– Inn i eit farleg terreng

– Om nokon på 1980-talet hadde fortalt oss at me i 2010 ville innføra ei lov som skulle gjera det mogleg for staten å registrera all inn- og utpost borgarane i mellom, ville me ha sagt at dei var småløgne, sa samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ein debatt om datalagringsdirektivet på Blindern sist fredag.  

EINIGE: Det er viktig med ein debatt om datalagringsdirektivet. Det var både samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (t.h.), generalsekretær Trygve G. Nordby i Europabevegelsen og Jon Wessel-Aas (i blå skjorte) i Den internasjonale juristkommisjons norske avdeling einige om.

Foto: Ola Sæther

– Dersom staten skal ha rett til å ha fullt oversyn over oss, går me inn i eit farleg terreng, slo samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa fast.

I debattpanelet sat også generalsekretær i Europabevegelsen, Trygve G. Nordby og Jon Wessel-Aas, styremedlem i Den internasjonale juristkommisjons norske avdeling. Kulturutvalet til Studentersamfundet på Chateau Neuf var arrangør.

130 innspel

Kleppa peika på at ho hadde fått inn 130 innspel på høyringsdokumentet om datalagringsdirektivet.

– Alle innspela frå Politiet støttar innføringa av direktivet, medan dei fleste andre går imot det, konstaterte Kleppa. Ho viste til at hovudargumentet for å innføra direktivet er at det vil gi justisstyresmaktene eit betre verktøy til å etterforska alvorleg kriminalitet.

– Håpar på kompromiss

Sjølv vedgjekk statsråden at ho var mellom dei i regjeringa som var mest skeptiske til å innføra direktivet som en del av norsk lov. – Eg håpar me klarer å finna fram til eit mogleg kompromiss før eg legg saka fram for Stortinget som skal ta den endelege avgjerda i denne saka, sa Kleppa, før ho begynte å argumentera imot datalagringsdirektivet.

– Viss direktivet blir vedtatt slik det er, vil det gi staten høve til å finna ut kven som har kommunisert med kven, når, kvar og kor lenge. Grunnen til at eg er skeptisk, er for det første at det ikkje er forholdsmessig. Det vil seia at verktøyet ikkje samsvarar med behovet til politiet. Det får så mykje informasjon om enkeltpersonar at dei vil føla seg krenkte. Er det rett at alle skal mista retten til vern av den private elektroniske kommunikasjonen sin, for å kunna gripa nokre få kriminelle? spurde Kleppa.

Så heldt ho fram med å illustrera dette på ein annan måte.

– Det blir som om eg fann ut at eg ville ha behov for å setja sykkelen min under tak, og dermed byggjer ein garasje som har plass til fem bilar.

– Eg ser også ein fare for formålsgliding. Det inneber at når ein først har fått lov til å bruka data innanfor eit område, så er det freistande å bruka dei til andre formål også. Det tredje argumentet mitt imot direktivet er at det er lett å unngå. Om ein brukar hotmail eller gmail, unngår ein å bli fanga opp av denne overvakinga. Effekten kan bli at folk føler seg utrygge og usikre på kven dei kan kommunisera med.

Eg synest sjølvsagt at politiet skal ha trafikkdata. Me bør sjå på politiet sine behov og røynsler for å sjå kva data dei eigentleg har bruk for. Målet mitt er difor å drøfta løysingar som er moglege for alle partar.

– Faren for datakriminalitet

Generalsekretær i Europabevegelsen Trygve G. Nordby tok utgangspunkt i dei positive fylgjene av datalagringsdirektivet.

– Hovudgrunnen for at EU vil innføra det, er jo faren for datakriminalitet. Då tenkjer eg på både barneporno og terrorisme. På den andre sida står omsynet til personvernet. Dette er ein debatt som me berre har sett byrjinga på i Noreg, men i EU-landa tok denne debatten til for fire år sidan, då fleire av medlemslanda vedtok direktivet som ei del av si eiga lovgjeving, slo han fast.

– Uansett kva Noreg bestemmer seg for, så må den norske lovgjevinga på dette området, avstemmast med lovgjevinga i andre land. Personvernet må i alle fall takast vare på, understreka Nordby.

– Eg har notert meg at justisminister Knut Storberget er lei seg for at Noreg ikkje er heilt og fullt med i EUs politisamarbeid, konstaterte Nordby, som oppfordra regjeringa til å lesa EUs eigen statusrapport om datalagringsdirektivet.

– Europabevegelsen vil til hausten skipa til ei høyring i EU-parlamentet i Strasbourg om kritiske sider ved dette direktivet. Då vil me få med oss EU-parlamentarikaren Lena Ek frå det svenske folkepartiet. Eg vil rå Kleppa og regjeringa til å dra dit for å få med seg den debatten, sa Nordby.

– Vil bryta med samfunnsstrukturen

Juristen Jon W. Aas var den som var aller mest skeptisk.

– Det er viktig med prinsipp som må til for å oppretthalda ein rettsstat. Den europeiske menneskerettsdomstolen vaktar heile Europas konstitusjon som forsvarar den europeiske samfunnsordninga som er den liberale rettsstaten. Viss me bryt den europeiske menneskerettskonvensjonen, bryt me med den samfunnsstrukturen som Europa har hatt dei siste 60 åra, meinte Aas.

Han viste til at lagring av all elektronisk kommunikasjon frå seks månader til to år, ville bryta med alle tradisjonelle etterforskingsmetodar.

– I ein rettsstat skal ikkje staten tvangsinndriva data om borgarane før det ligg føre mistanke om eit brotsverk. Etter at brotsverket er utført kan politiet gå inn og ransaka hus og personar, peika han på. Han tykte også at ei minimumslagring på seks månader er altfor lang tid.

– Eit fullstendig bilete

– Viss politiet registrerer din SMS-bruk, e-posttrafikk, internettbruk og mobiltelefonsamtalar på den tida, vil dei kunna danna seg eit fullstendig bilete av kvar du står politisk og kva du vil koma til å gjera dagen etter, trudde Aas. Han hadde heller ingen tillit til at politiet ville bruka trafikkdata berre for å jakta på farlege forbrytarar.

– Dei vil heilt sikkert bruka det til andre formål også, peika han på, før Nordby igjen fekk ordet.

– Noreg bør no gå saman med andre land for å kunna utforma eit felles syn på forslaget om eit datalagringsdirektiv. For datatrafikk kjenner jo ingen grenser, understreka han.

Frå publikum kom det spørsmål om kvifor ikkje Forskingsrådet hadde sett av pengar til forsking på dette temaet. Og det blei også vist til kvifor norske styresmakter som både legg ut skattelister over alle borgarane og sender flypassasjerlister til USA, er så kritiske til innhaldet i datalagringsdirektivet.

Kleppa meinte Kunnskapsdepartementet var den rette adressa for det første spørsmålet, medan ho let vera å svara på det siste spørsmålet.
 

 

 

Emneord: Politikk, EU Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2010 16:10 - Sist endra 24. aug. 2010 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere