte til å delta i debattar andre arrangerer. Slik deltar me i den politiske og offentlege samtalen, samtidig som me bringer kunnskapen frå forskarane våre ut til samfunnet. Dette er ein arena som gir både synlegheit og høve til å påverka, er Stølen overtydd om.

 – Utelukkande positivt

– Kva får UiO igjen for den satsinga?

– Eg er mest opptatt av kva me bidrar til med å delta under Arendalsuka. Me får vist fram kva det vil seia å vera eit breiddeuniversitet, og kor relevante UiO er på mange felt. Det er viktig å visa fram, og programmet vårt reflekterer det. Temaene spenner frå klima, politiske val, demokrati, byutvikling til einsemd og tannhelse.

I Arendal når me mange av målgruppene våre, og publikum som møter fagfolka våre vil også forbinda UiO med desse. Det er utelukkande positivt. Me har mange og gode forskarar og formidlarar. Det er viktig at dei står i sentrum desse dagane, slår Svein Stølen fast.  

TOPPGJEST: Tidlegare statsminister Kåre Willoch var mellom dei som deltok på UiOs arrangement under Arendalsuka i i 2018. Her helsar han på rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo. (Arkivfoto: Ola Sæther) 

Kommune- og fylkestingsvalet pregar Arendalsuka

 Arendalsuka blir denne gongen prega av at det skal vera kommune- og fylkestingsval 9. september.  Det gjeld også fleire av tilskipingane til Universitetet i Oslo. Det begynner allereie på måndag 12. august med ein analyse av stortingsvalet 2017, som valforskingsprogrammet på Institutt for statsvitskap står bak saman med Institutt for samfunnsforsking og forlaget Cappelen Damm. Det held fram dagen etter då det blir spurt om det vert sikrare valprognosar med Big Data. Då samarbeider Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet om arrangementet. Seinare skal dei også diskutera val og klima og dei spør om bompengar og vindkraft gir bråstopp for klimakampen. Det humanistiske fakultetet inviterer til eit møte der Institutt for media og kommunikasjon tar opp lokaljournalistikken si rolle i samband med kommune- og fylkestingsvalet.  

Teologi tar opp asylpolitikken

Det teologiske fakultetet tar opp eit anna tema som garantert vil koma opp under valkampen, nemleg asylpolitikk. I debatten fakultetet skipar til, stiller dei spørsmål ved kor stor gjestfridom det er plass til i norsk asyl- og innvandringspolitikk. Men også reine forskingstema skal UiO gå i brodden for å få debatt om under Arendalsuka. Eit av dei er korleis forsking og næringsliv kan koplast saman for å auka takten på nyskapinga i Noreg. Teknologi for betre helse er emnet Det medisinske fakultetet og MN-fakultetet i fellesskap vil ta opp. Dei vil peika på korleis innovasjon og innbyggjarstyring kan medverka til betre helse. Også Arena Senter for Europa-forsking er på plass i Arendal. Senteret er naturleg nok opptatt av Brexit og vil ta opp spørsmålet om kva konsekvensar Brexit kan få for forsking og høgare utdanning.

Skal diskutera framtidas universitet

Også andre universitet, forskingsinstitusjonar og organisasjonar vil ta opp universitets- og forskingspolitiske spørsmål under Arendalsuka.  Eit av dei mest aktuelle blir truleg debatten om korleis framtidas universitet vil sjå ut. Det skjer torsdag 15. august klokka 12.00 i Arendal kultur- og rådhus. Det står både NTNU, Universitet i Bergen, Noregs forskingsråd og Universitets- og høgskulerådet bak. Der stiller både NTNU-rektor Gunnar Bovim, UiB-rektor Dag Rune Olsen og direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet. Dei får selskap av Civita-leiar Kristin Clemet og Marte Øien som er leiar for Norsk studentorganisasjon. Også forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) deltar saman med politisk kommentator Eva Grinde i Dagens Næringsliv og Simen Markussen, seniorforskar ved Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking og leiar for regjeringa sitt ekspertutval «Læra heile livet».

Skal ta opp om klimapolitikken er rettferdig

CICERO - senter for klimaforsking sender seniorforskar Arild Vatn for å delta i ein debatt om klimapolitikken er rettferdig eller om lågutsleppsamfunnet berre er for dei pengesterke. Der vil han også møta klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og Espen Barth Eide (A) som er nestleiar i Stortingets energi- og miljøkomité. Også Silje Ask Lundberg frå Naturvernforbundet og Mimir Kristjánsson frå Raudt vil delta. Samantha Smith frå Just Transition Centre ved den internasjonale konføderasjonen av fagforeiningar (ITUC)  skal koma med oppspel til debatten som begynner onsdag 14. august klokka 10.00 i Arendal kultur- og rådhus.

Og førsteamanuensis i fransk litteratur og områdekunnskap ved UiO, Kjerstin Aukrust skal delta i ein ein debatt med UiB-rektor Dag Rune Olsen om korleis det vil vera mogleg å kutta jobbrelaterte flyreiser. Aukrust var tidlegare i år  blant initiativtakarane til ein underskriftskampanje for å få blant andre Universitetet i Oslo til å kutta ned talet på jobbrelaterte flyreiser.

– Masse energi, masse engasjement og masse velvilje

Trass i at det er så mange ulike arrangement å velja mellom er rektor Svein Stølen heilt bestemt på kva han gler seg mest til under Arendalsuka.

– Stemninga ombord i båten er herleg. Det er trongt og det er lite luksus, men her møter me kvarandre som kollegaer på ein heilt annan måte enn i kvardagen. Masse energi, masse engasjement og masse velvilje. Det er verdt mykje for meg, og eg trur det gir eit samhald og ein dialog på tvers som varer langt utover denne veka. Dette er verkeleg kunnskap rett frå kjelda.

Uniforum vil også vera til stades under Arendalsuka og publisera fleire saker derifrå.

Les om alle arrangementa til Universitetet i Oslo under Arendalsuka

Les hovudsida til Arendalsuka 

Emneord: Arendalsuka, Universitetspolitikk, Statsvitenskap, Klima Av Martin Toft
Publisert 8. aug. 2019 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere