Debutantar på Blindern

– Det er dette eg er mest stolt over å ha fått til i livet mitt, seier Karine Nyborg. – Eg er heilt einig. No manglar det berre å bli bestemor, kvitterer Ragnhild Kolden. Begge debuterer som skjønnlitterære forfattarar i haust og begge arbeider på Blindern.

ENDELEG FORFATTARAR: Ragnhild Kolden (t.v.) og Karine Nyborg prioriterte først barn og jobb, før dei no debuterer som skjønnlitterære forfattarar.

Foto: Ola Sæther

Ein tidleg morgon tar Uniforum ein samtale med dei to debutantane i studentkantina på Frederikke.

Det er ukjend sone for Karine Nyborg, men ikkje for Ragnhild Kolden. Dei likar seg godt mellom bokillustrasjonane på veggane.

Karine Nyborg er til dagleg professor i samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo, medan Ragnhild Kolden er avdelingsleiar ved bokhandelen Akademika på Blindern.

Modne debutantar

Nyborg publiserer novellesamlinga ”Ikke rart det kommer kråker” på Aschehoug, samtidig som Ragnild Kolden kjem ut med romanen ”I krig og kjærleik” på Det Norske Samlaget. Karine Nyborg er 48 år og Ragnhild Kolden er seks år eldre. Ingen av dei synest likevel at dei er seint ute med å debutera som skjønnlitterære forfattarar.

– Vennene mine seier til meg at det var tøft gjort. Sjølv seier eg at det er betre å debutera seint enn aldri. Det er altfor mange som debuterer for tidleg. For meg er det litt uforståeleg at nokon kan skriva eit sjølvbiografisk romanverk, når dei er knapt 40, slik Karl Ove Knausgård har gjort, seier Kolden.

– Eg deler ikkje det synspunktet med deg. Faktisk så skriv han både godt og interessant, meiner Nyborg.

– Han skriv slett ikkje dårleg, så eg var kanskje litt sleivete med den karakteristikken, vedgår Kolden.

– Skreiv dikt

Men ho hadde tenkt seriøst på å skriva bøker lenge før ho no kjem ut med den første romanen sin.

– Då eg var yngre, skreiv eg dikt, for det var berre det eg fekk tid til då eg hadde småbarn. Eg har heile tida hatt eit driv til å skriva inni meg. Først då barna blei tenåringar fekk eg høve til å bruka meir tid på skrivinga. Denne romanen har delvis blitt til på hytta i Gudbrandsdalen, dit eg drog kvar einaste gong eg hadde fri. Då fekk eg nok ro og fred på meg til at eg kunna setja meg ned og konsentrera meg om skrivearbeidet. Men eg jobba heile tida i ei full stilling hos Akademika, fortel ho.

Tid nok til noveller

Karine Nyborg opplevde mykje av det same.

– Tidlegare var eg berre mamma og økonom, fordi eg ikkje hadde råd til å vera mor og forfattar. Etter kvart, då yngste sonen min gjekk i 5. klasse, tente eg så godt som økonom at eg kunne jobba litt mindre og bruka fridagane til skriving. Før eg kom til Universitetet i Oslo, kunne eg jobba nokre veker i strekk og så ta fri ei heil veke. Etter at eg kom hit, kunne eg på grunn av undervisningsansvaret berre ta meg ein fast fridag i veka. Og det er ein av grunnane til at det blei ei novellesamling og ikkje ein roman eg debuterer med, fortel ho.

– Problemet med det vonde

– Kva handlar bøkene dykkar om?

Ragnhild Kolden er først ute med å svara.

– Romanen min ”I krig og kjærleik” handlar om to unge menneske som blir medløparar til okkupasjonsmakta i Noreg under Den andre verdskrigen. Eg har studert filosofi ved Universitetet i Trondheim, og eg er svært opptatt av problemet med det vonde. I fredstid klarer me å respektera og etterleva dei felles, etiske normene, men straks det er ufred og dermed kaos, blir dei sette på prøve, den i botn og grunn tynne glasuren av sivilisasjon kan synast å gå i oppløysing, og somme gjer ting som dei elles aldri ville ha gjort.

– Dessutan har krigen sjølv reiskap for å gjera det lettare, for ei stund, å etablera ein ”krigsetikk.” Ein har mellom anna uniformer, eit demonisert fiendebilete på begge sider – og utstrekt bruk av dekknamn. Slike ting gjer at krigen på mange måtar klarer å vri seg unna dei etiske vurderingane som me elles gjer, og dette må me ta med i vurderingane når me i ettertid skal fella dommar. Særleg bruk av dekknamn er mellom dei tema eg prøver å problematisera i romanen min.

– Eg har lagt handlinga i romanen til Trondheim fordi det var eit konglomerat av agentnettverk på begge sider der, og ingen stad i Noreg var det så vanskeleg å driva motstandsarbeid, mellom anna på grunn av ein ivrig Gestapo-sjef og folk som Henry Rinnan, fortel Kolden.

Og så er det Karine Nyborg sin tur.

– ”Ikke rart det kommer kråker” heiter novellesamlinga mi. Og eg er svært nøgd med tittelen på boka. Det vedgår eg gjerne, seier Karine Nyborg.

– Det er ein fantastisk flott tittel, synest Kolden også.

– Rått kjøt

– Kvifor fekk boka den tittelen?

– Den viser til ein fugl som me både beundrar og avskyr. Dessutan er det tittelen på ei novelle i boka. Det spelar også litt på rått kjøt, som det er ein del av i denne boka. I desse novellene skildrar eg menneske som ikkje klarer å ta ansvar for verken seg sjølve eller andre. Mange av dei har ikkje mot til å gjera noko med dei tinga som verkeleg er viktige i livet. Novellene handlar kort sagt om personlege relasjonar. Dei er engstelege for å koma nær andre, men dei klarer ikkje å halda seg unna, fortel Nyborg. Og ho held fram:

– Eg har også skrive ein roman, men det var ei av dei to dårlege bøkene dei seier ein må skriva, før ein endeleg får utgitt ei bok. Det mange gløymer, er at å skriva bøker ikkje berre handlar om at folk har talent til det. Eg levde lenge i den villfaringa. På same måten som i ballett, pianospeling eller i målarkunst blir ein mykje betre av hard jobbing og øving. Difor synest eg det er fint at eg har fått høve til å skriva ein god del som ikkje er gitt ut, før eg no får publisert boka mi, seier Nyborg.

Ingen ulempe å vera økonomiprofessor

Ho synest heller ikkje stillinga som økonomiprofessor har øydelagt henne som skjønnlitterær forfattar.

– Nei, slett ikkje. Gjennom å skriva vitskaplege artiklar, har eg blitt trena i å skjera teksten ned til beinet, slik at eg berre står igjen med det vesentlege, og samtidig klarer å gjera artikkelen forståeleg for dei som ikkje er økonomar. Dei siste åra har eg jobba med å studera kvifor folk heile tida prøver å vera anstendige menneske og kvifor dei handlar slik dei gjer. Då har me brukt matematiske modellar, men også eksperiment der me observerer handlingane til personar i laboratorium etter at me har gitt dei forskjellige oppgåver. Både forfattarar og forskarar sit stort sett heile dagen åleine framfor PC-en, konstaterer ho.

Både Karine Nyborg og Ragnhild Kolden er glade for måten forlaga har fylgt dei opp på.

– No ventar me berre i spenning på dommen til litteraturkritikarane.


 

Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2010 13:26 - Sist endra 9. sep. 2010 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere