Agenda-leiar provosert av mangel på kritisk refleksjon om Honours-programmet

– Eg blir provosert over måten som alle med unntak av studentrepresentanten, snakkar om Honours-programmet ved UiO på. Det finst ingen kritisk refleksjon rundt dette, sa Trygve Svensson, leiaren for tankesmia Agenda i ein debatt under Arendalsuka.

Ei kvinne og ein mann står og snakkar i ein debatt

NEI TIL ELITESTUDIUM: Leiaren for tankesmia Agenda, Trygve Svensson blei provosert over at fagfellen Civita-leiar Kristin Clemet og nesten alle andre i panelet ikkje hadde nokon kritisk refleksjon om Honours-programmet til UiO. (Foto: Martin Toft)

Foto: Martin Toft

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

Det var åtte personar frå akademia og næringslivet som var inviterte til å diskutera framtida til universiteta i ein debatt under Arendalsuka torsdag. Panelet var fylt opp med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet, rektorane Gunnar Bovim frå NTNU og Dag Rune Olsen frå UiB. Frå tankesmiene Agenda og Civita stilte leiarane Trygve Svensson og Kristin Clemet, medan Kristin Skogen Lund, konserndirektør i Schibsted, representerte næringslivet. Leiar Marte Øien i Norsk studentorganisasjon tok studentane sin plass i panelet.

Debattleiar Nina Kristiansen tok opp sommardebatten om det nyetablerte Honours-programmet ved Universitetet i Oslo. Først brukte ho journalist i Dagens Næringsliv, Eva Grinde til å koma med eit oppspel som skulle provosera og få fram usemja mellom paneldeltakarane i dette spørsmålet.  Det lykkast ho med når det galdt leiaren for Norsk studentorganisasjon, Marthe Øien.

– Grunnen til at me stiller oss kritiske til eit eliteprogram er at det tar ein kopi av eit program, gir det 30 ekstra studiepoeng og gir det eit sexy namn, meinte ho.

– Eg heiar på UiO og elitestudiet

Men frå forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø fekk Universitet i Oslo full støtte.

– Eg heiar på UiO og elitestudiet. Det er veldig bra at dei tenkjer nytt, og det er bra at dei brukar litt pengar frå dei milliardane dei får frå Kunnskapsdepartementet til å prøva dette ut. Det har også gitt meir fokus på humaniora. Høgare utdanning skal ikkje vera for dei få, men for alle. Og eg vil heia på dei som vil gå på elitestudium, sa ho.

Også NTNU-rektor Gunnar Bovim støtta initiativet frå Universitetet i Oslo. – Det er viktig å få denne debatten. Og det er ganske innlysande kven som er imot det, konstaterte han.

Under oppsummeringa av debatten brukte leiaren for tankesmia Agenda, Trygve Svensson tida på å kritisera haldninga til Honours-programmet til fleirtalet av dei som sat i panelet.

– Ingen kritiske refleksjonar

– Eg blir provosert over måten som de med unntak av studentrepresentanten snakkar om Honours-programmet på. UiO kan utvikla det slik dei vil. Det er ingen kritiske refleksjonar rundt dette. Faktum er at dette er som å ha eit eige Honours-program på medisin ved sida av det vanlege medisinstudiet. Kva vil dette gjera med eit fagmiljø?  Den kritiske studenten som reiser seg og stiller spørsmål til førelesaren og tar initiativ til å danna kollokviegrupper med andre studentar, vil forsvinna med dette opplegget, var han viss på.

– Det er provoserande at nesten ingen er kritiske til dette, la han til.

– Eg håpar me lever i fred og i eit demokrati

Paneldeltakarane måtte også svara på kva mål dei hadde for institusjonane ti år fram i tida. NTNU-rektor Gunnar Bovim kom med eit klart svar.

HEIAR PÅ UIO: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) heiar på UiO når det gjeld etableringa av Honours-programmet. Leiar for Norsk studentorganisasjon, Marte Øien, er kritisk til etableringa, medan NTNU-rektor Gunnar Bovim (lengst til venstre) og rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen er positive.  (Foto: Martin Toft)

– Eg håpar me lever i fred og i eit demokrati. Det viktige er at kandidatane våre lærer godt det faget dei studerer og at dei er like nyfikne på ny kunnskap etter at dei er ferdige og blir gode verdsborgarar for fred og demokrati. Og utdanning skal sjølvsagt skje gjennom heile livet, sa han.

Også rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen hadde stor tru på framtidas appetitt på kunnskap.

– Kunnskap blir endå meir etterspurt, me får mindre råvarerelatert næringsliv og eit meir digitalisert samfunn. Digitale ferdigheiter skal inn i alle studieprogramma våre. Systemforståing og heilskapsforståing blir viktige eigenskapar i eit meir berekraftig samfunn, trudde Olsen.

– Skal dyrka fram kritisk tenking

Schibsted-direktør Kristin Skogen Lund trekte fram eit konkurransefortrinn som landet vårt har.

– Teknologi vil prega alt som me kjem til å gjera framover. Me skal også dyrka fram kritisk tenking. For det er viktig i Noreg, og det er me gode på. Fleksibilitet i utdanninga er ikkje godt nok utvikla i Noreg, understreka ho. Derfor etterlyste ho også oppretting av mindre kurs i etterutdanning og vidareutdanning som dei tilsette i Schibsted kunne gå på.

– Med fare for å banna i den akademiske katedralen er eg sikker på at dei ikkje er opptatt av om kursa gir tre studiepoeng. For dei er det viktig å visa fram kva dei kan. Eg minner om at det var unge menn frå informatikkstudiet på Universitetet i Oslo som la grunnlaget for suksessen til nettverksemda finn.no,  slo ho fast.

– Må omstilla seg

Civita-direktør Kristin Clemet hadde også stor tru på framtida til universiteta.

– Eg håpar at me får veldig gode institusjonar i høgare utdanning. Men dei må omstilla seg og ta i bruk eksisterande og ny kunnskap. Dei må jobba meir med campusutvikling og med leiing.

Fagfellen hennar, Agenda-direktør Trygve Svensson, la vekt på kor stort det er for unge folk å få gå på eit universitet. – Det å få bruka denne tida av livet til å stilla kritiske spørsmål og tileigna seg ny kunnskap og læra nye ting, ja, det må me ta vare på. Etterkrigssatsinga på høgare utdanning er noko av det viktigaste som har skjedd  i Noreg. Universiteta må ta vare på Humboldt-verdiane og samstundes ta vare på dei folka som må ha nye jobbar på grunn av omstilling, tykte han.

– Ikkje forskingsbasert

John-Arne Røttingen, adm.dir. i Forskingsrådet hadde også observert store endringar på universiteta.

KRITISK TENKING: Schibsted-direktør Kristin Skogen Lund  (nr. 2 frå venstre) meinte Noreg var gode i kritisk tenking.  Lengst til venstre står adm.dir. John-Arne Røttingen i Forskingrådet, medan Agenda-leiar Trygve Svensson står lengst til høgre.  Civita-direktør Kristin Clemet står mellom Svensson og Kristin Skogen Lund. (Foto: Martin Toft)

– Studentane kjem til ein møteplass. Medan nokre studentar kan fylgja med på nettundervisning, lærer andre best gjennom den klassiske undervisninga. Paradokset er at universitets- og høgskulepolitikken ikkje er forskingsbasert, konstaterte han.

I debatten kom dei også inn på livslang læring. Der slutta alle representantane frå universiteta, studentane og Forskingsrådet opp om gratisprinsippet.

– Me har enno ikkje funne ei god løysing på korleis gratisprinsippet skal stå fast i ein framtidig modell for livslang læring. Er det alderen som skal avgjera om staten skal betala eller om du må betala etterutdanninga sjølv? spurte ho.

 NSO-leiar Marte Øien kom med ei oppfordring: – Det er viktig å sjå heilskapleg på sektoren. Markussen-utvalet føreslo endringar i eglane i Lånekassen for dei som har fylt 30 år. For oss er det svært viktig å ta vare på gratisprinsippet, understreka ho.

Det var rundt 200 personar til stades på denne debatten i Agder kultur- og rådhus.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 15. aug. 2019 19:36 - Sist endra 6. feb. 2020 11:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere