Odontologi vaksinerer mot svineinfluensa

Spesialkandidat Rafael Marques da Silva var blant dei 100 første studentane og tilsette på odontologi som blei vaksinerte mot svineinfluensa i dag. Sprøyta blir sett inn i armen hans av oversjukepleiar Kari Hege Langmoen Baadstø.

FÅR VAKSINE : Spesialkandidat i oralkirurgi, Rafael Marquez da Silva får vaksinen frå oversjukepleiar Kari Hege Langmoen Baadstø.

Foto: Martin Toft

– No ventar me på 530 vaksinedosar til, seier instituttleiar Pål Barkvoll ved Institutt for klinisk odontologi.

Spesialkandidat i oralkirurgi, Rafael Marques da Silva set seg godt til rette i stolen, før oversjukepleiar Kari Hege Langmoen Baadstø klarer å få inn eit velretta sprøytestikk i overarmen hans.

– Eg er godt nøgd med å bli vaksinert, sidan eg arbeider med barn som ofte er i narkose, seier han.

– Prioriterer dei som arbeider med barn

Instituttleiar Pål Barkvoll synest det er viktig at Det odontologiske fakultetet no er først ute ved UiO med å vaksinera studentar og tilsette. Helsepersonell er priorterte frå styresmaktene si side.

– Me prioriterer i første omgang dei som arbeider med barn og andre i risikogruppa. Også dei som arbeider i det kirurgiske fagmiljøet er blant dei første som får vaksinen. På den måten er me også med på å avlasta kommunehelsetenesta og Studenthelsetenesta. Dei tilsette treng heller ikkje forlata arbeidsplassen for å bli vaksinerte, understrekar han.

Oversjukepleiar Kari Hege Langmoen Baadstø har sett 40 dosar med vaksinar i dag.

– Eg er viss på at det hadde vore mogleg å vaksinera 500 personar i løpet av ein dag om me hadde hatt så mange dosar, seier ho.

Barkvoll er overtydd om at Det odontologiske fakultetet også kan hjelpa til med å vaksinera tilsette og studentar frå andre fagmiljø ved UiO, dersom det skulle vera behov for det.

– Me har mange vaksinatørar som kan ta seg av den oppgåva, trur han.

Medisinstudentane ved UiO har ikkje fått tilbod om vaksine mot svineinfluensa.

– Eg håpar at dei blir vaksinerte på dei sjukehusa der dei har praksis og at helseforetaka prioriterer dei, seier Barkvoll.

– Vil ikkje utgjera smittefare

Studentane på odontologi får derimot alle tilbod om vaksine. Ute på gangen sit to av dei; Nils Langhelle og Christina Eie som nettopp er blitt vaksinerte mot svineinfluensa.

INGEN SMITTEFARE: – Me vil ikkje utgjera nokon smittefare for barna som er mellom pasientane våre, seier studentane Nils Langhelle og Christina Eie. Instituttleiar Pål Barkvoll og leiar for barneavdelinga, Sarah Zohreh Behroozi er nøgde med at dei kan vaksinera studentar og tilsette på odontologi.(Foto: Martin Toft)

– Det var ikkje noko problem og ikkje noko annleis enn andre vaksinar. Me håpar me ikkje blir dårlege av vaksinen, seier dei to.

Ingen av dei ynskjer å bli sjuke. – Det er viktig for oss ikkje å utgjera ein smittefare for dei barna som er mellom pasientane våre. Og me vil heller ikkje bli sjuke midt i eksamensløpet, konstaterer dei. Begge har lurt litt på om dei skulle gjera det.

– Då tilbodet kom frå odontologi, kunneme ikkje lata vera å ta imot det, synest dei.

Blei sjuk

Pål Barkvoll har stor forståing for det synspunktet. For vaksinen kom for seint til han.

– Eg fekk svineinfluensa i september, men no er eg på beina igjen. Truleg blei eg smitta under eit opphald i Storbritannia, fortel han.

Emneord: Odontologi, Helsetjenesten, Helse-miljø-sikkerhet (HMS) Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2009 15:22 - Sist endra 9. nov. 2009 00:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere