Det er Teknisk avdeling som no gjer det klart at dei tar sikte på å avvikla ansvaret for både drifta og vedlikehaldet av Tømte. Universitetsstyret blir samtidig bede om å avvikla leigeforholdet med Det Norske Vitskapsakademiet som eig Tømte gård. Garden har i stor grad vore brukt til ekskursjonar og feltstudiar av studentgrupper frå Biologisk institutt ved UiO.
Mattilsynet gav pålegg
Etter at Mattilsynet har gitt varsel om naudsynte utbetringar av kjøkkenet på Tømte, har Teknisk avdeling tatt kontakt med MN-fakultetet for å kartleggja bruken av staden. I eit brev frå teknisk direktør Frode Meinich til MN-fakultetet går det fram at fakultetet konkluderte med at det ikkje lenger har behov for Tømte gård til forsking og undervisning.
Difor har teknisk direktør Frode Meinich også sendt eit brev til Mattilsynet der han på vegner av UiO ber om at tilsynet seier ja til førespurnaden om å utsetja dei pålagde utbetringane. Dei seminara som allereie er planlagde, skal gå etter planen, går det fram av brevet frå Teknisk avdeling. Før leigeforholdet tar endeleg slutt, må saka handsamast både av Universitetsstyret, styret i Vitskapsakademiet og styret i stiftinga Tømte. Seminarverksemda ved Tømte vil halda fram til og med våren 2011.
Nyrestaurert i 1998
Seminarstaden Tømte ligg litt over ein times kjøring frå Oslo, i sørenden av Hurdalsjøen. Tømte er sett saman av tre gardar som ligg tett i tett. Universitetet disponerer det største av husa, som blei nyrestaurert i 1998. Det huset er bygd rundt 1900, og fungerte som pensjonat fram til femtitalet, står det i Uniforum nr. 16/1998.
Logg inn for å kommentere