Formidlingskollektivet

– Dette er ingen trøystepremie for me har absolutt fortent prisen, synest Elisabeth Eide. – Nei, det er ei fin påskjøning for det me har gjort, meiner Thomas Hylland Eriksen. Dei har vore frontfigurar for Culcom, som får utdelt Universitetets formidlingspris 2. september.  

FORTENT: – Culcom fortener å få formidlingsprisen. For oss er formidling ein god ting, seier Elisabeth Eide og Thomas Hylland Eriksen.

Foto: Ola Sæther

Forskingsprosjektet Kulturell kompleksitet i Noreg (Culcom) blei før sommarferien nedlagt etter i praksis å ha fungert i seks år. Universitetsstyret har heidra prosjektet med årets formidlingspris på 250 000 kroner.

Professor i sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen og førsteamanuensis i journalistikk, Elisabeth Eide synest ikkje det er rart å ta imot prisen på vegner av eit prosjekt som no er gravlagt.

– Det er fint å få prisen for noko me har gjort. Og sjølv er eg prinsipielt for at slike prosjekt er tidsavgrensa, seier Hylland Eriksen.

– Me har deltatt på konferansar, seminar og gitt ut bøker og halde foredrag for ei mengd institusjonar, mellom dei Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, pensjonistuniversitet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. I tillegg har me vore på mange skulebesøk. Og me har vore aktive i media. Kort fortalt har me fungert som eit formidlingskollektiv, slår Eide fast.

– Imponerande nettarbeid

– For oss har formidling vore ei viktig sak, noko som nettsidene våre er eit godt prov på, synest Hylland Eriksen. Han kan ikkje få gitt nok skryt til Lorenz Khazaleh, som var både nettjournalist og dokumentalist for nettsidene til Culcom.

– Det var imponerande korleis han heile tida klarte å fylgja opp målet vårt om å oppdatera nettsidene våre minst ein gong i veka. Han intervjua både interne og eksterne forelesarar som hadde deltatt på seminara våre og la det og vitskaplege artiklar ut på nettet. Difor var det mogleg å oppdatera seg og fylgja med på det som skjedde, sjølv om me ikkje var til stades på alle seminara, seier Hylland Eriksen. – Han gjorde ein fantastisk jobb, samstemmer Eide.

– Må ikkje kategorisera

Ho synest at Culcom har klart å skapa debatt om mange viktige problemstillingar i det norske samfunnet.

– Integrering og kulturelt mangfald kan vera ganske komplekse ting. Det som er viktig er at me ikkje set alle i faste båsar. Eitt av mine funn er at individ med funksjonshemmingar er lei seg for at media heile tida gir dei ei offerrolle. Mange minoritetar føler det på same måte. Dei kjenner seg slett ikkje igjen i offerrolla. Andre gonger vert folk kategoriserte utan å bli spurde på førehand.

–Ei afghansk venninne av meg opplevde at personalet i barnehagen til ungane hennar var sikre på at dei skulle markera ramadan og eid. Problemet var at ho var ikkje-religiøs og absolutt ikkje hadde tenkt å markera den muslimske fastemånaden, fortel Eide. – Det er viktig å vera klar over at ikkje alle pakistanarar er muslimar eller religiøse, sjølv om dei har bakgrunn frå eit muslimsk land, peikar ho på.
 

– Litt for mykje om muslimske minoritetar

Hylland Eriksen tar opp tråden.

– Personleg synest eg kanskje at det blei litt mykje vektlegging av situasjonen til muslimske minoritetar i Oslo i dette forskingsprosjektet. I starten lanserte eg Culcom som eit verktøy for å dekonstruera majoriteten i Noreg for å visa mangfaldet i den norske majoriteten. Det fekk eg masse kritikk for. Akkurat det målet har me ikkje klart å oppfylla.

– Då kunne me til dømes ha vist at slektskapsforhold i Møre og Romsdal er noko heilt anna enn i Hedmark. Eg er likevel glad for at me har fått ei masteroppgåve som ser på eit kristent trussamfunn på Finnøy i Ryfylke. Elles er eg godt nøgd med at me har klart å få gjort forsking på den samiske kulturen i Noreg, konstaterer han.

– Er de lei dykk for at prosjektet ikkje skal førast vidare?

– For meg har det vore tre strålande år der eg har fått konsentrert meg om forskinga og fått publisert fleire bøker og artiklar og fått deltatt i eit ekte, tverrfagleg miljø som har utløyst stor kreativitet og kritisk tenking om viktige samfunnsspørsmål. Eg tykkjer likevel det er heilt greitt å venda tilbake til Journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo no når prosjektet er over, seier Eide.
– Me har stort sett oppfylt dei måla me sette oss då prosjektet kom i gang. Likevel kunne me ha ynskt oss at Universitetet i Oslo hadde gått vidare med delar av prosjektet. Det er framleis sider ved det fleirkulturelle samfunnet som me ikkje har fått forska på, synest Hylland Eriksen.

Forskingsprosjektet har ei imponerande publiseringsliste. Ni doktorgradar er finansierte av programmet, to andre er eksternt finansierte, medan 40 masteroppgåver er leverte i den perioden prosjektet eksisterte. Forskarane har også publisert fleire bøker.
 

Hylland-Eriksen trur ikkje at forskingsprosjekta Religion i pluralistiske samfunn (PluRel) og Kulturelle transformasjonar i globaliseringa sin tidsalder (KULTRANS) kan ta opp heile arven etter Culcom.

– Nei, dei har ikkje så stort forskingsbudsjett som me hadde, og dei er dessutan knytte til kvar sine fakultet, og blir dermed ikkje så tverrfaglege som Culcom var, meiner han.

– Fridom og tillit

– Og når me er inne på formidling og Culcom, vil eg gjerne peika på at Thomas var veldig flink til å visa journalistar til andre moglege intervjuobjekt i forskingsprosjektet om han ikkje hadde høve til å svara sjølv. Han gav oss både fridom og tillit, seier Eide.

Hylland Eriksen understrekar korleis han prioriterer formidling.

– For oss var det om å gjera å visa at formidling er ei viktig oppgåve. Difor oppfordrar eg alle til å gjera det. Det går an å seia at Hjernevask-serien til Harald Eia har fått nokre forskarar til å nøla litt før dei formidlar det dei held på med. Men det skal gjera litt vond til å begynna med, før ein blir ein god formidlar. Eg brukar å seia at det blir som å ta av eit plaster frå ein hårete legg. Du må gjera det fort og det gjer frykteleg vondt med det same, men etter kvart går smerta over, smiler han.

Både Thomas Hylland Eriksen og Elisabeth Eide ynskjer å trekkja fram arbeidet til forskaren Åse Røthing.

– Ho har gjort spennande arbeid på forholdet mellom religion og seksualitet. Og Sharam Alghasis doktoravhandling om mediebruken blant iranarar i Noreg, er også svært interessant. Teologen Oddbjørn Leirvik har også funne ut mykje viktig om religiøsitet i Noreg, peikar dei på.

Groruddalen neste stopp

– Kva skal de bruka prispengane på 250 000 kroner til?

– Dei skal me bruka på Alna-prosjektet, der me forskar på forskjellige sider ved lokalsamfunnet i Groruddalen, seier Thomas Hylland Eriksen.

– Eg skal blant anna sjå nærare på innhaldet og dei journalistiske arbeidsprosessane i dei tre lokalavisene i bydelen, fortel Elisabeth Eide.

 

Emneord: Forskningsformidling, Antropologi, Universitetets priser, Media Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2010 14:02 - Sist endra 19. aug. 2010 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere