Vil redda elektroniske skattar

– Det er viktig at UiO straks set i gang ein redningsaksjon for dei mest verdifulle elektroniske skattane. InterMedia har tatt vare på gammalt teknisk utstyr for å hindra at desse skattane hamnar på den elektroniske kyrkjegarden, seier førsteamanuensis Arild Boman og kontorsjef Lars Lomell.  

GAMMALT OPPTAKSUTSTYR: I eit lagerrom i kjellaren til Forskingsparken har førsteamanuensis Arild Boman (t.v.)og kontorsjef Lars Lomell plassert ei stor samling med gammalt opptaks- og avspelingsutstyr, både for lyd og bilete.

Foto: Ola Sæther

I eit lagerrom i kjellaren til Forskingsparken har førsteamanuensis Arild Boman og kontorsjef Lars Lomell plassert ei stor samling med gammalt opptaks- og avspelingsutstyr, både for lyd og bilete. Utstyret er avgjerande for å kunna spela av den elektroniske kunnskapsarven til UiO. Det meste er brukbart og kan setjast i stand i samarbeid med til dømes Nasjonalbiblioteket.

– No er både film og lyd i ferd med å bli digitalisert. Difor er det ikkje lenger bruk for det gamle opptaks- og avspelingsutstyret som me har samla her. Dette var det aller beste og mest profesjonelle utstyret som det var mogleg å få tak i, då det blei kjøpt inn, fortel Boman.

Dei fortel at det finst verdifullt elektronisk materiale frå forsking, undervisning og formidling frå universitetet gjennom mange tiår. Dei tenkjer også på dokumentasjon av viktige universitetshendingar, bygningar og intervju med forskingsveteranar. UiO har også vore i forkant internasjonalt med interaktiv fjernundervisning via satellitt.
 

– Evigvarande, digitalt format

Både Arild Boman og Lars Lomell meiner at Universitetet i Oslo i samarbeid med sentrale styresmakter no bør koma på bana og laga ein eigen plan for å redda desse skattane.

– Me har utstyret som skal til for å kunna spela dei over på eit meir evigvarande, digitalt format, peikar dei på.

Prosjektleiar Per Christian Larsen ved InterMedia er i gang med å overføra ein del utstyr og videomateriale til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, som eit prøveprosjekt og ei byrjing på eit større arbeid, opplyser Lomell til Uniforum.

Boman viser til at gamle opptak framleis kan vera aktuelle i dag.

– For ei tid sidan, spurde Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet om det var mogleg å få spelt over 20 år gamle opptak frå eit statistikk-kurs til ny teknisk standard. Innhaldet i kurset er like aktuelt i dag som då, men då var det på gamle kassettar, seier han.

Konsesjon for lokal-TV

Den elektroniske utviklinga ved UiO starta i det naturvitskaplege miljøet, men det var andre fag som seinare tok det i bruk til formidling, særleg frå 1960-talet. Boman var sjølv ein av dei som var med på det. Ulike einingar var viktige: AV-senteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet som spelte ei stor rolle for forsking og dokumentasjon og USIT med utvikling av datasystem. Men også Mediekultur/TV-forum som òg fekk konsesjonar for lokal-TV på 1980-talet, og hadde eitt av tre studio i Europa for direkte satellittsending frå campus. Også i det pedagogiske miljøet var det fjernsynsmiljø.

Boman blei seinare dagleg leiar for Kunnskapskanalen, som no har sendingar på NRK kvar laurdag. Han er viss på at det finst både lyd- og videoopptak rundt omkring på heile UiO, som bør bli tatt hand om, og spelast over til eit anna format, før det blir for seint.

– Det humanistiske fakultetet har gjort ein svært bra innsats for å ta vare på gamle lyd- og videopptak. Men det finst andre fakultet som ikkje har vore like flinke til det. Eining for digital dokumentasjon er viktig. Me må få på plass i eit historisk, digitalt arkiv, slår han fast.

Boman legg til at elektroniske kommunikasjonsprosjekt ved UiO har vore omfattande, dei har til dømes utvikla forskings-TV, fjernsynssendingar for funksjonshemma, opptak gjort av ungdommar, sjølvdokumentasjon, nettdemokrati, intern-TV, opptak gjort av minoritetar og elektronisk kunst. Og ein må også leggja vekt på den aukande elektroniske kunnskapsarven, program med meir, frå dataområdet.

– Rekonstruerte norsk ”virtual reality”

– Eit samarbeidsprosjekt med Norsk kulturråd har vore å sikra tidleg elektronisk kunst. Kulturdepartementet har vore interessert i dette prosjektet. For ei stund sidan klarte med å rekonstruera tidleg norsk ”virtual reality”, og delar av den blei vist på Venezia-biennalen no 30 år etter. Elektronisk kulturarv kan ha like stor relevans som den boklege, den er ein del av den samla kulturarven, meiner Boman.

Både Lomell og Boman viser til at i Kulturdepartementets stortingsmelding nr. 24 (2008-2009) om ”Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv” peikar stortingsvedtaket på ansvaret som også universiteta og høgskulane har for å ta vare på gammalt, elektronisk materiale. I ein samrøystes uttale frå Stortingets familie- og kulturkomité går det også fram at ”komiteen vil peke på betydningen av å stimulere institusjoner og organisasjoner med viktig digitaliserbart materiale til å engasjere seg i sikring av dette.”

– Norsk kulturarv

– Komiteen peikar heilt korrekt på at dette materialet har ei avgrensa levetid, men at det framleis kan digitaliserast. Dei viser også til at dette er ein liten, men viktig del av norsk kulturarv, som kan gå tapt viss ikkje noko blir gjort. Det er me heilt samde med dei i. Me vil difor oppfordra Universitetet i Oslo til å setja i verk planar for å ta vare på dette materialet for ettertida, seier Boman og Lomell.

– I InterMedia har me også tatt vare på historiske opptak av mindre og store hendingar på universitetet. Også i jubileumsåret 2011 er det viktig å ha klar ein plan for å ta vare på elektroniske opptak, som viser ein viktig del av historia til Universitetet i Oslo, understrekar Arild Boman og Lars Lomell.

 

Emneord: Arkiv, Forskningsformidling, Media Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2009 09:30 - Sist endra 9. nov. 2009 09:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere