Styret vedtok 2011-budsjettet i juni

Universitetsstyret vedtok i dag framlegget til budsjettfordeling for 2011. Det er første gong eit budsjett blir vedtatt i juni, før regjeringa har lagt fram sitt budsjettforslag. Utgangspunktet er den sannsynlege statsløyvinga til UiO på 4,183 milliardar kroner.  

– Kunnskapsdepartementet har gitt klarsignal til den nye ordninga, forsikra økonomidirektør Marianne Mancini før Universitetsstyret vedtok framlegget til budsjettfordeling.

I saksdokumentet går det fram at årsaka til at fordelinga skjer no i staden for i november, er at einingane vil få betre tid til å leggja planar for neste år. Dermed vil dei økonomiske rammene vera klare før årsplanane blir vedtekne, og før dei byrjar med planlegginga av alle detaljane av året 2011, står det.

Av eit samla budsjett på 4,183 milliardar kroner, var det forslaget om å gi ei permanent overføring av to millionar kroner til dei fakulteta som har toppforskingssenter, som skapte størst debatt i Universitetsstyret.

For dårleg gjennomtenkt

Representanten Hanne Haavind meinte at forslaget var for dårleg gjennomtenkt, og ville både ha det utsett og nærare utgreidd før Universitetsstyret skulle vedta det. Fungerande rektor Inga Bostad og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, sydde saman eit kompromissforslag for å koma Hanne Haavind i møte. Men etter at dei eksterne representantane Grete Berget og Kerstin Sahlin hadde argumentert sterkt for at det opphavlege forslaget til vedtak burde bli ståande, fekk dei overtydd fleirtalet i styret om at det var viktig å få dette på plass med ein gong. Dermed blei det berre lagt til eit tillegg om at ordninga skulle evaluerast etter fem år.

Originalframlegget fekk fleirtal

Då blei det originale forslaget til vedtak lagt på bordet igjen med eit tillegg om at ordninga om å gi ei permanent og varig overføring av to millionar kroner til fakulteta som er vertskap for toppforskingssenter, skulle evaluerast etter fem år.

Representanten Hanne Haavind opprettheldt difor forslaget sitt om å utsetja denne delen av vedtaket til eit seinare møte og at ordninga burde greiast ut betre først.

Under avrøystinga fekk originalframlegget med evalueringstillegget, åtte stemmer medan tre representantar stemte imot. Desse tre stemte for forslaget frå Hanne Haavind. Dei tre var Hanne Haavind, Helle Linné Eriksen og studentrepresentant Mari Olsen Mamre. Då blei altså den føreslåtte fordelinga av statsløyvinga på 4,183 milliardar kroner vedtatt.

Samtidig vedtok Universitetsstyret ramma for avdelingane i Sentraladministrasjonen, medan universitetsdirektøren får fullmakt til å gjera intern fordeling innanfor Sentraladministrasjonen.

Budsjettbalanse i 2015

Universitetsstyret vedtok også forslaget om å auka internhusleiga med 2,7 prosent, som er lik sannsynleg lønns- og prisstiging. I vedtaket heiter det også at styret føreset at fakulteta og tilsvarande einingar set i verk tiltak som vil gi budsjettbalanse i 2015. Rektor får fullmakt til å gjera ei fordeling av innsatsmidlar for likestilling og gjera mindre justeringar av fordelinga.

Satsing på realfaga og musea

Den største satsinga på budsjettet for 2011 er styrkinga av realfagsrekrutteringa gjennom bygging av eit læringssenter for realfag. Samla kostnader for prosjektet blir 65 millionar kroner, og byggjearbeidet skal starta opp i 2011. Frå tidlegare er det kome inn fire millionar kroner frå stiftinga Fritt Ord.

I tillegg blir det ei satsing på musea, som første året får 10 millionar kroner ekstra, fordelt med sju millionar til Naturhistorisk museum og tre millionar til Kulturhistorisk museum. Det blei også vedtatt å auka den årlege avsetjinga til vedlikehald med 20 millionar kroner, det vil seia ein auke på 30 prosent.

Les meir om dei forskjellige postane i budsjettfordelinga i denne artikkelen i Uniforum.

 


 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2010 16:37 - Sist endra 22. juni 2010 16:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere