UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA
I 2023 vil Universitetet i Oslo sitt forskingsfartøy“Trygve Braarud” vera 40 år.
– Me har fått klare signal om at “Trygve Braarud” må oppgraderast om me skal halda fram med å bruka det etter den tid. Derfor har me funne deit meir forsmålstenleg å planleggja å byggja eit nytt forskingsskip, opplyste Mat.Nat-dekan Morten Dæhlen om bord på MS Sunnhordland under Arendalsuka i går. Og professor i marinbiologi Stein Kaartvedt kunne saman med dekanen og skipsførar Sindre Holm også visa fram ein animasjonsmodell av eit slikt forskingsskip som dei kan tenkja seg å få bygt.
– 30 m langt med ekstra dekk
– Det er eit skip som vil vera 30 meter langt og ha eit ekstra dekk slik at det er plass til undervisningsrom om bord. Grunnen til at det ikkje er større, er at me akkurat som med forskingsfartøyet “Trygve Braarud” vil bruka det i små sund og tronge farvatn i Oslofjorden. Med eit så lite fartøy, treng me heller ikkje stor bemanning. For det er ikkje billeg å drifta store forskingsskip. Havforskingsinstituttet må ut med 200 000 kroner dagen for å drifta forskingsskipet “G.O. Sars”, hadde han rekna ut.
– UiO treng berre tre personar for å bemanna dagens forskingsfartøy, la han til. Stein Kaartvedt trudde at eit nytt forskingsskip også kan vera interessant for andre fag enn biologi og geologi ved UiO.
– I dag er marin forsking mykje meir dataintensiv enn tidlegare. Difor vil eg tru at fagmiljøet på Kjeller, som no er ein del av Mat.nat.-fakultetet også vil vera interessert i å vera med på eit slikt forskingsskip. For me vil gjerne femna vidare enn i dag, understreka Stein Kaartvedt.
Forskingssamarbeid om Oslofjorden, Kattegat og Skagerak
Han såg det også i samanheng med samarbeidet om forsking i Oslofjorden, Kattegat og i Skagerak.
For i går gjekk også avsparket for eit nytt forskingssamarbeid mellom UiO, Universitetet i Agder , Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for vassforsking /NIVA) og Meteorologisk institutt (MI) i dette området.
– I dag brukar også Norsk institutt for vassforsking (NIVA) båten i tillegg til nokre konsulentselskap. Sjølv er UiO med i ein båtpool av forskingsskip. Me ber ofte om å få bruka "G. O. Sars", men det er sjeldan folk frå Havforskingsinstituttet ber om å få plass på Trygve Braarud, konstaterte han.
– Hybridløysing
Etter hans meining vil den nye båten i seg sjølv kunna bli eit teknologiprosjekt. Det gir skipsførar Sindre Holm han rett i.
– Me ser for oss ei hybridløysing med auka bruk av batteri. Me vil ha eit breitt samarbeid om bemanning. Og me håpar å få til å bruka ESPS, som er ein spesiell kode å byggja eit skip etter. Me er godt i gang, slo han fast.
Kan ikkje seia noko om prisen
Det einaste dei veit så langt, er at dei vil ha skipet på vatnet i 2023. Ingen vil førebels snakka om kor høg prisen på skipet blir.
– Me har ikkje kome langt nok i planane til at me kan seia noko om pris så langt, sa dekan Morten Dæhlen til Uniforum.
– Det me har gjort, er at me har vore i kontakt med Havforskingsinstituttet som gir oss konsulenthjelp. Og så ventar me sjølvsagt på finansiering frå eigaren vår, Kunnskapsdepartementet, men også frå Forskingsrådet. Det er fullt mogleg å få dette til, sa Morten Dæhlen.
I mellomtida drar forskingsfartøyet “Trygve Braarud” ut på nye tokt for å ta prøvar av korleis det marine livet er i Oslofjorden., men også om korleis klimaendringane har påverka livet i fjorden.
Logg inn for å kommentere