Skrinlegg professordraumen

– Draumen var å bli professor, men når eg ser inn i krystallkula, så vil det ikkje bli ledig noka vitskapleg stilling i partikkelfysikk ved UiO før om fem til ti år. Difor sluttar eg, seier postdoktor Bjørn Samset, som no har takka ja til ei fast forskarstilling ved CICERO.

GIR OPP DRAUMEJOBBEN: Postdoktor Bjørn Samset gir opp å bli professor midt i karrierestigen, og takkar ja til ei forskarstilling ved CICERO Senter for klimaforsking.

Foto: Ola Sæther

– Eg er sjølvsagt svært glad for at eg har fått ei fast stilling som forskar ved CICERO Senter for klimaforsking. Der skal eg forska på forureiningspartiklar i atmosfæren. Dei er om lag 100 millionar gonger større enn partiklane eg jobba med ved Senteret for partikkelfysikk, CERN i Sveits, fortel postdoktor Bjørn Samset på Fysisk institutt.

– Ved CICERO skal eg jobba i forskargruppa til Gunnar Myhre, som sit i FNs klimapanel. Me skal sjå om desse små partiklane i atmosfæren fører til avkjøling eller til oppvarming av klimaet. Det skal me gjera på grunnlag av målingar frå satellittar og fly, seier Samset.

Samtidig er han lei seg for at han ikkje såg noko anna råd enn å slutta ved Fysisk institutt etter fire år som postdoktor.

– Dei tilbaud meg faktisk endå eitt år som postdoktor, men det takka eg nei til, sidan eg fekk den faste forskarstillinga ved CICERO. Det var eg sjølv som sende inn ein open søknad til CICERO, og til slutt fekk ei ledig stilling der, konstaterer han.

– Gjorde to ”feil” på karrierevegen

Samset har også filosofert over kva han måtte ha gjort annleis for å kunna halda fram karrieren som forskar i partikkelfysikk.

– Slik eg ser det har eg gjort to ”feil ”på karrierevegen min: For det første har eg skaffa meg familie og to barn. For det andre har eg heile tida etter ferdig doktorgrad berre vore tilsett ved Universitetet i Oslo, sjølv om eg har hatt lengre opphald andre stader. Dermed har eg brukt opp dei fire åra eg kunne vera der som mellombels tilsett. Eg har ikkje flytta frå forskingsinstitusjon til forskingsinstitusjon berre med tanke på eigen karriere. Kona mi er også forskar utan fast stilling, og difor er det viktig for oss at i alle fall ein av oss har ei fast, langsiktig inntekt, forklarar Samset.

Energisk, einsleg og einspora

Han fortel at dei vanskelege karrierevilkåra er eit tema som går igjen på lunsjrommet blant postdoktorane ved Fysisk institutt.

– Me brukar å seia på spøk at dersom nokon skal stå igjen med den endelege gevinsten som er ei fast, vitskapleg stilling, så må den personen vera både energisk, einsleg og einspora, seier han med eit trist smil.

– Som Apollon-journalist Yngve Vogt brukar å seia: UiO er ein stad full av herlege, sære menneske. Men det må vera mogleg å ha eit vanleg familieliv også for vitskaplege tilsette, tykkjer han.

Ekstra arbeidsbør for dei faste

Samset er mest lei seg for den ekstra arbeidsbøra han no må overlata til dei faste, vitskaplege tilsette i forskargruppa i partikkelfysikk.

– Det er mange viktige oppgåver som vitskaplege tilsette ikkje lærer under arbeidet med doktorgraden, men i tida etterpå, som til dømes postdoktor.

Kunnskapen om korleis universitetssystemet fungerer, korleis ein skal søkja om forskingsmidlar frå Forskingsrådet og ikkje minst frå EU, er viktig kunnskap som ein berre lærer gjennom praktisk arbeid som mellombels vitskapleg forskar. No får dei få faste, vitskaplege tilsette her den børa i fanget i tillegg til at dei må driva rettleiing og halda forelesingar som vanleg. Dei blir rett og slett overarbeidde, meiner Samset.

Bjørn Samset er ikkje den første og blir truleg heller ikkje den siste meritterte postdoktoren som sluttar ved Universitetet i Oslo på grunn av mangelen på faste, ledige vitskaplege stillingar. Tidlegare har Uniforum fortalt om postdoktor i antikkens historie, Jon W. Iddeng, postdoktor Margrethe Wold i teoretisk astrofysikk og postdoktor Andreas O. Jaunsen i teoretisk astrofysikk. Alle har avslutta karriereløpet ved UiO. Med unntak av Margrethe Wold har dei også avslutta karrieren som forskarar. Sistnemnde er no førsteamanuensis ved det framifrå forskingssenteret Dark Cosmology på Niels Bohr-instituttet ved Københavns Universitet.

– Eg har fått Marie Curie-pengar frå EU for å forska her og trivst svært godt i eit internasjonalt forskingsmiljø med stor breidde, seier Wold til Uniforum.

– Trist

– Det er sjølvsagt trist for Universitetet i Oslo at det ikkje er mogleg å få etablert fleire langsiktige, vitskaplege stillingar. Universitetsleiinga peikar heile tida på at forskinga må få ei finansiering som varer lenger enn ein stortingsperiode. Det er eg heilt einig i, seier Samset.

– Men er ikkje vitskaplege overgangsstillingar, såkalla innstegsstillingar ein utveg for å få folk til å bli?

– Ved Universitetet i Bergen prøvde dei det ved hjelp av pengar frå ei forskingsstifting. Resultatet blei at konkurransen om desse stillingane blei endå hardare enn konkurransen om å få ordinære, vitskaplege stillingar, sidan folk frå forskjellige faggrupper kunne søkja desse stillingane. Då må i tilfelle universitetet oppretta mange fleire slike stillingar, synest han.

Tapt for partikkelfysikken

– Så karrieren din som partikkelfysikar er over?

– Det kan vera at eg klarer å halda meg oppdatert dei neste to åra. Men om eg søkjer stillingar i partikkelfysikk i framtida, vil mange av dei andre søkjarane ha endå lenger ansiennitet innanfor partikkelfysikk enn eg. Difor vil det bli vanskeleg for meg å vinna fram. I dag ville nok ein søknad frå meg blitt vurdert, om eg hadde søkt på ei stilling ved til dømes CERN. Men eg er ikkje interessert i å flytta med heile familien til Sveits eller Frankrike, slår han fast.

Rektor Ole Petter Ottersen kan ikkje kommentera enkeltsaker, men på generelt grunnlag kan han visa til UiOs hovudmål på det området.

– Diskuterer innstegsstillingar

– UiO utdannar heilt medvite langt fleire ph.d.-kandidatar enn det me har stillingar til. Og det er fordi me håpar at dei finn seg jobbar både i næringslivet, ved forskingsinstitutt og i det offentlege. Det me likevel ynskjer å bidra til er at dei som verkeleg satsar på ein forskarkarriere, får så gode vilkår til å planleggja framtida si som mogleg. Difor er me også midt inne i ein diskusjon om ei mogleg etablering av innstegsstillingar, seier Ottersen.

 

Av Martin Toft
Publisert 18. aug. 2010 11:22 - Sist endra 18. aug. 2010 11:33

Alle vil, med god grunn, ønske større budsjett til forskning og til flere stillinger ved UiO. Men et vesentlig hopp i bevilgningene som løser dette problemet er, som kjent, ikke realistisk. I tillegg til en mulig utvikling av innstegsstillinger, tror jeg  vi også må arbeide for en kulturendring der det blir mer vanlig at folk flytter på seg. Ikke bare må unge og ambisiøse forskere belage seg på å flytte andre steder, både innenlands og utenlands, men også de som allerede har stillinger ved UiO må bli mer bevegelige.

I dag er 'drømmen' en fast stilling ved UiO, og for de som får den oppfylt blir nesten alle værende ved UiO til pensjonsalderen. Dette er nødvendivis ikke det optimale for den enkelte, og det er ikke optimalt for UiO som helhet med en så lav mobilitet som vi har i dag. Ved de beste universitetene internasjonalt er det langt vanligere at folk flytter på seg. Det vil også skape større muligheter og flere åpninger for yngre krefter ved UiOs enheter.

I tillegg bør det bli mer vanlig at forskere på ulike tidspunkter i karrieren skaffer seg erfaring fra beslektede aktiviteter, - i det offentlige eller private, - og på tvers av f.eks. institutt og universitetssektoren. Således burde erfaring fra en periode ved Cicero kunne være verdifull for Samset også i en framtidig karreresammenheng som universitetsforsker.

ragnarli@uio.no - 19. aug. 2010 11:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere