Forskingsrådet set i desse dagar i gang det dei i ei pressemelding kallar eit kjempeløft for norsk samfunnsforsking. Planen for eit nytt program for Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) er no godkjent av dei styrande organa i Forskingsrådet. Dermed skal tre forskingsprogram verta eitt, og forskingsfeltet skal få nye ressursar. Nærare ein milliard kroner skal brukast til samfunnsforsking dei neste ti åra.
Alf Erling Risa, professor ved Institutt for økonomi på Det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiB er leiar for programstyret.
Vil vidareutvikla velferdssystemet
– Programmet er handlingsretta og skal vidareutvikla det norske velferdssystemet gjennom forskingsbasert kunnskap, seier han.
Den økonomiske, sosiale og normative berekrafta til det norske velferdssamfunnet er sentrale utfordringar i åra framover. Globalisering, sosiale og kulurelle ulikskapar, og ein oljeavhengig økonomi er somme av dei utviklingstrekka forskinga skal setja ljos på, ifølgje pressemeldinga.
– Nye tenkjemåtar
Risa meiner ein vil oppnå ny kunnskap ved å slå saman dei tre forskningsprogramma Velferd, Arbeidsliv og Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner til eitt.
– Ein inviterer forskarar til å forska på felt som kjem i skjeringspunktet mellom dei tre felta, noko som vil vera særs interessant. Til dømes kan ein i Noreg sjå ei bratt sysselsetjingskurve på midten av 2000-talet, med kring 240.000 nye sysselsette. Dette har samanheng med migrasjon, noko som i sin stad kan påverka trygdesystemet vårt. Det nye programmet vil gje nye og gode problemstillingar og forskingsresultat, meiner Risa.
Langsiktig perspektiv
Programmet legg opp til ein makssum på 20 millionar kroner i løyvingar per forskingsprosjekt i inntil fire år. Eit lengre tidssperspektiv og auka ressursar vil gje ei meir oversiktleg forskarframtid, meiner Risa.
– Midlane vil vonleg gjera at ein kan satsa på større forskingsprosjekt der ein kan gå djupare inn i problemstillingane. Me samfunnsforskarar klagar ofte over at me må snu kappa etter vinden for å få økonomisk støtte, men dette vil gjera det lettare å forska med eit meir langsiktig perspektiv, seier Risa.
Torsdag inviterer Forskingsrådet til søkjarkonferanse i samband med utlysing av forskingsmidlar.
Logg inn for å kommentere