UiO kuttar, men satsar på studiekvalitet

15 millionar kroner ekstra til studiekvalitet er den einaste satsinga Universitetsstyret ser seg råd til i 2010. Den planlagde ombygginga av Vilhelm Bjerknes hus til eit læringssenter for realfagsstudentar er utsett. Den samla kostnaden var sett til 64 millionar kroner. UiO må til saman saldera 84,2 millionar kroner. Alle einingar får difor eit rammekutt på 1,7 prosent.  

KUTTAR: Rektor Ole Petter Ottersen og resten av Universitetsstyret vedtok eit rammekutt på 1,7 prosent for alle einingane i dag.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo fekk ei løvying på 4,073 milliardar kroner i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2010. Det var ein auke på 74,4 millionar kroner i høve til 2009.

Utgiftene går opp og inntektene ned

I det reviderte statsbudsjettet fekk UiO tildelt 307 nye studieplassar. Dei fører til ei ekstra utgift på 35,2 millionar kroner i 2010. Samtidig får UiO ein nedgang i dei resultatbaserte inntektene sine på 49 millionar kroner. Det er også rekna med at UiO får ein reduksjon på 66,2 millionar kroner i ei venta utfasing av løyving til utstyr til den nye informatikkbygningen, som vil stå ferdig i 2010. UiO får dessutan ein reduksjon på 6,7 millionar kroner til sikring og dokumentasjon av samlingane til universitetsmusea neste år. Det er bakgrunnen for at universitetsdirektøren i dag  bad Universitetsstyret vedta eit budsjett som også inneber ein god del smertelege kutt.

10 millionar mindre til vitskapleg utstyr

Det største enkeltkuttet går utover innkjøp av vitskapleg utstyr. Den posten blir redusert med 10 millionar kroner, men det er likevel fem millonar kroner meir enn det som blei løyvd til vitskapleg utstyr i budsjettet for 2009. Rundt 61 millionar kroner av det samla salderingsbehovet på 84,2 millionar kroner må altså alle einingane, også sentraladministrasjonen, dekka med eit rammekutt på 1,7 prosent. I fylgje budsjettdokumentet vil det føra til at 23,8 millionar kroner av inndekninga vil skje gjennom eittårige innsparingar. Konsekvensen blir at UiO må finna inndekning for desse pengane også i 2011.

Vil skjerma studentane

Sjølv om det skal sparast inn på pengebruken, ber Universitetstyret fakulteta om at det i minst mogleg grad skal råka oppfylginga av studentane, som er i byrjinga av studieløpet sitt. Einingane overtar ansvaret for å sikra gode rammevilkår for dei nytilsette. Den sentrale ordninga med startpakker skal nemleg avviklast i løpet av to år.

2010-budsjettet:

Fakulteta:

Teologi: 33,135 mill.
JUR:     200, 238 ”
MED:    529, 764 ”
HF:       498, 669 ”
MN:       757, 953 ”
OD:       178,672 ”
SV:        334,054 ”
UV:        199, 940 ”
Sum:  2,732 425 milliardar
Musea og sentra:
KHM:      75,825 millionar
NHM:      93,650 millionar
Sentra:   84,553 mill.

Intrastruktur og sentrale tenester:
UB:          220,540 mill.
TA:          326,531 ”
USIT:       131,125 ”
SA:          439,990 ”
UiO bank: -32,000 ”

Samla sum for UiO: 4,072 milliardar

Teknisk avdeling får i oppgåve å dekkja dei mest naudsynte behova for utbetringar i laboratoria. Det skal dekkjast med sju millionar kroner, frå deira eiga ramme til større prosjekt.

Hevar innkjøpskompetansen

Som tidlegare meldt i Uniforum, skal det satsast endå meir på innkjøp. Einingane skal difor byggja opp kompetanse på store innkjøp på over 100 000 kroner. Det vil seia at det blir truleg blir oppretta ni nye stillingar på dette området. Meininga er at einingane skal henta ut gevinstar gjennom å betra innkjøpa. Stipendiatar som er tilsette for fire år, skal ha 25 prosent med pliktarbeid, altså normal undervisning.

Ikkje god nok oppfylging av sjukefråvær

Dessutan blir alle delar av universitetet bede om å vurdera om det er mogleg å redusera arealbehovet for å få ned kostnadane til internhusleige. Organisasjons- og personalavdelinga skal saman med alle einingane også gå gjennom rutinar for oppfylging av sjukemeldingar. Universitetsleiinga har grunn til å tru at UiO går glipp av ganske store inntekter fordi ein ikkje sikrar god nok oppfylging av sjukefråvær som gir grunnlag for refusjon frå NAV, står det i budsjettdokumentet til styret.

Budsjettbalanse i 2014

Eit samla universitetsstyre vedtok den foreslåtte fordelinga av statsløyvinga. Universitetsstyret vedtok samrøystes også å justera internhusleiga med 3,2 prosent, det same som den sannsynlege lønns- og prisauken i 2010. Det slutta seg også til dei foreslåtte føringane til fakultet og andre einingar. I vedtaket heiter det også at styret føreset at fakulteta og dei andre einingane skal setja i verk tiltak som gir budsjettbalanse i 2014.

Samtidig får rektor fullmakt til å utføra ei fordeling i innsatsmidlar for likestilling, og utføra mindre justeringar av fordelinga. Universitetsstyret gir universitetsdirektøren fullmakt til å utføra ei intern omfordeling av midlar innanfor sentraladministrasjonen, inkludert Universitetsbiblioteket.
 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2009 18:50 - Sist endra 24. nov. 2009 19:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere